St.meld. nr. 9 (2003-2004)

Om utviding av Trollfjord I kraftverk i Trollfjordvassdraget

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

1.1 Innleiing

Olje- og energidepartementet legg her fram melding til Stortinget om avslag på søknaden om utviding av Trollfjord I kraftverk i Trollfjordvassdraget i Hadsel kommune i Nordland fylke. Olje- og energidepartementet avslo søknaden den 21.12.2000. Konsesjonssøkjaren har i medhald av vassdragsreguleringslova § 8 kravd at avslaget frå departementet vert lagt fram for Stortinget.

1.2 Bakgrunn for saka

Trollfjord Kraft AS, den gong Hadsel Energiverk AS, søkte i 1998 om løyve til utviding av Trollfjord I kraftverk.

Prosjektet er ikkje vurdert i Samla Plan da planen kun femner om prosjekt over 5 GWh.

Hadsel kommunale Kraftverk, seinare Hadsel Energiverk AS, nå Trollfjord Kraft AS, fekk ved kongeleg resolusjon av 28. januar 1949 løyve til å regulere Trollfjordvassdraget og å overføre vatn fra eit nabofelt. Løyvet gav rett til å regulere vassdraget ved å senke vatnet 19,3 m. Det er to kraftverk i Trollfjord, Trollfjord I og II. Trollfjord I nyttar fallet mellom Trollfjordvatnet og fjorden, mens Trollfjord II nyttar fallet mellom Botnvatn og fjorden. Trollfjord I har ein installasjon på 2,6 MW og ein årleg middelproduksjon på 11 GWh.

1.3 Prosjektet

Det er framlagt 3 ulike alternativ for utbygging. Søkjaren gjev alternativ A førerang. Alternativet går ut på å utvide reguleringa av Trollfjordvatnet ved å heve vatnet 4,7m, og å overføre Blåskavlelva. Dette vil auke produksjonen med maksimalt 2,7 GWh/år.

1.4 Tidlegare saksgang

NVE kom i si innstilling til Olje- og energidepartementet av 06.01.2000 til at fordelane med ytterlegare regulering av Trollfjordvatnet og overføring av Blåskavlelva (alt. A) var større enn skader og ulemper for dei allmenne og private interessene i vassdraget, og rådde til at konsesjon vart gjeven.

Olje- og energidepartementet fatta 21. desember 2000 vedtak om å avslå søknaden om utviding av Trollfjord I kraftverk i Trollfjordvassdraget. Departementet la i si avgjerd til grunn at det faktum at eit område som Blåskavlen vert røyrt ved var den største ulempa og eit sterkt argument mot utbygginga. Etter ei samla vurdering fann departementet at omsynet til natur og miljø måtte få avgjerande vekt framfor omsynet til kraftproduksjon og utnyttinga av kraftverket.

Trollfjord Kraft AS har i brev dagsett 23.01.2002 kravd at saka skal leggjast fram for Stortinget, i samsvar med vassdragsreguleringslova § 8, anna ledd.

1.5 Tilråding frå Olje- og energidepartementet

Departementet kan ikkje sjå at saka står i ei anna stilling i dag enn då departementet gjorde vedtak om å avslå konsesjonssøknaden. Departementet held difor fast ved avslaget i denne meldinga.