St.meld. nr. 8 (2007-2008)

Kulturell skulesekk for framtida

Til innhaldsliste

2 Evaluering av Den kulturelle skulesekken

2.1 Innleiing

Dette kapittelet handlar først og fremst om evalueringa av Den kulturelle skulesekken som vart initiert hausten 2005 og levert departementet i 2006. Evalueringa var eit svar på Stortingets vedtak i samband med handsaminga av St.meld. nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken . I kapittelet vert evalueringa og høyringsfråsegnene presenterte, før ein gjer greie for departementets vurdering av evalueringa og høyringsfråsegnene.

Bortsett frå denne evalueringa har det ikkje vore initiert større undersøkingar om Den kulturelle skulesekken frå sentralt hald. Sekretariatet har iverksett eit par mindre studiar av modellar for organisering av Den kulturelle skulesekken i Sandefjord kommune og i Møre og Romsdal (Hilde Lidén, 2001 og 2004). Sekretariatet har også gjennomført ei mindre undersøking av forsøket med direkte tildeling av midlar til kommunar med meir enn 30 000 innbyggjarar. Sjå punkt 2.3.

I 2007 er det sett av 0,5 mill kroner for å evaluere innføringa av Den kulturelle skulesekken i vidaregåande opplæring.

Frå regionalt hald har det vore stor interesse for å få meir kunnskap om røynslene med Den kulturelle skulesekken. Fleire fylkeskommunar har difor fått utført eksterne evalueringar av eiga verksemd i samband med utviklinga av ordninga. Sjå punkt 2.4. Det er også skrive hovudoppgåver og doktorgradsoppgåver med emne i tilknyting til Den kulturelle skulesekken.

2.2 Evaluering av Den kulturelle skulesekken

Oppdraget om å evaluere Den kulturelle skulesekken vart utlyst som ein offentleg anbodskonkurranse hausten 2005. Mandatet for evalueringa var følgjande:

«Evalueringen skal gi et bilde av hvorvidt ordningen fungerer ut fra målsettingene, og kunne gi grunnlag for å fatte beslutninger om hvordan Den kulturelle skolesekken skal videreføres. Evalueringen skal bidra til at gjennomføringen av Den kulturelle skolesekken videreutvikles og styrkes, med hensyn både til kvalitet og effektivitet. Evalueringen bør avdekke eventuelle svakheter av innholdsmessig, organisatorisk, strukturell og annen art og synliggjøre potensial for forbedringer.»

Kultur- og kyrkjedepartementet tildelte oppdraget til NIFU STEP Studier av innovasjon, forskning og utdanning i desember 2005.

Ifølgje prosjektskildringa ville NIFU STEP sjå nærare på desse problemstillingane:

  • Hvordan er de Den kulturelle skolesekken organisasjonsmessig implementert av forskjellige aktører?

  • Hvordan vurderes nytten av løsningene som er valgt av forskjellige aktører?

  • Hvordan bidrar måten kulturtilbudene har blitt framskaffet på til den innholdsmessige kvaliteten i tiltaket, sett fra henholdsvis et kunst- og kulturperspektiv og et skoleperspektiv?

  • Hva er styrker og svakheter ved løsningene som er valgt, og hva er potensialet for forbedringer?»

Val av metodar i evalueringsoppdraget var nettbasert spørjeskjema, dokumentstudium, gruppeintervju av lærarar og elevar samt intervju med kunstnarar, kulturformidlarar og andre aktørar.

Kultur- og kyrkjedepartementet og NIFU STEP drøfta korleis evalueringsoppdraget skulle konkretiserast. Kultur- og kyrkjedepartementet kom med nokre presiseringar i mandatet. Det vart også gjeve eit tilleggsoppdrag om korleis Den kulturelle skulesekken er tilpassa elevar med særskilte behov.

Rapporten Ekstraordinært eller selvfølgelig – Evaluering av Den kulturelle skolesekken i grunnskolen vart levert departementet i september 2006. Departementet sende evalueringa på høyring til 123 høyringsinstansar innan kunst- og kulturfeltet og utdanningsfeltet. I tillegg vart evalueringa sendt til alle kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. Til saman vart evalueringa sendt til nærare 600 høyringsinstansar. Høyringsfristen vart sett til 1. februar 2007.

Departementet mottok om lag 160 høyringsfråsegner. Fråsegnene kom frå 41 kommunar, 16 fylkeskommunar, 5 fylkesmenn, 29 museum samt Noregs museumsforbund, 39 kunst- og kulturinstitusjonar og -organisasjonar, 7 universitet og høgskular, 4 organisasjonar som representerer kyrkja og 2 departement. Dei andre fråsegnene er frå enkeltpersonar, organisasjonar og foreiningar som på ulike vis er involverte i arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

2.2.1 Samandrag av evalueringsrapporten

Hovudkonklusjonane og tilrådingane i evalueringsrapporten syner eit mangslunge, men spenningsfylt tilhøve mellom kultur- og opplæringssektoren. Ifølgje evalueringa pregar dette realiseringa av og arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Evalueringa knyter denne spenninga til mandat og mål, økonomi, organisering og struktur samt til innhalds- og kvalitetsomgrepet. Evalueringa peikar på at spenningane er størst på sentralt hald og minkar dess lengre ned i systemet ein kjem.

Rapporten omtalar det delte ansvaret mellom de to sektorane som «akilleshælen» i ordninga. Spenninga varer ved av di Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for spelemidlane og utviklinga av innhaldet og tilboda i Den kulturelle skulesekken, medan Kunnskapsdepartementet har sektoransvar for arenaen der Den kulturelle skulesekken skal implementerast.

Evalueringa meiner det er naudsynt at ein frå sentralt hald gjev tydelege signal om kva Den kulturelle skulesekken skal vere, kva roller dei ulike aktørane skal spele og kva oppgåver dei skal ha. Konkret bør ein bestemme seg for om Den kulturelle skulesekken skal vere eit kulturpolitisk tiltak som vert tilbode skulen, eller om skulen skal ta del i utviklinga av ordninga, med ansvar og mynde som følgjer med. Evalueringa meiner det trengst verkemiddel som fremjar eit reelt samarbeid mellom dei to sektorane, og at opplæringssektoren sine perspektiv og ynske bør få ein større plass enn i dag. Rapporten hevdar at Den kulturelle skulesekken er for komplekst organisert, og at systemforståinga er låg i alle ledd av organiseringa.

Evalueringsrapporten gjev brei plass for ein diskusjon om monologisk kontra dialogisk kommunikasjon i kunst- og kulturformidling. Dei ulike kommunikasjonsmåtane knyter seg i stor grad til ulike oppfatningar av kva som er godt innhald i Den kulturelle skulesekken. Rapporten siterer St.meld. nr. 38 (2002–2003), som seier at kvalitet i ordninga dreier seg om kva som skjer i møtet mellom elevane og kunst- og kulturformidlaren. Evaluator hevdar at det er usemje om kva dette inneber i praksis.

Også dei økonomiske tilhøva i Den kulturelle skulesekken er vurderte i evalueringsrapporten. Det vert peika på at det ikkje finst eit standardisert system for rapportering, noko som gjer det vanskeleg å analysere pengestraumen. Det vert tilrådd å opprette eit enklare og meir tydeleg system for rapportering, utan at det må føre til meir byråkrati.

2.2.2 Samandrag av høyringsfråsegnene

Høyringsinstansane har i stor grad vurdert eigne og lokale røynsler med Den kulturelle skulesekken. Tilbakemeldingane kan knytast til kategoriane organisering og struktur, samarbeid, innhald, økonomi og kompetanseutvikling.

Organisering og struktur

Det er brei semje om at dagens organisering av Den kulturelle skulesekken legg godt til rette for eit fruktbart samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren. Det vert uttrykt velnøye med at dagens struktur legg til rette for lokal forankring, eigarskapskjensle og påverknad, samstundes som han sikrar eit variert tilbod kjenneteikna av høg kvalitet. Eit stort fleirtal av høyringsfråsegnene er klare på at det ikkje er ynskjeleg med større endringar i dagens organisering.

I samsvar med tilrådingane i evalueringsrapporten vert det likevel uttrykt at det bør setjast inn tiltak for å styrkje systemforståinga hjå aktørane. Det er viktig å sikre at alle er innforståtte med målsetjingane med ordninga og rollefordelinga mellom dei involverte aktørane. Det er naudsynt å tydeleggjere målsetjingane som er nedfelte i styringsdokumenta, først og fremst St.meld. nr. 38 (2002–2003) og St.meld. nr. 39 (2002–2003).

Rikskonsertane skriv i si høyringsfråsegn:

«Det må gis tydeligere signaler fra sentralt hold, slik at det etableres en fellesforståelse av hva Den kulturelle skolesekken skal være. Følgende nivå, hva DKS kunne være for barnet i skolen, må i tillegg drøftes kontinuerlig, og de svarene man får må legges til grunn for de fremtidige overgripende føringer som gis fra sentralt hold. Slik garanterer man at ordningen ikke sementeres, men utvikles i takt med tiden, og i takt med at den generelle kompetansen både innenfor skole- og kunstsektoren øker.»

Samarbeid

Dei fleste høyringsinstansane, med nokre få unnatak, er samde i at ordninga må vere tufta på eit samarbeid mellom alle nivå i forvaltinga, og mellom kultursektoren og opplæringssektoren. Dette vert understreka som ein føresetnad for at satsinga skal lukkast.

Mange fylkeskommunar og kommunar har formalisert samarbeidet, og det vert hevda at arbeidet fungerer godt i dei fleste tilfella. Det er likevel naudsynt med tydelege mandat og ei klar arbeidsdeling. Dette kan medverke til at det vert skapt éi felles forståing av kva Den kulturelle skulesekken er. Dette vil tryggje kontinuitet, høg kvalitet og eit forsvarleg mangfald. Dei fleste aktørane er samde i at Den kulturelle skulesekken ikkje skal vere eit ordinært kultur- eller skuleprosjekt. Ordninga er nyskapande og eineståande av di perspektiv, røynsler og kompetanse frå begge partane vert bygde inn.

Sogn og Fjordane fylkeskommune skriv i si høyringsfråsegn:

«Gjennom etableringa av Den kulturelle skulesekken har vi fått ei av dei beste kultursatsingane på born og unge gjennom tidene. Samarbeidet mellom skulesektor og kultursektor må føregå i gjensidig respekt og med utgangspunkt i ei tydeleg rolledeling. Partane har felles interesser for å skape gode modellar og utvikle DKS-innhaldet saman. Begge partar er like viktige, på sine ulike måtar. Det er i skulekvardagen kunst- og kultursatsinga skal bløme.»

Innhald

Det er også stor semje om mange aspekt som knyter seg til innhald og kvalitet i ordninga, sjølv om mange særinteresser vert trekte fram. Dei aller fleste høyringsinstansane peikar på at eit reelt samarbeid mellom ulike aktørar er heilt elementært for å tryggje eit godt innhald i Den kulturelle skulesekken. Konfliktperspektivet må ikkje verte lagt til grunn for samhandling, og det er viktig at både dei kunst- og kulturfaglege og dei pedagogiske ambisjonane vert oppretthaldne. Berre slik vil innhaldet vere av verdi for born og unge.

Høyringsinstansane vurderer det som verdfullt at aktørar med ulike røynsler, kompetanse og interesser arbeider i lag. Det er likevel ei utfordring å sjå til at ordninga vert forankra hjå dei ulike aktørane slik at alle kan kjenne ein eigarskap og dermed verte ytterlegare motiverte for deltaking. Forankring må skje på alle nivå og i båe sektorane.

Fleire peikar på at Den kulturelle skulesekken skal vere tufta på profesjonalitet og vere eit supplement til anna kunst- og kulturformidling i skulen. Likevel bør kvalitetsomgrepet vere tema for ein kontinuerleg diskusjon. Dette er i samsvar med evalueringsrapporten, som hevdar at kvalitetskriteria for kunst- og kulturformidling i Den kulturelle skulesekken ikkje kan vere korkje standardiserte eller objektive.

Nordnorsk kunstnersenter skriv i si høyringsfråsegn:

«Vi opplever et EKTE engasjement i møtet mellom barna og kunstneren og det de skaper sammen. Målet er ikke først og fremst å bli flinke til noe, men å vokse som menneske og medmenneske.»

Økonomi

Høyringsfråsegnene indikerer at dei fleste er nøgde med fordelingsmodellen for spelemidlane. Fleire høyringsinstansar har trekt fram at det er naudsynt med eit enklare rapporteringssystem og ei standardisert løysning knytt til honorar- og diettsatsar, kontraktmalar og transport. Ein del meiner at spelemidlar bør kunne brukast til administrasjon og kompetanseutvikling. Enkelte meiner at tildelinga av spelemidlar gjer det vanskeleg å leggje langsiktige planar utover eitt år.

Tromsø kommune skriv mellom anna i si høyringsfråsegn:

«Statlig styring av DKS-midler må fortsatt være lav for å opprettholde den lokale forankringen.»

Kompetanseutvikling

Eit breitt fleirtal av høyringsfråsegnene peikar på trongen for auka kompetanse hjå aktørane som er involverte i Den kulturelle skulesekken. Fleire hevdar at skulane treng kulturell kompetanse og kunstnarane treng auka pedagogisk kompetanse om formidling i ein skulesamanheng. Mange ynskjer at spelemidlar bør nyttast til tiltak for kompetanseutvikling, då mangel på kunnskap kan truge kvaliteten på tilboda i Den kulturelle skulesekken. Fleire hevdar at det er naudsynt med auka kunnskap om ulike samarbeidsmåtar mellom kunst- og skulesektorane og dei ulike fylkesmodellane. Det vert peika på at kompetansen ligg spreidd, og at ingen institusjon eller sektor sit med nøkkelen til eit vellukka prosjekt. Trongen for organisert samhandling og kontinuerleg dialog vert framheva.

Høgskulen i Volda skriv dette i si høyringsfråsegn:

«Når målet er at alle skuleelevar skal ta imot og ta del i kunst og kultur, ut frå sine føresetnader, er det viktig å leggje til rette for kompetanseheving, rettleiing og samhandling knytt til arbeidet med kunstproduksjonar og val av formidlingsstrategiar. Utveksling av kunnskap og erfaringar og høve til dialog og samhandling mellom sentrale partar i DKS, er i seg sjølv kompetansehevande og viktig for å fremje kvalitet knytt til ordninga. Dette arbeidet må heilt klart styrkast i åra framover.»

2.3 Undersøking av ordning med direkte tildeling av midlar til kommunane

I 2004 vart enkeltkommunar og samarbeidande kommunar med meir enn 30 000 innbyggjarar inviterte til å delta i ei ordning med direkte tildeling av spelemidlane. Dette inneber at kommunane ville få sin relative del av fylket sine midlar og sjølve ha ansvaret for å gje sine grunnskular tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Bergen, Bodø, Karmøy og Lørenskog ynskte og fekk ei slik ordning for skuleåra 2005–2006, 2006–2007 og 2007–2008. I søknadene måtte kommunane gjennom planar gje ei framstilling av korleis dei ulike uttrykka er tenkt ivaretekne. Kommunane måtte vise til politisk forankring, eigen ressursbruk, deltaking i nettverk og etablert samarbeid mellom skule- og kultursektor. Ein føresetnad var at kommunane, til liks med fylkeskommunane, var i stand til å formidle kunst og profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet til sine skuleelevar.

I april 2007 vart det sendt ut eit spørjeskjema til dei fire kommunane samt til dei fylkeskommunane som kommunane høyrer til. Spørjeskjemaet inneheldt spørsmål om mål, innhald, omfang, organisering, økonomi og samarbeid med andre kommunar og med fylkeskommunen. Undersøkinga viste at det er fire ganske ulike kommunar både når det gjeld storleik og måten dei har organisert Den kulturelle skulesekken på.

Bergen er den største av dei fire kommunane. Denne kommunen har laga ein tilbodskatalog til skulane som dei formidlar gjennom ein eigen nettstad. Skulane må sjølve melde seg på tilboda, og det er ikkje sett noko minstekrav frå kommunen si side om kor mange og kva tilbod kvar elev deltek på. Kommunen har rapportert om at i skuleåret 2006–2007 hadde alle skulane meldt seg på eitt eller fleire tilbod. Enkeltskular vert følgt opp, men det er ingen oppfølging av om alle elevane på skulen får eit tilbod.

Dei andre tre kommunane har ei ordning der tilboda er obligatoriske for alle elevane i kommunen. I Bodø får alle elevane på same trinn same tilbod, medan Karmøy og Lørenskog har bestillingstilbod i tillegg til den obligatoriske ordninga.

Alle kommunane er nøgde med den ordninga dei har valt, og ser ingen eller få veikskapar ved denne. Ein skal likevel vere merksam på nokre tilhøve med direkte tildeling av spelemidlane.

Bergen har god tilgang på ressursar frå kunst- og kulturinstitusjonane i byen, og har gode system for å sikre kvaliteten i tilboda. Det vert lagt stor vekt på samtidskunst og kulturelt mangfald. På den andre sida nyttar institusjonane i Bergen mange av sine eigne ressursar på elevar i byen, sjølv om mange av institusjonane har eit regionalt ansvar. Denne problemstillinga vert understreka av fylkeskommunen.

Gjennom samtaler og tilbakemeldingar frå aktørar har departementet fått inntrykk av at den daglege styringa av Den kulturelle skulesekken i mindre kommunar lett kan verte avhengig av at eldsjeler tek ansvar for ordninga. Eldsjeler og entusiastar er ein styrke for kommunane, men dette kan òg gjere Den kulturelle skulesekken som ordning sårbar. Det kan dessutan vere vanskeleg å kvalitetssikre innhaldet i ordninga i desse kommunane. Eit alternativ kan vere interkommunalt samarbeid om Den kulturelle skulesekken.

2.4 Evalueringar av Den kulturelle skulesekken i fylka

I fleire fylke er det gjennomført forskingsbaserte evalueringar av arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

Telemarksforsking gjennomførte i 2002 ei evaluering av utvidinga og oppbygginga av Den kulturelle skulesekken i Buskerud fylke (Åsne Widskjold Haugsevje, 2002). Evalueringa viser at etableringa av Den kulturelle skulesekken gav elevane fleire og betre kunst- og kulturopplevingar, og at dei profesjonelle produksjonane har medverka til å styrkje skulen sitt arbeid med eigenaktivitet på kunst- og kulturfeltet. I evalueringa vert det understreka at fylkeskommunen ynskjer å integrere kunst- og kulturopplevingane i undervisninga. Pedagogisk materiell og føre- og etterarbeid vert trekte fram som viktige faktorar for at ein skal kunne oppnå dette. Evalueringa syner til gode røynsler med kulturkontaktar, og peiker på at det er viktig å sette av tid og ressursar til dette arbeidet.

Telemarksforsking gjennomførte i 2002–2003 også ei evaluering av Turnéorganisasjonen i Hedmark (Sigrid Røyseng og Ellen Aslaksen, 2003). I denne evalueringa vert det konkludert med at det i arbeidet med Den kulturelle skulesekken er viktig å styrkje kontakten mellom skulen og turnéorganisasjonen. Rapporten tilrår at det vert etablert fleire arenaer og kommunikasjonskanalar for dialog mellom skulen og turnéorganisasjonen. Det bør i særleg grad fokuserast på i kva grad og korleis Den kulturelle skulesekken kan verte ein integrert del av skulekvardagen. Dette vil krevje at skulane set av ressursar til arbeidet, til dømes gjennom kulturkontaktar, og at turnéorganisasjonen tek fleire initiativ overfor skulen og brukar meir tid på dialog. Vidare vert det peika på at det er trong for å avklare roller og forventingar mellom aktørar på kulturfeltet.

Stiftinga Østfoldforsking gjennomførte i 2003 ei evaluering av Turnéorganisasjonen i Østfold som har ansvar for Den kulturelle skulesekken i Østfold fylke (Anne Rønning, 2003). I denne evalueringa vert det konkludert med at dei overordna måla med satsinga er nådd, men at det kan arbeidast målretta med nokre felt. Informasjonen til skulen bør bli betre, og ein bør arbeide med å forankre ordninga i opplæringssektoren. Det er viktig at roller, ansvar og ressursar er avklarte.

Hausten 2006 gjennomførte avdeling for estetiske fag ved Høgskolen i Oslo ei brukarundersøking om Den kulturelle skulesekken i Akershus (Line Prøis Kristiansen, 2007). Konklusjonane i denne evalueringa er at kultur.akershus, som organiserer den regionale skulesekksatsinga i Akershus, i stor grad oppfyller målsetjingane med Den kulturelle skulesekken. Satsinga vert likevel påverka av om det er sett av ressursar til koordinatorar i kommunane og kulturkontaktar i skulen. Vidare syner evalueringa at elevane sine opplevingar av den profesjonelle kunst- og kulturformidlinga er avhengige av skulen og læraren sine haldningar og interesser. Det vert peika på at ein bør gjere skulen og læraren medvitne om kva roller dei kan spele i Den kulturelle skulesekken.

2.5 Departementets vurdering av evalueringane og høyringsfråsegnene

Evalueringa utarbeidd av NIFU STEP har først og fremst hatt som mål å gje departementet eit grunnlag for å vidareutvikle ordninga. Høyringsfråsegnene er langt frå samstemde om kor treffande ein del av skildringane i rapporten er. Røynslene til dei involverte aktørane synest å vere avhengige av kvar i systemet og kvar i landet dei er plasserte. Dette understrekar at Den kulturelle skulesekken er ei mangslungen og kompleks ordning, og er ei utfordring når departementet skal trekkje konklusjonar.

Fleire høyringssvar legg vekt på at Den kulturelle skulesekken er viktig. Rikskonsertane skriv til dømes:

«Den kulturelle skolesekken er en helt unik satsning på verdensbasis, og noe som vi alle kan være stolte over, ikke minst politikerne på Stortinget!»

Nokre av musea uttaler at Den kulturelle skulesekken har stimulert institusjonen i høg grad til å tenkje nytt (Norsk Teknisk Museum, Eidsvoll 1814 og Aust-Agder kulturhistoriske senter) og til auka samarbeid om formidling (musea i Vestfold). Mange kommunar er svært nøgde med det tilbodet dei får frå fylkeskommunen.

Den kulturelle skulesekken er eit ambisiøst kultur- og skulepolitisk prosjekt. Realiseringa av ordninga krev at ei rekkje ulike aktørar innanfor kultur- og opplæringssektoren samarbeider på nasjonalt, regionalt og lokalt plan. Det er ein kontinuerleg prosess å finne fram til gode samarbeidsrelasjonar og møteplassar mellom dei ulike faggrensene og mellom dei ulike forvaltingsnivåa.

Eit sentralt prinsipp i ordninga er lokal og regional fridom til å utvikle eigne skulesekkar slik tilhøva best ligg til rette for det i den einskilde regionen. Ordninga skulle ikkje bere preg av sterk statleg styring. Slik evalueringa og høyringsfråsegnene også syner, har dette prinsippet resultert i at ein i dag ikkje har éin kulturell skulesekk, men mange. På den eine sida er dette positivt fordi ordninga gjev handlingsrom og er open for lokal kreativitet og engasjement. På den andre sida vert det meir krevjande å etablere dei verktya som er naudsynte på nasjonalt nivå for å halde tilstrekkeleg oversyn med korleis satsinga fungerer i alle delar av landet.

Alt i alt meiner departementet at evalueringsrapporten frå NIFU STEP legg større vekt på spenningar og motsetningar enn å få fram faktakunnskap om korleis ordninga fungerer i praksis. Departementet vurderer det empiriske datamaterialet i rapporten som svakt, og er difor skeptisk til å la konklusjonane leggje heile grunnlaget for korleis ordninga skal vidareutviklast. Konklusjonane i rapporten er i nokre tilfelle ulike dei tilbakemeldingane departementet mottok frå høyringsinstansane.

Høyringsfråsegnene og dei regionale evalueringane gjev departementet eit meir positivt inntrykk av korleis Den kulturelle skulesekken fungerer. Gjennom Den kulturelle skulesekken er kunst- og kulturformidling til born i skulen blitt meir systematisk og planlagd. Tilboda er blitt fleire og betre, og det er gjennomgåande merksemd om kvalitet og formidlingsmetodar. Skulane har fått ein ressurs som kan vere med på å gje kulturelle opplevingar og byggje opp den kulturelle kompetansen til kvar einskild elev. Ordninga har også eit demokratisk og sosialt utjamnande perspektiv som høver godt med både kultur- og opplæringspolitiske målsetjingar.

Den kulturelle skulesekken har vore i ein opptrappings- og utviklingsfase i perioden fram til 2006. Departementet meiner at ein etter denne fasen kan slå fast at satsinga på Den kulturelle skulesekken dei fleste stadane har vore vellukka, og at arbeidet med Den kulturelle skulesekken vert opplevd som meiningsfullt og lærerikt for dei involverte aktørane. Den kulturelle skulesekken er i dag viktig både for elevane, skulen og for kulturlivet. Ordninga har mange stader ført til ei oppbløming av profesjonell kunst- og kulturformidling, og ei vitalisering av kultur som regional utviklingsfaktor. Dette vurderer departementet som svært positivt.

På bakgrunn av høyringsfråsegnene meiner departementet at evalueringa frå NIFU STEP ikkje gjev grunnlag for store og omfattande endringar i måten Den kulturelle skulesekken er organisert på. Ei større endring i organiseringa på noverande tidspunkt vil truleg gjere meir skade enn gagn.

Departementet ser at samarbeidet mellom dei to sektorane kan vere utfordrande, men at det er i dette spenningsfeltet Den kulturelle skulesekken har sin styrke. Gjennom ei klar rolledeling, god dialog og samarbeid skal ordninga opplevast som ein ressurs for dei ulike aktørane. Slik vil Den kulturelle skulesekken både vere ekstraordinær og sjølvsagt i samspel med annan aktivitet i skulen. Kultursektoren skal leggje til rette for eit godt og profesjonelt innhald i Den kulturelle skulesekken. Opplæringssektoren skal leggje til rette for kunstopplevingar i skulen, setje av tid til føre- og etterarbeid og tilpasse tema og fag. Det skal vere høve til å gje systematisk tilbakemelding frå skulen og elevane etter kvart tilbod eller prosjekt.

Det er klart at det vil vere naudsynt å rette merksemda mot mange av dei problemstillingane som både evalueringa og høyringsfråsegnene tek opp. Departementet ser at måla, prinsippa og rolledelinga i ordninga må tydeleggjerast. Det er viktig å få på plass eit meir heilskapleg system for rapportering. I den vidare utviklinga av ordninga må ein òg få til meir systematisk kompetanseutvikling og kontinuerleg forsking. Ei viktig oppgåve vil vere å syte for å involvere opplæringssektoren sterkare i å planleggje, utvikle og gjennomføre ordninga på lokalt og regionalt nivå.

Boks 2.1 Seljord kommune

«Skulesektoren i Seljord er gjennomgåande svært godt nøgd med det tilbodet som blir gitt gjennom Den kulturelle skulesekken. Dette gjeld både innhaldet i tilbodet til elevane og den organisatoriske gjennomføringa. Det er ei stor heving av det tilbodet elevane får, med både teater, litteraturopplevingar og utstillingar, i høve til at vi tidlegare berre hadde konsertar.»

Boks 2.2 Fredrikstad kommune:

«Den kulturelle skolesekken har betydd en markant forbedring av kulturtilbudet for eleven, både når det gjelder kvantitet og ikke minst kvalitet. Ordningen bør videreføres og videreutvikles.»

Boks 2.3 Saltdal kommune

«Saltdal vil uttrykke meget stor tilfredshet over den måten DKS Nordland drives. Fra skolene meldes det om gode erfaringer, ekstra inspirasjon og at leder av fylkesleddet gjør en meget god jobb. Erfaringene er altså så langt bare gode.»

Boks 2.4 Lyngen kommune

«Alle skolene i kommunen uttrykker at tilbudene er med på å styrke det kulturelle tilbudet til elevene, da dette ofte er en mangelvare i utkantstrøk. Tilbudene er med på å gi inspirasjon til elevene og de får mulighet til å møte varierte kunst- og kulturuttrykk.»

Til forsida