Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 47 (2003-2004)

Om innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar mv.

Til innhaldsliste

Del 1
Innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar

3 Politikken for å framskunde gasskraftverk med CO2 -handtering

3.1 Innleiing

3.1.1 Energipolitikken og gasskraftverk med CO2 -handtering

Satsinga på gasskraftverk med CO2 -handtering er eit hovudelement i Regjeringas energipolitikk. Realiseringa av slike gasskraftverk vil kunne gi ei naudsynt styrking av den norske energiforsyninga samstundes som det gjer det mogeleg å nå klimamåla. Det er gjort nærmare greie for politikken for ei miljøvennleg energi­omlegging i St.meld. nr. 18 (2003–2004) om forsyningssikkerheten for strøm mv.

Det er fleire årsaker til at det ligg godt til rette for miljøvennlege gasskraftverk i Noreg. Mellom anna er det grunnlag for utvikling av geologisk lagring av CO2 i reservoar på kontinentalsokkelen. Vidare vil CO2 på sikt kunne bli nytta til auka oljeutvinning eller andre føremål, jf. St.meld. nr. 38 (2003–2004) om petroleumsvirksomheten.

Opplegget for politikken knytt til gasskraftverk med CO2 -handtering blei gitt brei omtale i Sem-erklæringa. I St.meld. nr. 9 (2002–2003) om innenlands bruk av naturgass mv. (Gassmeldinga) la Regjeringa fram ein strategi for å realisere slike gasskraftverk. Stortinget slutta seg i all hovudsak til denne strategien, jf. Innst. S. nr. 167 (2002–2003) og stortingsvedtak nr. 352 (2002–2003). Regjeringas politikk er basert på:

  • statleg stønad til teknologi- og produktutvikling

  • investeringsstønad til fullskala gasskraftverk med CO2 -handtering

  • etablering av ei statleg innovasjonsverksemd

  • utgreiingar for statleg deltaking i utvikling og drift av infrastruktur for CO2 , og førebuing for å bruke CO2 til trykkstøtte, eventuelt deponering

I samband med budsjettet for 2004, heiter det i stortingsvedtak nr. 69 (2003–2004) at innovasjonsverksemda, lagt til Grenland, skulle opprettast i løpet av 2004, og få oppgåver med å få i stand miljøvennlege gasskraftteknologiar, jf. B.innst. S. nr. I (2003–2004).

For å framskunde realiseringa av gasskraftverk med CO2 -handtering, er tilskota til forsking auka monaleg. Dei samla norske FoU-aktivitetane har no eit stort omfang og omfattar ei rekkje teknologiar. Samstundes er det internasjonale samarbeidet styrkt. Ein ser for seg at innovasjonsarbeidet går vidare med eit sterkt innslag av norske aktørar.

3.1.2 Eit eige fond for utvikling av miljøvennlege gasskraftteknologiar

I Gassmeldinga varsla Regjeringa ei styrking av innsatsen for å bringe nye teknologiar vidare frå forskingsstadiet til kommersiell bruk. Denne satsinga er viktig fordi dei auka overføringane til forsking har gjort at fleire miljøvennlege teknologiar er utvikla vidare. For å framskunde fullskala gasskraftverk med CO2 -handtering, vil Regjeringa auke innsatsen for å redusere kostnadene gjennom pilot- og demonstrasjonsanlegg. Slike anlegg er viktige for å utvikle dei mest kostnadseffektive og framtidsretta løysingane for fullskala gasskraftverk. Men pilotanlegga har sjølv høge kostnader, og dei krev langsiktig og stø oppfølging. Regjeringa ser det derfor som viktig at det blir etablert eit robust opplegg for dei stønadsordningane som verksemda skal forvalte.

I Revidert nasjonalbudsjett for 2004 la Regjeringa fram forslag om å opprette ei statleg innovasjonsverksemd som mellom anna skal gi stønad til pilotar for gasskraftverk med CO2 -handtering, jf. St.prp. nr. 63 (2003–2004). Verksemda skal lokaliserast til Grenland. Det blei fremja forslag om å etablere eit fond på 2 milliardar kroner etter modell av Fondet for forsking og nyskaping, der avkastinga skal tildelast gjennom den nye innovasjonsverksemda. Regjeringa vil òg vurdere eventuelle fullmakter og løyvingar ut over avkastinga frå fondet for å sikre tilstrekkeleg finansiering av aktuelle pilotprosjekt.

3.2 Utvikling av miljøvennlege gasskraftteknologiar

3.2.1 Stønadsordningane for miljøvennlege gasskraftteknologiar

Den offentlege innsatsen for forsking på miljøvennlege gasskraftteknologiar er i hovudsak organisert gjennom programma i Noregs forskingsråd. Forskingsrådet utformar forskingspolitikken og forvaltar tildelingar til forsking ut frå dei retningslinene som Regjeringa og Stortinget trekkjer opp.

Forskinga på og utviklinga av teknologiar for gasskraft med CO2 -handtering rettar seg i hovudsak inn mot:

  • reinseteknologiar

  • handtering av CO2

Reinseteknologi omfattar forbetring av noverande og nye teknologiar for kraftproduksjon med reinsing eller utskilling av CO2 . CO2 -handtering inkluderer transportløysingar, deponering i geologiske saltvassreservoar, som Sleipner-feltet, og bruk av CO2 til for eksempel auka oljeutvinning. I 2004 er omlag 80 prosent av midlane retta mot reinseteknologi. Dei øvrige midlane går til deponering eller bruk av CO2 .

Forskingsrådet får midlar til forsking på CO2 -relaterte problemstillingar frå Olje- og energidepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Desse midlane blir forvalta gjennom Klimateknologi-programmet (KLIMATEK), som blei starta i 1997. Dette programmet blei frå 2000 spesielt retta mot utvikling av teknologi for gasskraftverk med CO2 -handtering. Regjeringa auka dei årlege tilskota til KLIMATEK frå 20–25 millionar kroner dei første åra, til omlag 65 millionar kroner i 2002. Løyvinga til KLIMATEK for 2004 er på 58 millionar kroner. Om lag 50 millionar kroner er øyremerkt til utvikling av gasskraftverk med CO2 -handtering, jf. figur 3.1.

Olje- og energidepartementet har i tillegg ei eiga stønadsordning for pilot- og demonstrasjonsprosjekt.

Til saman er det gitt 205 millionar kroner i offentleg stønad spesielt retta mot utvikling av teknologiar for gasskraftverk med CO2 -handtering sidan 1997.

Figur 3.1 Offentleg stønad til utviklinga av teknologiar for
 gasskraftverk med CO2
 -handtering

Figur 3.1 Offentleg stønad til utviklinga av teknologiar for gasskraftverk med CO2 -handtering

Kjelde: Noregs Forskingsråd og Olje- og energidepartementet

Omlag 30 FoU-prosjekt retta mot gasskraftverk med CO2 -handtering har fått stønad. Den industrielle medfinansieringa i prosjekta ligg på 150–200 millionar kroner.

Frå 2004 er Forskingsrådet si satsing på miljøvennlege gasskraftteknologiar blitt ein del av programmet RENERGI. Dette programmet skal utvikle kunnskap og løysingar som grunnlag for miljøvennleg, økonomisk og rasjonell forvalting av energiressursane, ei sikker energiforsyning og internasjonalt konkurransedyktig næringsutvikling i energisektoren. Budsjettet for RENERGI i 2004 er på omlag 160 millionar kroner.

Norske selskap og forskingsinstitusjonar tek del i fleire samarbeidsprosjekt med partnarar frå EU-land. Norske aktivitetar får stønad til teknologiutvikling gjennom EUs 6. rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Mellom anna tek norske selskap del i store prosjekt kor det blir satsa meir enn 400 millionar kroner over fem år til teknologi for CO2 -handtering. Eitt av prosjekta går til dømes ut på å redusere kostnader for utskilling av CO2 frå eksosgass ved kraftproduksjon, og samle røynsler frå underjordisk lagring av CO2 .

3.2.2 Arbeidet med utvikling av gasskraftteknologiar

Norske aktørar har i lang tid arbeidd med gasskraftløysingar som kan gi lågare utslepp av CO2 enn dei konvensjonelle løysingane. Aker Kværner, Norsk Hydro og Statoil har satsa på å utvikle teknologiar for CO2 -handtering i Noreg, jf. boks 3.1. Norsk Hydro brukar mykje ressursar på utvikling av ny teknologi for kraftproduksjon med CO2 -utskilling. Innsatsen til Statoil rettar seg mellom anna mot CO2 -lagring. Statoil har ein internasjonal posisjon gjennom aktiviteten på Sleipner og CO2 -skipstransport. Større leverandørselskap har også arbeidd med ulike teknologiar, men dei synest å vente med den vidare aktiviteten på området.

Ved sida av dei større norske energi- og leverandørselskapa, har nokre norske kraftleverandørar synt auka interesse for utvikling av gasskraftverk med CO2 -handtering. I tillegg har fleir mindre selskap interessante opplegg.

Boks 3.1 Eksemplar på norske satsingar på utvikling av CO2 -handteringsteknologi

Aker Kværner

  • Utvikling og pilotdemonstrasjon av ein ny reinseteknologi (membran-kontaktor). Prosjektet blir vurdert som vellukka, men det er førebels for tidleg med ei kommersiell realisering av teknologien.

  • Oksygenfyrt gasskraftverk med CO2 -reinsing (HiOx). Prosjektet ventar med vidare oppfølging på grunn av kommersiell uvisse.

Norsk Hydro

  • Demonstrasjon av membran-reaktormodul for gasskraft med CO2 -utskilling (AZEP). Prosjektet har planlagt pilotdemonstrasjon i 2007.

  • Kvalifisering av Hydrokraft (gasskraft med hydrogenfyrt turbin). Prosjektet er førebels lagt på is av kommersielle årsaker.

Statoil

  • Verifisering og dokumentering av sikker geologisk lagring av CO2 (Sleipner). Sidan 1996 har CO2 blitt skilt ut frå naturgass frå Sleipner Vest. Om lag éin million tonn CO2 blir årleg pumpa ned og lagra i sandsteinsformasjonen Utsira. CO2 -lagringa blei i 2000 verifisert av Statoils SACS-prosjekt.

  • Transport av CO2 i skip.

I tillegg har fleire mindre føretak prosjekt knytt til vurderingar av nye teknologikonsept med ulik teknologisk modning og ulikt tidsperspektiv og risiko.

Parallelt med den industrielle aktiviteten for å utvikle nye teknologiar, blir det bygd opp meir langsiktig kompetanse ved universiteta og forskingsinstitutta. Dei sentrale miljøa er NTNU og SINTEF, Institutt for energiteknikk, Christian Michelsen Research, Universitet i Bergen og Universitetet i Oslo. Det blir forska på grunnleggjande kompetanse og nye teknologiar knytt til reinsing eller utskilling av CO2 , på kompetanse innan lagring av CO2 i geologiske reservoar og bruk av CO2 til auka oljeutvinning. Prosjekta er langsiktige, og fungerer dels som vidareutdanning av forskarar. Denne kompetansebygginga er viktig for Noregs evne til å evaluere, kvalifisere, demonstrere og ta i bruk nye gasskraftteknologiar.

3.2.3 Utprøving i pilot- og demonstrasjonsanlegg

Det er fleire oppgåver som må løysast før ein kan gjere ei sikker vurdering av kva for teknologiar for CO2 -handtering som er dei beste for fullskala drift. Når fleire prosjekt har vært gjennom perioden med grunnforsking, vil det bli eit større tilfang av prosjekt som rettar seg mot utprøving, demonstrasjon og pilotar. Hittil har slike prosjekt blitt støtta av Forskingsrådet.

Den viktigaste oppgåva i det vidare arbeidet med å få fram miljøvennlege gasskraftteknologiar, er å redusere kostnadene ved dei ulike teknologikonsepta, og å etablere store nok marknader for slike teknologiar. Utprøving av teknologiane i pilot- og demonstrasjonsanlegg er naudsynt for å redusere kostnadene og den teknologiske risikoen ved fullskala drift. Å få fram desse anlegga krev andre verkemiddel enn dei som brukast i forskinga. Prosjekta er større, og krev finansiering i eit langt større omfang enn det FoU-programma er laga for. Mellom anna vil det vere ei utfordring å sikre større medverknad frå leverandørindustrien enn i dag.

3.2.4 Internasjonalt samarbeid

Eit aukande internasjonalt samarbeid om utvikling av miljøvennlege gasskraftteknologiar er avgjerande fordi dei viktigaste leverandørane av slik teknologi ikkje er norske. Det er òg svært viktig at det blir satsa på gasskraftverk med CO2 -handtering i fleire og større marknader enn i Noreg. Den norske marknaden er på langt nær stor nok til å fremje ei tilstrekkeleg teknologiutvikling med tanke på kommersialisering. Utfordringane knytt til utvikling og bruk av slike teknologiar er internasjonale, og mogelege løysingar vil utvikle seg best ved eit internasjonalt samarbeid. Noreg har mellom anna gått inn i eit samarbeid med styresmaktene i EU, Japan og USA, jf. boks 3.2.

Dei internasjonale energi- og miljøpolitiske vilkåra er viktige for aktørane si interesse for å utvikle og ta i bruk miljøvennlege gasskraftverk. Reguleringar av fossil kraftproduksjon gjennom internasjonale kvotesystem vil for eksempel auke lønsemda til miljøvennlege gasskraftteknologiar. Tilsvarande vil òg andre reguleringar av energimarknadene kunne vere viktige for den vidare prioriteringa av teknologiutvikling på dette området. Innsatsen for å utvikle og realisere fullskala gasskraftverk med CO2 -handtering er avhengig av rammevilkåra og aktiviteten internasjonalt.

Boks 3.2 Internasjonalt samarbeid

Carbon Sequestration Leadership Forum (CSLF)

Norske styresmakter gjekk i juni 2003 inn i eit internasjonalt samarbeid med 12 andre land og EU for å utvikle teknologiar for CO2 -handtering, medrekna utvikling av teknologiar knytt til utskilling, lagring og bruk av CO2 . Samarbeidet kom i stand på bakgrunn av eit amerikansk initiativ, og omfattar no blant andre USA, Japan, Storbritannia, Tyskland, India, Kina, Brasil og Sør-Afrika. CSLF tek sikte på å styrke det internasjonale samarbeidet om å vidareutvikle, demonstrere og kommersialisere ulike teknologiar og teknikkar for CO2 -handtering.

Frå norsk side er det lagt vekt på at CSLF skal fokusere på teknologisk utvikling gjennom forskings- og utviklingssamarbeid. Det blir føresett at samarbeidet ikkje blir framstilt som eit alternativ til Kyotoprotokollen eller andre internasjonale klimaavtalar med bindande utsleppsplikter.

Olje- og energidepartementet legg vekt på høva dette internasjonale samarbeidet kan gi norske aktørar til å vidareutvikle naudsynt teknologi og kompetanse ved utskilling og bruk av CO2 . Det blir også lagt vekt på at relevante aktørar i Noreg har kompetanse og erfaring å tilby inn i dette samarbeidet. CSLF arbeider i dag med oppfølginga av fleire innkomne forslag til samarbeidsprosjekt, mellom anna frå Noreg.

CO2 Capture Project (CCP)

I CCP samarbeidde Norsk Hydro og Statoil med åtte internasjonalt leiande aktørar frå petroleums- og energiindustrien, forskingsmiljø og leverandørindustrien om å identifisere og utvikle kostnadseffektive teknologiar for kraft­produksjon med lagring av CO2 i geologiske formasjonar. I fase 1 av prosjektet (2000–2003) er det mellom anna vidareutvikla lovande teknologiar som har potensial for å redusere kostnadene ved CO2 -utskilling med 50–75 prosent. Fase 2 (2005–2007) er under planlegging, og mogeleg vidare deltaking frå norske aktørar blir vurdert.

Bilateralt forskingssamarbeid

Noreg tek òg del i bilaterale forskingssamarbeid med forskjellige land innanfor energi­sektoren. I likskap med dei større internasjonale samarbeida, er bilaterale avtalar viktige for å sikre at aktørar i Noreg kan få betre kjennskap med og tilgang til arbeidet med å utvikle nye energiteknologiar i andre land. I gjengjeld kan Noreg tilby høy kompetanse og erfaringar knytt til fleire energiområde, for eksempel utskilling og lagring av CO2 frå naturgass og fornybar energiproduksjon.

3.3 Den nye innovasjonsverksemda

3.3.1 Innleiing

I Gassmeldinga blei opprettinga av ei statlig innovasjonsverksemd lagt til grunn som eit hovudelement i strategien for gasskraftverk med CO2 -handtering. Innovasjonsverksemda blei føresett lagt til Grenland. Ved behandlinga av gassmeldinga fekk Regjeringa tilslutning for dette forslaget. Stortinget bad Regjeringa om å komme tilbake med ein plan for ei om mogeleg raskare etablering av verksemda enn det som var lagt til grunn og eit forslag til kapitalisering og utvida verkeområde for verksemda, medrekna hydrogen og eventuell petrokjemi, jf. vedtak nr. 352 for 2002–2003.

3.3.2 Vurderingar av verkeområdet

Vurderinga av verkeområde inneber avgrensingar knytt til kva for teknologiar og fagområde som skal inngå i teknologiprogrammet til verksemda. I denne samanhengen må ein og vurdere stønadsordningar til den nye verksemda i høve til eksisterande stønadsordningar på dei ulike områda. Slike stønadsordningar vert forvalta av Forskingsrådet, Enova og Innovasjon Norge.

Gasskraft med CO2 -handtering

Ei vellukka satsing på gasskraft med CO2 -handtering gjennom forsking, utprøving og demonstrasjonsanlegg krev målretta innsats i alle ledd. For å medverke til nødvendig kompetansebygging og framdrift, bør innovasjonsverksemda ha fokus på utvikling av slike teknologiar. Regjeringa vil derfor at satsing på utvikling og utprøving av teknologiar for gasskraft med CO2 -handtering skal vere hovudoppgåva for verksemda.

Gasskraft med CO2 -handtering omfattar:

  • CO2 -fanging før, undervegs i, eller etter kraftproduksjon

  • kompresjon av CO2 -gassen

  • transport av CO2

  • langtidslagring av CO2 i form av anten injeksjon, deponering eller andre bruksområde

Innanfor Forskningsrådets program for gasskraft med CO2 -handtering har ein gitt stønad til ulike prosjekt. Prosjekta om CO2 -fanging er knytt til forbetring av kraftproduksjonen. Mellom anna finst det prosjekt om separasjon av CO2 knytt til tradisjonell reinsing av røykgass, reinsing før forbrenning, integrerte løysingar og brenselceller. For lagring og bruk av CO2 er aktuelle prosjekt knytt til transportløysingar og infrastruktur, lagring i geologiske formasjonar, og bruk av CO2 til auka olje- og gassutvinning (EOR) eller i industrielle prosessar. Løysinga for gasskraft med CO2 -handtering krev utvikling av teknologiane innan alle de aktuelle områdene. Det inneber at utskiljing av CO2 må sjåast i samanheng med arbeidet med teknologiar for deponering.

Samtidig som verksemda må fokusere på teknologiar for gasskraft med CO2 -handtering, er det føremålstenleg å sjå andre gassteknologiar som har grenseflater mot CO2 -handtering i samanheng, slik det òg blir gjort i programma til Forskingsrådet i dag.

Hydrogen og Hydrogenutvalet

Fagområdet hydrogen har grenseflater mot gasskraft med CO2 -handtering. Både hydrogen og gasskraft med CO2 -handtering kan ha utgangspunkt i at CO2 vert skilt ut frå naturgass. Ein stor del av FoU-aktivitetane innanfor gasskraft med CO2 -handtering har grenseflater mot hydrogen. Mellom anna er enkelte av dei aktuelle teknologikonsepta basert på omforming av naturgass til CO2 og ein hydrogenrik gass, der hydrogengassen blir brunne i ein turbin eller blir konvertert til strøm i ei brenselcelle.

Ei norsk satsing på utvikling av hydrogenløysingar står overfor mange liknande utfordringar som teknologiutviklinga knytt til gasskraft med CO2 -handtering. Teknologikonsepta er kostbare i bruk, og må utviklast vidare før dei kan få ei større utbreiing. Norsk teknologi er langt framme innanfor viktige nisjar av hydrogenområdet som produksjon av hydrogen og lagring av hydrogen i faste stoff. Føresetnadene for vidareutvikling av hydrogenteknologi i Noreg er gode på desse områda. Mellom anna har ein god tilgang på naturgass som kjelde for hydrogenproduksjon, høve til deponering av CO2 og lang erfaring frå storskala produksjon av hydrogen og kompetanse på hydrogenløysingar, både i industrien og i fleire FoU-miljø.

Ein god del av forskings- og utviklingsoppgåvene for hydrogen har på den andre sida lite å gjere med CO2 -handtering. Distribusjon, lagring og sluttbruk av hydrogen vil ha andre typar faglege utfordringar, og dermed innebere andre forskingsoppgåver. Det same gjeld produksjon av hydrogen frå andre energikjelder enn naturgass, til dømes fornybare energikjelder.

Gassteknologiutvalet tilrådde at hydrogen burde inkluderast i arbeidsområdet til innovasjonsverksemda. På same måte som for gasskraft med CO2 -håndtering, blei det peikt på at ei vellukka langsiktig satsing på hydrogenområdet krev kompetansebygging i Noreg gjennom prøveordningar og gjennomføring av demonstrasjonsprosjekt.

Hydrogenutvalet la fram sin rapport 1. juni, jf. boks 3.3. Utvalget har foreslått fire konkrete satsingsområde som bør prioriterast i ei norsk hydrogensatsing:

  • miljøvennleg produksjon av hydrogen frå norsk naturgass

  • tidlege brukarar av hydrogenkøyretøy

  • lagring av hydrogen

  • utvikling av ei hydrogenteknologinæring

Det er vidare foreslått konkrete mål for satsinga. Utvalet meiner at det er innan transportsektoren at hydrogen vil kunne bli brukt i utstrekt grad i Noreg. Bruk av hydrogen i den stasjonære energiforsyninga vil kunne kome i enkelte nisjeområde.

Det blir tilrått å opprette eit hydrogenprogram for forsking, utvikling og demonstrasjon. Programmet må ta utgangspunkt i gjeldande verkemiddelapparat, i fyrste rekkje i Forskingsrådet og det nye innovasjonverksemda i Grenland, men også Vegdirektoratet og Innovasjon Norge. Det blir tilrått å opprette eit programstyre som blir gjort ansvarlege for den strategiske og operative delen av programmet. Utvalget foreslår at programmet skal ha ei lengd på 10 år med om lag 825–975 millionar kroner over perioden. Det blir foreslått at finansieringa av programmet blir kanalisert gjennom berørde departementa sine budsjett, dvs. OED, SD og NHD.

Når rapporten har vore på høyring, vil departementet komme tilbake til korleis utviklinga av hydrogen i Noreg skal organiserast.

Boks 3.3 Hydrogenutvalet

Hydrogenutvalet blei utnemnt ved kongeleg resolusjon 20. juni 2003. Utvalet skal ha som mandat å formulere nasjonale mål og nødvendige tiltak for å utvikle hydrogen som energiberar og verkemiddel for innanlands verdiskaping og betre miljø. Utvalet skal identifisere behov for offentleg medverknad og rammevilkår, og skal foreslå ansvarsforhold, organisering, ressursbehov og fagleg innhald for eit nasjonalt hydrogenprogram. Programmet skal omfatte hydrogen både til stasjonært bruk og til transportformål.

Utvalet la fram si innstilling 1. juni 2004.

Petrokjemi som ein del av verksemda?

Det er lagt ned eit omfattande arbeid knytt til forsking og utvikling av den petrokjemiske industrien i Noreg. Norsk Hydro gjennom mange år bygd opp eit forskingsmiljø knytt til petrokjemiske prosessar i Grenland. Utfordringane i samband med forsking og utvikling på dette området er i hovudsak knytt til forbetring av produkt og prosessar. Petrokjemi har til no vore inkludert i forskjellige forskingsprogram saman med andre prosessindustrielle prosjekt. I tillegg har dei tidlegare SPUNG- og NATURGASS-programma i Forskingsrådet til ein viss grad dekka dette området.

For petrokjemi synest det ikkje å vere grunnlag for ei tilsvarande teknologisk samordning i ein utprøvings- og demonstrasjonsfase som det til dømes er for gasskraft med CO2 -handtering og hydrogen. Til forskjell frå desse områda er det i dag ein etablert petrokjemisk industri i Noreg som opererer i ein internasjonal marknad. I ein kommersiell marknad med sterk konkurranse mellom store aktørar vil det vere andre utfordringar i høve til forsking og utvikling enn det som er tilfelle for hydrogen og gasskraft med CO2 -handtering. Dette legg òg føringar for kva type stønadsordningar som er aktuelle for å bidra til utviklinga av ny teknologi i denne type verksemd. Forsking og utvikling innan petrokjemi må ha stor fokus på korleis teknologiutviklinga har betre lønsemda i ein internasjonal marknad.

Utviklinga av gasskraft med CO2 -handtering vil krevje løysingar på område som turbinutvikling, avfallshandtering og ulike kjemiske prosessar. Petrokjemi vil dermed inngå i verksemda som ein naturleg del av prosjekta der teknologiane baserer seg på prosessar som fell inn under dette området.

Det er Olje- og energidepartementet si vurdering at forsking og utvikling av petrokjemi bør skje gjennom andre innovasjonsprogram som i større grad kan fokusere på internasjonale marknadsforhold og det kommersielle utviklingsbehovet til prosessindustrien enn det som vil vere naturleg for innovasjonsverksemda. Ei vellukka utvikling mot kommersialisering av teknologiar for gasskraft med CO2 -handterering, krev at innovasjonsverksemda må konsentrere seg om dette området.

3.3.3 Oppgåver for innovasjonsverksemda

Dei som arbeider med å utvikle teknologiar for miljøvennleg bruk av gass, har peika på at det er særleg viktig med ein samanhengande verkemiddelbruk for forsking, pilotprosjekt, teknologidemonstrasjon og kommersialisering av teknologi for gassbruk. Gassteknologiutvalet tilrådde i sin rapport at det blei etablert ei statleg innovasjonsverksemd med ansvar for å:

  • koordinere og samordne dei ulike aktivitetane og fasane i innovasjonskjeda (forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering) for miljøvennlege gassteknologiar

  • delfinansiere prosjekt med eit klart kommersielt potensiale og ein marknadsbasert forretningsplan

Stønad til utprøving av miljøvennlege gassteknologiar

Føremålet til innovasjonsverksemda skal vere å stimulere til utviklinga av kostnadseffektive teknologiløysingar for gasskraft med CO2 -handtering. Hydrogen kan òg bli eit arbeidsområde for verksemda. Gjennom ulike stønadsordningar skal verksemda delfinansiere prosjekt med eit kommersielt potensial.

Verkeområdet må avgrensast i høve til dei aktivitetane som Forskingsrådet, Enova og Innovasjon Norge skal støtte i sine program.

Det er lagt opp til at Forskingsrådet skal gi stønad til den langsiktige forskinga på området og tidlege fasar for utprøving av prosjekta. Innovasjonsverksemda skal støtte prosjekt som i utvikling ligg mellom forsking og kommersielle anlegg til dømes pilot- og demonstrasjonsanlegg.

Testing av teknologiar i slike anlegg representerer ofte det siste utviklingsstadiet før ein vurderer å skalere opp teknologiane til kommersiell storleik. Utprøvingar av denne typen er kostbare og krev omfattande oppfølging både fagleg og finansielt. Det vil derfor ikkje vere mange teknologiar som er aktuelle å ta vidare til større pilotanlegg.

Verksemda skal ha fokus på å drive fram dei mest kostnads- og utsleppseffektive teknologikonsepta. I ein tidleg fase må likevel satsinga på forsking og utprøving av prosjekter vere vid. Ei slik breidd har programma til Forskingsrådet og ein rekkje av dei ulike teknologikonsepta har allereie fått stønad gjennom desse programma. Det er viktig at prosjekta som går vidare til utprøving er tilstrekkeleg kvalifisert gjennom tidlegare forskings- og utviklingsprosjekt. Det er derfor viktig å oppretthalde satsinga som Forskingsrådet har ansvaret for i dag.

Samstundes som det er naudsynt å vere open i forhold til mange teknologikonsept, må innovasjonsverksemda gi ei klar retning på satsinga som skal drive teknologiane framover i seinare fasar av utviklinga. I utprøvingsfasen vil det òg vere naudsynt med eit sterkare krav til industriell deltaking frå brukarar og leverandørar både nasjonalt og internasjonalt.

Aktørane i denne marknaden vil velje å utvikle dei mest konkurransedyktige teknologiane med sikte på størst mogeleg lønsemd. Det er derfor viktig at innovasjonsverksemda skapar rom for ein kommersielt basert teknologiprosess. Innovasjonsverksemda må avgjere kva som er mest formålstenleg både med omsyn til val av teknologi, demonstrasjonsstorleik og plassering av dei konkrete prosjekta. Det er viktig at verksemda nyttar internasjonale nettverk og referansar i teknologivurderingane.

Nærmare om dei rettslege rammene for statleg stønad

Kostnadene i samband med utvikling av teknologi til gasskraftverk med CO2 -handtering vil auke utover i innovasjonskjeda. Dei største kostnadene vil vere knytt til realiseringa av storskala, kommersiell teknologi for CO2 -handtering. Tilsvarande vil òg behovet for statleg støtte kunne auke når ein flytter seg frå grunnforsking til utprøving i større demonstrasjonsanlegg. Rammene til styresmaktene for å kunne gi stønad vil vere meir avgrensa dess lenger ut ein kjem i teknologiutviklinga.

Reglane om offentleg stønad i EØS-avtalen gir klare avgrensingar av mogelege stønadsordningar for utvikling av gasskraftverk med CO2 -handtering. EØS-avtalen har i utgangspunktet eit forbod mot statsstønad. Stønad kan likevel vere lovlig dersom særskilde vilkår gjeld, til dømes om stønaden går til forsking og utvikling og miljøstønad. Nye stønadsordningar må meldast til ESA og godkjennast før dei kan settast i verk.

Aktivitetane til innovasjonsverksemda vil primært bli retta inn mot slutten av FoU-fasen, før det eventuelt blir investert i storskala anlegg. Aktuelle verkemiddel i teknologiutviklingsfasen er ulike former for finansiell stønad til FoU. Slik stønad kan ein gi til offentlege eller private institusjonar og verksemder. Om den offentlege stønaden blir løyva direkte over statsbudsjettet, gjennom eit statleg innovasjonsverksemd, Forskningsrådet eller andre, speler mindre rolle for vurderinga av om slik stønad skal reknast som statsstønad ut i frå reglane i EØS-avtalen.

Retningslinjene for statsstønad har avgrensingar av stønadsnivået. Det vil avhenge av kor nær teknologiutviklinga er kommersiell verksemd. Vidare vil det lovlige nivået på stønaden avhenge av kva for ei verksemd som mottek stønad: Dess større verksemda er, dess mindre stønad. Også lokaliseringa til verksemda speler ei rolle for stønaden: Verksemder i regionar med rett til stønad vil kunne ta i mot meir stønad enn andre. Dersom eit aktuelt prosjekt er av felles europeisk interesse, kan stønaden òg bli større. I denne samanhengen kan ein vise til EUs sjette rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Eit av måla til dette programmet er å gi stønad til prosjekt som medverkar til eit reinare energisystem.

Offentleg stønad til utvikling av gasskraft med CO2 -handtering i ein demonstrasjons- eller pilotfase kan falle saman med spesielle stønadskategoriar som ESA bruker i sine retningslinjer for vurdering av statsstønad. I tråd med dette, kan ein maksimalt motta stønad på 25–50 prosent av kostnadene for prosjekta i demonstrasjonsfasen.

Det er òg tillatt å organisere offentlege bidrag til teknologiutvikling gjennom statlege kjøp av forskingstenester frå industrien, eller utføre forskinga sjølv. Ved kjøp av forskingstenester blir staten eigar av teknologien som blir utvikla. Dersom staten kjøper forsking, vil staten stå fritt til seinare å frigjere rettane til samfunnet utan at det treng å vere statsstønad.

Ein samordna satsing på miljøvennlege gasskraftteknologiar

Gasskraft med CO2 -handtering inneber ny teknologi, sjølv om delar av konsepta kan vere baserte på kjend teknologi. I praksis er det ikkje mogeleg å trekkje eit klart skilje mellom forsking og utvikling eller utprøving. Demonstrasjonsprosjekt for gasskraft med CO2 -handtering kan innebere vesentleg teknologisk risiko, og vil i mange tilfelle krevje mykje forsking og utvikling. Det vil vere naturleg å følgje opp demonstrasjonsprosjekt med forskings- og utviklingsprosjekt. Dette vil òg kunne gi større utbytte av dei einskilde demonstrasjonsprosjekta.

Ei vellukka utvikling av teknologiane krev tette band og eit sterkt samspel mellom dei ulike fasane. Det bør leggjast til rette for ein mest mogeleg gjennomgåande verkemiddelbruk i dei forskjellige fasane av teknologiutviklinga. Det er derfor avgjerande at det blir etablert ein organisasjonsmodell med tett samvirke mellom Forskingsrådet og innovasjonsverksemda. Utviklinga og framdrifta i teknologiane skal kunne evaluerast av eit samla støtteapparat med kompetanse langs heile innovasjonskjeda. Dette vil sikre ein breiare basis for vurderinga av demonstrasjonsprosjekt, slik at dei beste teknologiane får stønad. Organiseringa bør òg medverke til at dei som har teknologiske løysingar i størst mogeleg grad møter alle brukarinteressane innanfor det same systemet. Den endelege utforminga av ein slik organisering skal skje i samarbeid med Forskingsrådet.

Det skal opprettast et eige gassteknologistyre som skal ha ein rådgjevande funksjon i høve til innovasjonsverksemda og Forskingsrådet si satsing innanfor miljøvennlege gasskraftteknologiar. Fagstyret skal mellom anna ha representantar peikt ut av Forskingsrådet og innovasjonsverksemda.

Innovasjonsverksemda skal vere nettverksbyggjar og etablere nødvendig kontakt og samarbeid med ulike aktørar og forskingsmiljø. Ei vellukka utvikling av miljøvennlege gassteknologiar er avhengig av eit omfattande samabeid med internasjonale aktørar og brukarar. Innovasjonsverksemda skal syte for dette samarbeidet.

Olje- og energidepartementet vil òg ha merksemd på arbeidsområdet til innovasjonsverksemda i høve til dei aktivitetane som blir støtta av Enova og Innovasjon Norge.

Den primære målsetjinga til Energifondet og Enova er å utvikle marknaden for effektive energiløysingar og miljøvennlege energikjelder gjennom løyving av tilskotsmidlar til mellom anna forbrukstiltak, vindkraft, miljøvennleg varme. I tillegg forvaltar Enova ein eigen post for tildeling av stønad til infrastruktur for naturgass. Enova sine aktivitetar er i første rekkje retta mot å støtte marknadsnære løysingar som skal hjelpe til å utløyse størst mogeleg grad av omlegging av energibruk- og produksjon. Det synest derfor ikkje å vere behov for særskild tilrettelegging mellom innovasjonsverksemda og Enova.

Innovasjon Norge blei etablert 1. januar 2004 og har erstatta verksemda i dei fire tidlegare institusjonane SND, Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens rettleiingskontor for oppfinnarar. Etableringa av selskapet blei vedteken av Stortinget ved behandlinga av St.prp. nr. 51 (2002–2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv den 18. juni 2003. Reorganiseringa av verkemiddelapparatet med etableringa av Innovasjon Noreg og ein felles brukarfront ovanfor kundane er eit viktig element i Regjeringa sin innovasjonspolitikk.

Opprettinga av en nye innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar vil ha liten verknad på Innovasjon Noreg sine oppgåver og aktivitetar. Det er likevel viktig med samarbeid og koordinering av aktivitetar og stønadsordningar mellom institusjonane.

Innovasjon Norge har eit omfattande nettverk gjennom sine regionale og internasjonale kontor. Desse kontora er ein arena for møtet mellom verkemiddelapparatet og brukarane. Den nye innovasjonsverksemda bør i størst mogeleg grad gjere nytte av dette nettverket, til dømes i samband med internasjonale aktivitetar.

3.3.4 Organisering og finansiering

Det har vore ein føresetnad at innovasjonsverksemda skal vere statleg eigd for å sikre habilitet og sjølvstende i vurderingane verksemda gjer. I vurderinga av organisasjonsløysingar har det òg vore vektlagt at verksemda i hovudsak skal ha forvaltningsfunksjonar, samtidig som det er ønskeleg å sikra sjølvstende for verksemda på ulike område.

Ut frå dette er det vurdert at det er formålstenleg å organisere innovasjonsverksemda som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Denne organisasjonsforma har særleg vore nytta for verksemder med ei nær statleg tilknyting, til dømes gjennom at dei løyser samfunnsoppgåver og har ei omfattande statstilknyting økonomisk. Organisasjonsforma har dei seinare åra blitt nytta for fleire organ innan forskingssektoren. I dag er mellom anna Forskingsrådet og ei rekkje andre institusjonar innan forskings- og utdanningssektoren organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

Organet skal vere underlagd Olje- og energidepartementet. Departementet vil sikre organet ei sjølvstendig rolle gjennom særlege fullmaktar, på linje med andre forvaltningsorgan som er organisert på denne måten. Regjeringa vil komme attende med forslag til fullmakter i budsjettet for 2005.

Verksemda skal arbeide mål- og resultatretta og ta ei marknadsnær pådrivarrolle for heile innovasjonskjeda knytt til utvikling av miljøvennleg gasskraftteknologi. Verksemda vil ha forvaltningsoppgåver knytt til tildeling av stønad til prosjekta og skal mellom anna medverke til å utforme eit nasjonalt gassteknologiprogram. Det blir lagt vekt på at organet må få stor grad av fagleg sjølvstende. Verksemda skal òg fungere som rådgjevar for departementet. Forvaltningsorganet kan få i oppdrag å delta i relevante samarbeidsprosjekt internasjonalt og nasjonalt, som representant for styresmaktene. Verksemda vil ha eit fåtal tilsette og vil i hovudsak basere seg på personell med særskild kompetanse på fagområdet.

Regjeringa legg opp til at organet skal vere oppretta innan årsskiftet 2004–2005. I samband med planlegginga og førebuinga av etableringa av forvaltningsorganet, blei det i Revidert nasjonalbudsjett fremje forslag om 1 million kroner for 2. halvår 2004. Regjeringa vil komme attende med utgifter til etableringa og drifta av verksemda i budsjettet for 2005. Frå og med 2005 vil driftsutgiftene dekkje eige personell og leige av eksterne tenester og konsulenttenester. Vidare treng den nye verksemda kontorlokale og naudsynt infrastruktur.

Ein nærmare omtale av organiseringa av verksemda vil bli gitt i St.prp. 1 (2004–2005).

Finansiering

Vegen fram til ein demonstrasjonsfase og vidare utprøving krev langsiktig satsing og stabilitet i finansieringa av teknologiutviklinga. Finansieringa av verksemda vil skje gjennom opprettinga av eit fond, der innovasjonverksemda forvaltar avkastninga av fondet etter same modell som Fondet for forsking og nyskaping som ble etablert i 1999. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004 blei det fremja forslag om å opprette eit fond på 2 milliarder kroner frå 1. juli 2004. Regjeringa vil vurdere mogeleg ekstra finansiering utover avkastninga til fondet til konkrete prosjekt for å sikre naudsynt framdrift i teknologiutviklinga.

Ei mogeleg opptrapping av offentlege midlar må skje i takt med forskingsinstitusjonane og industrien si evne til å byggje kompetanse og kapasitet. Naudsynt finansiering av eit gassteknologiprogram vil kunne endre seg over tid, avhengig av aktiviteten og utviklingstakten for teknologiar for gasskraft med CO2 -handtering, og ei eventuell seinare utviding av verksemda til òg å omfatte hydrogen eller andre miljøvennlege gassteknologiar.

Midlane til det nye fondet vil bli plassert som kontolån til staten, med ei rente tilsvarande renta på langsiktige statsobligasjonar. Det er viktig at fondet blir innretta slik at dei ressursane som ein kan nytta, ikkje svekkjer kontrollen som Regjeringa og Stortinget må ha over staten sine utgifter og inntekter. Av omsyn til dette vil avkastninga frå fondskapitalen årleg førast inn på statsbudsjettet si inntektsside og tilsvarande løyvast på statsbudsjettet si utgiftsside, hovudsakleg som overføring til forvaltningsorganet. I tillegg vil avkastninga og overføringa frå fondet bli registrert i fondet sitt særrekneskap. Den årlege avkastninga frå fondet blir disponert i etterfølgjande budsjettår og vil bli budsjettert frå og med statsbudsjettet for 2005.

Den årlege avkastningen på fondet blir motsvart av tilsvarande auke i renteutgifter på staten si gjeld. Renteutgiftene blir dermed ein del av dei årlige statlege utgiftene.

Til toppen
Til forsida av dokumentet