St.meld. nr. 9 (2000-2001)

Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn og samandrag

Olje- og energidepartementet tek sikte på å leggje til rette for ei omlegging av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark med verknad frå 1. januar 2001. Årsaka til omlegginga er i hovudsak endringar mot meir opne kraftmarknader på kontinentet og den nordiske elbørsen Nord Pool ASA si etablering av prisområde i Danmark.

Departementet legg opp til at kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark over Skagerrakkablane skal byggje på dei same prinsippa som i dag gjeld for utveksling av kraft mellom Noreg, Sverige og Finland, jf. St. meld. nr. 11 (1995-96) Om organisering av krafthandelen med Sverige, Innst. S. nr. 97 (1995-96) og utgreiinga om krafthandelen med Finland i St. prp. nr. 1 (1998-99), jf. Budsjett-Innst. S. nr. 9 (1998-99).

Omlegginga vil føre til at kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark skal baserast på Nord Pool sine områdeprisar. Den norske delen av kostnadene og flaskehalsinntektene knytt til Skagerrakkablane og det norske landanlegget, skal etter omlegginga falle innanfor sentralnettsordninga.

Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark blir i dag regulert i samsvar med prinsipp fastsett i St. meld. nr. 46 (1992-93) Om langsiktig kraftutveksling med utlandet, jf. Innst. S. nr. 229 (1992-93).

Omlegginga av kraftutvekslinga med Danmark vil krevje konsesjon frå Olje- og energidepartementet, i samsvar med § 4-2 i energilova.

Til forsida