Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 8 (2007-2008)

Kulturell skulesekk for framtida

Til innhaldsliste

1 Bakgrunnen for og innhaldet i meldinga

1.1 Kulturløftet og verdien av ein kulturpolitikk for born og unge

Regjeringa har som mål at Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet. Målet er at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014. Gjennom å auke støtta til kulturføremål ynskjer regjeringa å plassere kunst og kultur i sentrum av samfunnsutviklinga.

Det er eit hovudmål å medverke til gode vilkår for å skape og formidle kunst og kultur. Alle skal få tilgang til kunst- og kulturopplevingar og høve til å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur uavhengig av kjønn og geografiske, sosiale og økonomiske skiljeliner. Kunst og kultur er ressursar som bør vere tilgjengelege for alle.

Kunst og kultur kan utfordre etablerte tankemønster og gje ei alternativ forståing av verda. Kunst og kultur gjev opplevingar som kan vere avgjerande for å utvikle det enkelte menneske sin personlegdom og livskvalitet. Kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem ifrå. Dette har verde for enkeltindividet, men det har òg kraft til å forme samfunnsutviklinga.

Kunst og kultur, design, underhaldning og opplevingar er også viktige for økonomisk vekst, innovasjon og verdiskaping. Næringslivet etterspør i aukande grad verdiar som finst i kultur­samanheng, til dømes kreativitet, idérikdom, evne til å vere nyfiken og evne til å omstille seg.

Born og unge bør ha tilgang til eit kunst- og kulturtilbod som er likeverdig med det dei vaksne får. Møte med kunst og kultur gjennom heile oppveksten kan medverke til at born og unge får opplevingar og kunnskap som kan danne grunnlag for deira eigne kreative aktivitetar og evne til å vurdere ulike kunst- og kulturuttrykk. Å forstå kunst og kultur er i mange høve ein læringsprosess. Difor må born og unge få høve til å utvikle ei omfattande kulturforståing slik at dei kan stå rusta til å møte og meistre utfordringane i kunnskapssamfunnet.

Regjeringa sin kulturpolitikk for born og unge er oppbygd av fleire viktige ordningar. Dette omfattar til dømes Frifond, musikkverkstadsordninga for aktivitetar innanfor jazz, rock, folkemusikk og verdsmusikk, kulturkort for ungdom og tilskot til innkjøp av musikkinstrument til skulekorps. Dei mest sentrale ordningane er dei kommunale kulturskulane, Ungdommens kulturmønstring og Den kulturelle skulesekken.

Dei tre sistnemnde ordningane har ulike siktemål. Kulturskulane skal gje born og unge eit tilbod om opplæring i skapande og utøvande musikk og andre kunstformer i tillegg til den obligatoriske opplæringa på skulen. Ungdommens kulturmønstring er eit landsomfattande kulturtiltak for born og unge. Gjennom ei rekkje lokale og regionale kulturmønstringar får born og unge opptre med ulike innslag og treffe andre kulturinteresserte på same alder. Den kulturelle skulesekken er kjernen i regjeringa sin politikk for kulturformidling til born og unge. Den kulturelle skulesekken skal medverke til at elevar i skulen får oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag.

I kulturskulane er såleis opplæringa viktigast, i Ungdommens kulturmønstring er det aktiviteten og i Den kulturelle skulesekken er det opplevinga som står i sentrum. Dette gjer at dei tre ordningane kan utfylle og styrkje kvarandre. Godt samarbeid og ei tydeleg rolleavklaring vil forenkle arbeidet i ordningane og medverke til å styrkje kunst- og kulturområdet for born og unge.

1.2 Kunnskapsløftet og skulen som arena for kunst og kultur

Føremålet med skulen er læring og meistring. Opplæringa skal ruste born og unge til arbeids- og samfunnsliv og gje kunnskap til å meistre skiftande omgjevnader og ei ukjend framtid. Skulen skal byggje på eit breitt kunnskapssyn. Kreativitet og skapande evner står sentralt.

Kunnskapsløftet, den nye reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, vart sett i verk frå 2006, jf. St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring , og Læreplanverket for Kunnskapsløftet , 2006. Målet for Kunnskapsløftet er at alle elevar skal utvikle grunnleggjande dugleik og kompetanse for å kunne ta aktivt del i samfunnet. Norsk skule er ein inkluderande skule der det skal vere mogeleg for alle å utvikle evnene sine. Kunnskapsløftet understrekar prinsippet om tilpassa opplæring og legg auka vekt på læring. Kunst og kultur skal medverke til dette.

Kunnskapsløftet omfattar eit nytt læreplanverk for heile grunnopplæringa, og er samansett av ein generell del, prinsipp for opplæringa og nye læreplanar i alle fag. Kvar læreplan har kompetansemål for elevane.

Den generelle delen i læreplanen gjev dei overordna måla for opplæringa, og inneheld det verdimessige, kulturelle og kunnskapsmessige grunnlaget.

I læreplanverkets generelle del vert mellom anna dei skapande evnene vektlagde i eit eige avsnitt – Det skapende menneske. Her blir både kreativitet, nyfikne og vitskapleg arbeidsmåte framheva. Elevane skal få utvikle gleda ved å møte kunstnariske uttrykk og kunne utforske og utfalde sine eigne skapande krefter. Undervisninga skal vise korleis skaparkraft har vore med på å endre menneska sine levekår og livsinnhald.

I læreplanverkets del 2 – prinsipp for opplæring – heiter det:

«For å utvikle elevenes kulturelle kompetanse for deltakelse i et multikulturelt samfunn skal opplæringen legge til rette for at elevene får kunnskaper om ulike kulturer og erfaring med et bredt spekter av kulturelle uttrykksformer. Opplæringen skal fremme kulturforståelse og bidra til utvikling av både selvinnsikt og identitet, respekt og toleranse. Elevene skal møte kunst og kulturformer som uttrykker både menneskers individualitet og fellesskap, og som stimulerer deres kreativitet og nyskapende evner. De skal også få mulighet til å bruke sine skapende evner gjennom ulike aktiviteter og uttrykksformer. Dette kan gi grunnlag for refleksjon, følelser og spontanitet.»

Reforma har ført med seg ei rekkje endringar i skulen sin struktur, organisering, innhald og didaktikk. Ho stiller store krav til kunnskap og dugleik hjå elevane, samstundes som skulane står friare enn før til å leggje til rette for at alle skal nå skulen sine mål gjennom tilpassa undervisning. Dette har medverka til meir varierte arbeidsmåtar og metodar, der kunst og kultur spelar ei viktig rolle.

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa vart etablert 1. januar 2007 ved Høgskolen i Bodø. Senteret skal medverke til å styrkje kunst og kultur i opplæringa samt auke kompetansen i skule og barnehage på dette området. Målgruppa er førskulelærarar, lærarar som underviser i kunst og kultur i grunnopplæringa og lærarutdanninga, skuleleiarar, studentar, forskarar og læremiddelutviklarar. Det faglege arbeidet skal vere tufta på forskings-, forsøks- og utviklingsprosjekt i nær kontakt med studentar og lærarar. Senteret er nærare omtala i punkt 5.2.2.

Våren 2007 la Kunnskapsdepartementet fram Skapende læring. Strategi for kunst og kultur i opplæringa 2007–2010 . Planen har som overordna mål å utvikle kunst- og kulturfagleg, estetisk og skapande kompetanse hjå born, elevar og tilsette i barnehage, grunnopplæring og høgare utdanning. Planen inneheld 27 tiltak. Fleire av tiltaka er retta mot samarbeidet mellom opplæringssektoren og kultursektoren generelt, og det vidare arbeidet med Den kulturelle skulesekken spesielt. Utdanningsdirektoratet har hovudansvaret for å følgje opp strategien, og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa vil spele ei sentral rolle når strategiplanen skal gjennomførast.

Boks 1.1 UNESCO-rapport om kunst og kultur i opplæringa

UNESCO, SN-organet for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, initierte i 2004 ei stor internasjonal undersøking om kva plass kunst og kultur har i utdanningssystema rundt om i verda. Rapporten The Wow Factor. Global research compendium on the impact of the arts in education , vart offentleggjort i februar 2007. Undersøkinga er basert på forsking i 60 land. Arbeidet har vore leia av Anne Bamford, professor ved Wimbledon College of Art.

Rapporten analyserer skilnaden mellom undervisning i kunst og kultur og undervisning gjennom kunst og kultur. Rapporten ser på emnet både i eit utdanningsperspektiv, eit kulturelt perspektiv og eit sosialt perspektiv.

Rapporten stadfestar at estetiske fag har positiv innverknad på born og unge si læring i basisfag. Resultata viser at sjølvtilliten hjå born og unge veks i møte med kunst og kultur. Betre sjølvtillit gjev meir positive haldningar til skulen og mindre fråvær. Elevane blir betre til å lese og skrive. Resultata viser også at dårleg undervisning i kunst og kultur kan innverke negativt på born og unge sin kreativitet, sjølvtillit, trivsel og læring i skulen.

1.3 Bakgrunnen for Den kulturelle skulesekken

Gjennom statleg kultur- og skulepolitikk dei siste tiåra er det lagt stadig større vinn på at born og unge skal få tilgang til profesjonell kunst og kultur. Eit viktig grunnlag vart lagt gjennom St.meld. nr. 61 (1991–1992) Kultur i tiden , der det vart understreka at born og unge må få oppleve profesjonell kunst og kultur og få ta i bruk eigne kulturelle ressursar. I handlingsplanen Broen og den blå hesten (KUF og KD, 1996) vart det lagt vekt på eit auka samarbeid mellom skuleverket og kunst- og kultursektoren. I Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen , L97 (KUF, 1996) vart det understreka at skulen skal vere ein stad der born og unge møter profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet, og der dei vert inspirerte til eigenaktivitet.

I løpet av dei siste femten åra har fleire kommunar og fylkeskommunar arbeidd med å etablere ei heilskapleg kunst- og kulturformidling til elevar i grunnskulen. Samstundes har dei aller fleste kulturinstitusjonane med statleg støtte satsa systematisk på kunst- og kulturformidling til denne målgruppa.

1.3.1 Løyvingar til Den kulturelle skulesekken over statsbudsjettet

Dei lokale og regionale initiativa var viktige inspirasjonskjelder då den første Stoltenberg-regjeringa gjorde framlegg om ei eiga løyving til Den kulturelle skulesekken over Kulturdepartementets budsjett for 2001. Løyvinga var på 17 mill. kroner, og kom som eit tillegg til eksisterande løyvingar til institusjonar som arbeider med kunst- og kulturformidling til born og unge. I tillegg løyvde Kommunal- og regionaldepartementet 1,6 mill. kroner til prosjektet Kulturskatten i Telemark, og Utdannings- og forskingsdepartementet løyvde 5 mill. kroner til kompetanseutvikling for lærarar i samband med ordninga. Til saman var dei direkte løyvingane til Den kulturelle skulesekken over statsbudsjettet i 2001 på 23,6 mill. kroner.

Det vart etablert ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe for Den kulturelle skulesekken. Arbeidsgruppa utforma ein utviklingsplan forankra i L97. Det vart sett i gang utviklingsprosjekt i ni fylke og mindre prosjekt i ytterlegare ni fylke. Nokre midlar vart nytta til å utvikle produksjonar og formidlingsprosjekt retta mot grunnskulen.

I 2002 gjorde Bondevik-regjeringa framlegg om å løyve 12,3 mill. kroner over statsbudsjettet til Den kulturelle skulesekken. Midlane for 2002 vart i all hovudsak forvalta regionalt for å etablere eller styrkje produksjon og formidling av kunst- og kulturtilbod i grunnskulen.

I statsbudsjettet for 2003 vart det løyvd 12,8 mill. kroner til Den kulturelle skulesekken. Ein mindre del vart avsett til å vidareføre arbeidsgruppa sitt samordningsarbeid med tilhøyrande administrasjon og informasjonstiltak. Hovuddelen av løyvinga – 10 mill. kroner – vart nytta til å byggje opp og styrkje tiltaksprogram for born og unge ved 20 museum av ulike typar, geografisk spreidd i alle landsdelar.

I 2004 vart det ikkje løyvd øyremerka midlar til Den kulturelle skulesekken over statsbudsjettet. Midlane vart overførte til dei 20 musea på fast basis. Gjennom tildelingsbreva til musea vart det lagt inn eit vilkår om å leggje til rette for formidlingsmessig aktivitetsauke i samband med Den kulturelle skulesekken.

1.3.2 Innføring av ny tippenøkkel i 2003

Frå og med 2003 fekk Den kulturelle skulesekken tilført store midlar frå speleoverskotet til Norsk Tipping. Dette vart mogeleg gjennom ei innstilling frå medlemmer av familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endring i lov av 28. august 1992, nr. 103 om pengespill, jf. Innst.O. nr. 44 (2001–2002) og Besl.O. nr. 52 (2001–2002).

Endringane innebar at den delen av speleoverskotet som går til idrettsføremål og kulturføremål, vart trappa opp over tre år, slik at ein frå 2005 kunne fordele ein halvpart til idrettsføremål og ein halvpart til kulturføremål. Av midlane til kulturføremål skulle to tredelar fordelast av Stortinget gjennom statsbudsjettet og ein tredel av Kongen gjennom kongeleg resolusjon. Den delen av spelemidlane som går til kulturføremål og fordelast av Kongen, fordelast med 40 prosent til Den kulturelle skulesekken, 30 prosent til kulturbygg og 30 prosent til Frifond.

Endringane i tippenøkkelen gav grunnlag for å trappe opp og utvide Den kulturelle skulesekken. Spelemideltilskotet til Den kulturelle skulesekken har stabilisert seg på om lag 160 mill. kroner sidan 2005. Implementerings- og opptrappingsfasen i arbeidet med Den kulturelle skulesekken vart ferdig i 2006, då Den kulturelle skulesekken vart etablert som ei varig ordning. Det er eit viktig prinsipp at spelemidlane til Den kulturelle skulesekken ikkje skal nyttast til administrasjon eller kompetanseutvikling. Spelemidlane skal nyttast til kunst- og kulturtilbod som kjem den enkelte elev til gode.

Tabell 1.1 Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken 2003–2007 (mill. kroner)

2003 2004 2005 2006 2007
60 120 160 161 167

Kjelde: Kultur- og kyrkjedepartementet

Fordeling av spelemidlar i 2007

I 2007 går 80 prosent av spelemidlane til lokale og regionale tiltak. Dette tilsvarer 134 mill. kroner. Av desse midlane vert 122 mill. kroner fordelte via fylkeskommunane til Den kulturelle skulesekken i grunnskulen, 6 mill. går til ei prøveordning i vidaregåande opplæring og 6 mill. kroner går direkte til seks vitensenter. Midlane til fylkeskommunane vert fordelte etter ein fordelingsnøkkel som tek omsyn til elevtal, geografiske avstandar og kulturell infrastruktur i fylket.

20 prosent av spelemidlane går til sentrale tiltak for å styrkje kunst- og kulturområde med særlege utfordringar. I 2007 utgjer dette 33 mill. kroner, som er fordelte til satsingsområda musikk, film, scenekunst og visuell kunst. Ingen sentrale prosjektmidlar blir i dag brukte til områda litteratur og kulturarv. Sjå punkt 7.1 for ein nærare gjenn­omgang.

1.3.3 Stortingsmelding nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken og oppfølginga av den

Våren 2003 la regjeringa fram St.meld. nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken . Meldinga omhandla bakgrunnen for og verdiar og målsetjingar med Den kulturelle skulesekken. Meldinga skisserte dei utfordringane både kultur- og skulesektoren stod overfor i samband med å setje i verk og utvikle ordninga etter innføringa av ny tippenøkkel. Meldinga har vore eit grunnlagsdokument i opptrappingsfasen av Den kulturelle skulesekken fram til 2006. Den kulturelle skulesekken vart også omtala i St.meld. nr. 39 (2002–2003) Ei blot til Lyst – Om kunst og kultur i og i tilknytning til grunnskolen.

Då meldinga vart handsama vedtok Stortinget følgjande:

«Stortinget ber Regjeringen om å foreta en evaluering av Den kulturelle skolesekken i løpet av våren 2006 og legge denne fram for Stortinget.»

Stortinget vedtok også at mest mogeleg av dei tildelte midlane skal kome borna til gode gjennom kulturopplevingar. Stortinget bad regjeringa kome attende til Stortinget med ei vurdering av korleis dette best kan gjerast. Stortinget bad også regjeringa leggje til grunn at Rikskonsertane skulle få spelemidlar for å utvide skulekonsertordninga.

I St.prp. nr. 1 (2004–2005) la regjeringa til grunn at spelemidlane til Den kulturelle skulesekken vert fordelte med 80 prosent til regionale og lokale tiltak og 20 prosent til sentrale tiltak. Fylkeskommunane fekk ei samordnande rolle for midlane til regionale og lokale tiltak. Ein tredel av desse midlane skal fordelast vidare til kommunane, ein tredel skal fordelast av fylkeskommunen til regionale formidlingsordningar, og den siste tredelen skal forvaltast av fylkeskommunen slik det er mest tenleg i det enkelte fylket. Sjå også punkt 5.3.

Av dei sentrale prosjektmidlane fekk Rikskonsertane midlar til å gjere ordninga landsdekkjande. Det vart også sett av midlar til sentrale prosjekt fordelte på satsingsområda scenekunst, visuell kunst og film. Frå og med skuleåret 2005–2006 vart det innført ei prøveordning som lèt kommunar med meir enn 30 000 innbyggjarar få sin relative del av dei midlane fylket forvaltar til formidlingsordningar, basert på elevtal.

Oppdraget om å evaluere Den kulturelle skulesekken vart utlyst som ein offentleg anbodskonkurranse hausten 2005. Evalueringa vart levert departementet i september 2006. I den føreliggjande meldinga vert evalueringsrapporten og den påfølgjande høyringsrunden presentert. Meldinga drøftar dei utfordringane som mellom anna evalueringa og høyringsfråsegnene skildrar, og viser veg for korleis desse utfordringane kan møtast av dei ulike aktørane i Den kulturelle skulesekken. Meldinga omhandlar også utvidinga av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring og korleis denne utvidinga skal finansierast.

1.4 Om kunst-, kultur- og kvalitetsomgrepa

Kultur er eit ope omgrep med eit meiningsinnhald som har vore historisk skiftande. Innhaldet varierer med den samanhengen omgrepet vert brukt i, og kva som er føremålet med definisjonen. ’Kultur’ kan brukast både breitt og snevert. I brei forstand omfattar omgrepet verdiar, normer, kunnskap, symbol og ytringsformer som er felles for ei gruppe menneske eller eit bestemt samfunn. I snever forstand vert omgrepet nytta for å gjere greie for dei ulike verksemdene innanfor kulturliv og kulturpolitikk når desse vert vurderte som ein avgrensa sektor. Ein viktig dimensjon ved kultur er at individet vert knytt til store og små identitets- og meiningsfellesskap som vert etablerte og endra gjennom menneskeleg samhandling.

Kunst er heller ikkje eit eintydig omgrep. Det er ikkje alltid eit klart skilje mellom kva som er kunst og kva som ikkje er det. Uttrykksformene i kunsten kan i somme høve endre seg radikalt og brått. Kunst er eit estetisk kulturuttrykk som kontinuerleg endrar uttrykksform og som gjev menneska opplevingar og utfordringar. Føresetnadene for å forstå kunst er noko den einskilde tileignar seg gjennom oppvekst, utdanning og deltaking i samfunns- og kulturlivet.

Kvalitet er eit relativt omgrep, men ikkje eit subjektivt omgrep. Om kunst- og kulturuttrykk har kvalitet eller ikkje, er ikkje eit spørsmål om kva den eine eller andre kan like, men om kva vi har med å gjere, og kva det skal nyttast til. Følgjeleg kan det som i éin situasjon eller til éin bruk har høg kvalitet, i ein annan samanheng ha låg kvalitet, men avgjerda er like objektiv i båe tilfella. I eit samfunn som er i endring, må kunsten, og synet på kva som til ei kvar tid er god kunst, også vere i endring. Kvalitet er difor heller ikkje eit statisk omgrep. Det finst altså ikkje eit einskilt sett av alltid gyldige kriterium for kvalitet, men det finst ei rad relevante kunstnarlege eller kulturfaglege kriterium som kan kombinerast på ulik måte, og som til og med kan stå i motsetnad til kvarandre. Kvalitet er eit avgjerande kriterium for at eit kulturtiltak skal verte prioritert i den statlege kulturpolitikken.

1.5 Innhaldet i meldinga

Kap 1: Bakgrunnen for og innhaldet i meldinga

  • Kulturløftet er grunnlaget for meldinga. Noreg skal verte ein kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet.

  • Alle skal få tilgang til kunst- og kulturopplevingar og høve til å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur uavhengig av kjønn eller geografiske, sosiale og økonomiske skiljelinjer.

  • Målet er å gje alle born og unge eit kulturtilbod som er likeverdig med det dei vaksne får.

  • Å forstå kunst og kultur er ein læringsprosess. Tilhøva skal leggjast til rette slik at born og unge utviklar kulturforståing – og står rusta til å møte og meistre utfordringane i samfunnet.

  • Kulturskulane, Ungdommens kulturmønstring og Den kulturelle skulesekken er viktige stolpar i regjeringa sin kulturpolitikk for born og unge. I kulturskulane er det opplæringa som er viktigast, i Ungdommens kulturmønstring er det aktiviteten , og i Den kulturelle skulesekken er det opplevinga som står i sentrum.

  • I statsbudsjettet for 2001 vart det for første gong løyvd midlar til Den kulturelle skulesekken. Dette kom som eit tillegg til eksisterande løyvingar til institusjonar som arbeider med kunst- og kulturformidling til born og unge.

  • Frå og med 2003 fekk Den kulturelle skulesekken tilført midlar frå speleoverskotet til Norsk Tipping. Spelemidlane til Den kulturelle skulesekken har sidan 2005 stabilisert seg på om lag 160 mill. kroner i året. Midlane vert fordelte ved kongeleg resolusjon kvar vår.

  • Grunnlagsdokumentet for Den kulturelle skulesekken i opptrappingsfasen har vore St.meld. nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken . Då meldinga vart handsama, vedtok Stortinget at regjeringa skulle syte for å evaluere ordninga i løpet av våren 2006 og leggje denne evalueringa fram for Stortinget.

  • Oppdraget om å evaluere Den kulturelle skulesekken vart utlyst som ein offentleg anbods­konkurranse hausten 2005. NIFU STEP fekk anbodet, og leverte ei evaluering i september 2006.

  • Den nye meldinga om Den kulturelle skulesekken gjer greie for evalueringa og den påfølgjande høyringsrunden. Meldinga omhandlar den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken i åra som kjem, inkludert utvidinga til vidaregåande opplæring.

Kap. 2: Evaluering av Den kulturelle skulesekken

  • Evalueringa hevdar at det eksisterer eit spenningsfylt forhold mellom kultur- og opplæringssektorane. Spenninga er knytt til mandat, mål, økonomi, organisering, struktur, og til innhalds- og kvalitetsomgrepet.

  • Evalueringa hevdar at organiseringa er for kompleks, og at det er låg systemforståing i alle ledd av organiseringa.

  • Evalueringa drøfter ulike formidlingsmåtar.

  • Det vert peika på at det ikkje finst eit standardisert system for rapportering, noko som gjer det vanskeleg å analysere pengestraumane.

  • Evalueringa og høyringsfråsegnene er i mindre grad samstemde når det gjeld å vurdere kor vellukka ordninga er.

  • Eit fleirtal av høyringsfråsegnene uttrykkjer velnøye med at dagens struktur legg til rette for lokal forankring, eigarskapskjensle og påverknad. Eit stort fleirtal av høyringsfråsegnene er klare på at det ikkje er ynskjeleg med større endringar i dagens organisering.

  • Høyringsfråsegnene understrekar at det er naudsynt med eit tydeleg mandat og ei klar arbeidsdeling mellom kultur- og opplæringssektorane.

  • Mange av høyringsinstansane meiner det er naudsynt med eit enklare rapporteringssystem samt standardiserte løysingar knytte til kontraktsmalar, honorar, diettsatsar og transport.

  • Mange høyringsinstansar understrekar at det er behov for kompetanseutvikling knytt til både produksjon av tilbod og implementering av Den kulturelle skulesekken.

  • Departementet har i si vurdering valt å leggje større vekt på høyringsfråsegnene enn evalueringa. Det vert lagt vekt på at kunst- og kulturformidlinga til born i grunnskulen er sterkt betra. Formidlinga er blitt meir systematisk og planlagd. Den kulturelle skulesekken er i hovudsak ei vellukka og populær ordning.

  • På bakgrunn av høyringsfråsegnene ynskjer departementet ikkje å gjere vesentlege endringar i korleis ordninga er organisert.

  • Ordninga kan likevel bli betre. Mål, prinsipp og arbeidsdelinga mellom kultur- og opplæringssektoren må presiserast. Det trengst eit betre rapporteringssystem, meir kompetanseutvikling og meir forsking.

  • Ein må syte for god forankring i skulen.

Kap. 3: Mål og prinsipp i Den kulturelle skolesekken

  • Gjennom Den kulturelle skulesekken skal elevar få møte profesjonelle aktørar frå kultursektoren. Ordninga er etablert for å sikre at desse møta finn stad.

  • Både kulturpolitiske og opplæringspolitiske mål må liggje til grunn for ordninga.

  • Måla med og prinsippa til Den kulturelle skulesekken skal ta omsyn til og tilpasse seg læreplanverket for Kunnskapsløftet.

  • Den kulturelle skulesekken skal ikkje vere ei erstatning for estetiske fag i skulen, men kome i tillegg til desse.

  • Kunstnarar og kulturarbeidarar skal ikkje gå inn i skulen og erstatte lærarane, men vere kunst- og kulturarbeidarar fullt og heilt.

  • Lokalt og regionalt handlingsrom er eit viktig prinsipp for ordninga. Dette sikrar lokal entusiasme, eigeninnsats og forankring.

  • Det er viktig å sikre at også elevar med nedsett funksjonsevne får møte profesjonell kunst og kultur. Skulen har ansvar for å leggje til rette på dette feltet. Kommunen eller fylkeskommunen som skuleeigarar har også eit ansvar.

  • Det er viktig å sikre ein dialog på førehand slik at skulen er informert om innhaldet i tilbodet og kva det er naudsynt å leggje til rette for.

Kap. 4: Innhald og kvalitet i Den kulturelle skulesekken – status og vidare utvikling

  • Den kulturelle skulesekken skal sikre elevane gode møte med profesjonell kunst og kultur.

  • Kunstnarar og kulturarbeidarar frå det frie feltet og institusjonane skal gje tilbod om gode og profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar til Den kulturelle skulesekken.

  • Kunst- og kulturproduksjonar må kvalitetssikrast innanfor faglege, profesjonelle rammer.

  • Fylkeskommunane, og kommunane der dei har delegert ansvar, skal sikre at tilboda dei formidlar er sikra fagleg kvalitetsvurdering.

  • Den kulturelle skulesekken skal omfatte tilbod innan alle kunst- og kulturuttrykka. Fylkeskommunane, og kommunane der dei har delegert ansvar, skal sikre dette.

  • Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane. Kultursektoren må kontinuerleg arbeide med å utvikle og fornye formidlingsmåtane

  • Innanfor kvart kunst- og kulturuttrykk bør det vere ein nasjonal kunst- og kulturaktør som kan koordinere, ha ansvar for eit fagleg nettverk, leggje til rette for fagleg kompetanseutvikling og gje faglege råd til feltet. Dei nasjonale aktørane kan også medverke med tilbod og produksjonar i Den kulturelle skulesekken.

  • Det er vanskeleg å gje ferdige kriterium for kvalitet. Difor er det viktig å ha ein vedvarande diskusjon om kvalitet både i opplæringssektoren og i kultursektoren.

  • Opplæringssektoren, med alle skulane og deira overordna, må få informasjon om innhaldet i tilboda i Den kulturelle skulesekken på eit tidleg tidspunkt. Det er viktig med ein god dialog mellom kultursektoren og opplæringssektoren slik at planlegginga kan skje i god tid.

  • Opplæringssektoren, med alle skulane og deira overordna, har ansvaret for å leggje til rette for kunst- og kulturopplevingar i skulen og setje Den kulturelle skulesekken i samband med den generelle læreplanen og dei ulike fagplanane. Skulen skal sikre at det vert gjennomført føre- og etterarbeid.

  • Skulen og elevane skal ha høve til å gje systematisk tilbakemelding etter kvart tilbod eller prosjekt i Den kulturelle skulesekken. Fylkeskommunane har ansvaret for å rapportere til sekretariatet.

  • Kulturelt mangfald skal vere ein fast og naturleg dimensjon i Den kulturelle skulesekken.

  • Samiske uttrykk skal også vere ein fast og naturleg dimensjon i ordninga. Særleg bør ein bruke Den kulturelle skulesekken aktivt for å styrkje kunnskapen om det samiske i Sør-Noreg.

  • Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar også har eit språkpolitisk perspektiv i tankane når ein legg planar for Den kulturelle skulesekken. Det er ynskjeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.

Kap. 5: Organiseringa av Den kulturelle skulesekken - status og vidare utvikling

  • Styringsgruppa med deltaking frå politisk leiing i Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet held fram.

  • Sekretariatet vert flytta til Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette skal knyte sekretariatsarbeidet nærare dei samla forvaltingsoppgåvene i departementet, løfte fram arbeidet med born og unge og styrkje samanhengen mellom Den kulturelle skulesekken og kulturfeltet elles.

  • Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med å styrkje koordineringa mellom kultursektoren og opplæringssektoren nasjonalt og lokalt. Ein lekk i dette er å vurdere kva rolle Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa skal ha i samband med Den kulturelle skulesekken.

  • Referansegruppa vert lagd ned. Departementet legg i staden opp til fleksible ordningar med ulike forum som er tilpassa dei problemstillingane som skal diskuterast. Dette kan vere dialogkonferansar, høyringsmøte, idédugnader eller ad hoc-grupper.

  • Fylkeskommunane skal framleis ha eit særleg ansvar for å forvalte og fordele midlar til Den kulturelle skulesekken.

  • Kommunar som ynskjer å få tildelt sin relative del av fylkeskommunen sine spelemidlar, skal kunne få det. Det vil bli stilt krav om gjennomføring, kvalitetssikring og rapportering.

Kap.6: Særskilde satsingsområde i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken

  • Utviding til vidaregåande opplæring: Den kulturelle skulesekken vert utvida til den vidaregåande opplæringa – 180 000 nye elevar skal inkluderast. Fylkeskommunane har ansvaret for vidaregåande – det er praktisk at fylkeskommunen også har hovudansvaret for å sikre utvidinga. Dette skal skje i nær kontakt med skulane og deira ynske.

  • Betre nettverksarbeid og møteplassar: I den vidare utviklinga skal ein formalisere nettverk for nasjonale kulturaktørar. Det er også eit mål å formalisere fylkesnettverket og medverke til betre nettverksarbeid innanfor dei ulike kunst- og kulturuttrykka. For å sikre kulturarven sin plass i Den kulturelle skulesekken, må også kulturminneforvaltinga trekkjast med i arbeidet.

  • Kompetanseutvikling: Mange miljø arbeider med kompetanseutvikling. Det skal arbeidast målretta med kompetanseutvikling i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken innanfor både implementering av kunst- og kulturprosjekt og produksjon av kvalitative kunst- og kulturprosjekt. Spelemidlane skal framleis ikkje kunne brukast til kompetanseutvikling.

  • Strategi for forsking og evaluering: Det skal utarbeidast ein strategi for korleis forsking og evaluering kan implementerast som ein fast del av arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

  • Betre system for logistikk og rapportering: Det skal lagast betre, obligatoriske rapporteringsrutinar, slik at ein får betre informasjon om kvalitet på, innhald i og omfang av ulike sjangertilbod i ordninga. ABM-utvikling vil koordinere og samordne systema for både logistikk og rapportering i Den kulturelle skulesekken.

  • Arbeidsavtalar og transport: Staten kan ikkje detaljstyre arbeidsavtalar eller transportordningar. Men det er behov for harmonisering. Fylkeskommunar og kommunar må arbeide vidare med spørsmålet.

  • Gullsekken: Den kulturelle skulesekken sin eigen pris vart utdelt for første gong i 2007. Gullsekken skal verte ei årleg hending.

Kap. 7: Økonomiske og administrative konsekvensar

  • Den kulturelle skulesekken skal utvidast til vidaregåande opplæring. Dette vil krevje auka ressursar til føremålet. I meldinga vert det gjort framlegg om å endre fordelingsmodellen for spelemidlane til Den kulturelle skulesekken.

  • I løpet av ein opptrappingsperiode vil midlane som i dag er avsett til sentrale tiltak, vitensentera og ei prøveordning i vidaregåande opplæring (45 mill. kroner), bli nytta til ei utviding av ordninga til vidaregåande opplæring.

  • I same periode vert det innarbeidd eit beløp tilsvarande midlane til sentrale tiltak og vitensentera (39 mill. kroner) i Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett.

  • Institusjonar som i dag mottar sentrale midlar, skal halde fram med å produsere tilbod i Den kulturelle skulesekken, sjølv om dei i framtida ikkje vil få spelemidlar. Dette vil kome tydeleg fram i tildelingsbreva.

  • I 2009 skal det innførast ein ny tippenøkkel. Regjeringa legg til grunn at spelemidlane til Den kulturelle skulesekken vil liggje på linje med årets beløp på 167 mill. kroner. Dersom beløpet skulle vise seg å verte mindre, må utvidinga til vidaregåande opplæring avpassast mot tilgjengelege midlar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet