Historisk arkiv

Tysvær kommune — motsegn mot arealdelen til kommuneplanen (naustbygging - strandsone)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 28. april 2005

Tysvær kommune – motsegn mot arealdelen til kommuneplanen

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 14. september 2004, for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd.

Miljøverndepartementet godkjenner arealdelen til kommuneplanen for Tysvær 2002-2012, medendringari føresegnene for naust ogbryggjer. Ut frå omsynet til strandsona, er det naudsynt å ha strenge rammer når det vert opna for såpass omfattande bygging av naust og bryggjer som her. Motsegna frå fylkesmannen vert dermed teke til følgje.

Bakgrunnen for saka

Arealdelen til kommuneplanen for Tysvær kommune vart vedteke av kommunestyret 21. oktober 2003. Planen viser 5 byggjeområde for naust og 40 landbruks-, natur- og friluftsområde der det er tillate med spreidd bygging av naust og bryggjer. I føresegnene til planen er det stilt nærare vilkår for bygginga. Mellom anna er det fastsett at maks storleik på naust skal vere 36 m 2> T-BRA (tillate bruksareal) og at bryggjer i tilknyting til naust skal ha utforming og storleik som gjer at dei ikkje dominerer i landskapet. Kommunestyret sitt vedtak byggjer på ein rapport om bygging av naust, der dei enkelte områda er vurderte.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga fremma 23. desember 2003 motsegn mot planen når det gjeld naustområda. Motsegna gjeld at føresegnene tillet storleik på 36 m 2> T-BRA for nausta og ikkje har konkretisert storleiken og utforminga av bryggjene. Fylkesmannen meiner nausta vert for store og derfor får negative konsekvensar. Fylkesmannen peiker på at planrevisjonen inneber store endringar i strandsona, og med så mange nye naustområde er utforminga av føresegnene ein særs viktig del av kommuneplanen. Fylkesmannen legg vekt på at naustområda gjeld fritidsrelatert arealbruk, der dei samfunnsmessige behova ikkje er særleg sterke, men konsekvensane for allmenne verdiar kan verte negative. Nausta er etter fylkesmannen sin oppfatning vesentleg større enn det lagerplass for småbåt med utstyr krev, og fylkesmannen meiner privatiseringa aukar med aukande storleik. Sekundære inngrep i strandsona vert ofte større, og god landskapstilpassing vert vanskelegare. I ein periode med sterkt fokus på skjerpa strandsonepolitikk, vil det etter fylkesmann sitt syn vere feil å opne for ein etter måten liberal byggepraksis for naust.

Fylkesmannen aksepterer heller ikkje at det manglar konkretisering av bryggjeanlegg i føresegnene. Det er ikkje stilt krav til storleik og utforming av bryggjer, eller kva som vert kravd for å unngå ferdselshinder, slik at det vert reint skjønn kva som er tillate. Fylkesmannen meiner det er viktig å få presis styring med bryggjer. Bryggje i front av naust får ofte stor barriereverknad og landskapsverknad og naturinngrep vert fort vesentlege. Fylkesmannen meiner dette ikkje er i samsvar med intensjonen med strandsonevernet.

Mekling i saka fann stad 28. april 2004. Det vart semje om å redusere nauststorleiken frå 36 m 2 >til 30 m 2 >(T-BRA). Det vart og semje om at representantar frå kommunen og fylkesmannen skulle utarbeide nye forslag til formuleringar om storleik og utforming av bryggjer, og om passasje for allmenta langs sjøen. Fylkesmannen ville trekke motsegnene dersom det aktuelle kompromissforslaget vert vedteke av kommunestyret.

Det vart deretter utarbeidd revidert utkast til føresegner, datert 3. mai 2004.
Det vart foreslått endringar i føresegnene pkt. 1.3 og 2.6 om storleik, utforming etc. for naust og bryggjer i byggjeområde for naust og LNF-område med spreidd naustbygging. Mellom anna vart det fastsett at maks storleik på naust skal reduserast frå 36 m 2 >til 30 m 2 >T-BRA. Det vart dessutan fastsett at bryggje i tilknyting til naust skal vere avgrensa i storleik og dekke behovet for båtplass og tilkomst til båt. For landbruks-, natur og friluftsområda vart det i tillegg fastsett at mål for topp bryggje ikkje skal overstige lengd 5 m og breidd 1,8 m.

Kommunestyret vedtok 8. juni 2004 med 17 mot 12 røyster å avvise rådmannen sitt framlegg til vedtak av reviderte føresegner, og heldt såleis på det tidlegare vedtaket.

Kommunen sende saka over til fylkesmannen ved brev av 6. august 2004.
Kommunen peiker på at kystsona har vore eit hovudtema ved denne planrevisjonen. Grunnen til det er at kommunen såg behov for eit betre plangrunnlag for å handtere søknader om tiltak i strandsona, mellom anna naustbygging. Tidlegare praksis basert på dispensasjon var ikkje farbar veg lenger og vart heller ikkje godteke av fylkesmannen. Som ein del av planarbeidet vart det difor gjennomført ei omfattande registrering i strandsona og avmerka 45 naustområde. Grunnen til at kommunestyret avviste resultatet frå meklinga var at dei meiner fylkesmannen går for langt i å detaljstyre. Rådmannen tilrådde i innstillinga at kommunestyret vedtok endringane ut frå eit ønskje om å kome i mål med kommuneplanarbeidet. Han var likevel kritisk til at fylkesmannen skal gå inn på detaljer som dette og ser det som ei underkjenning av den evne lokale organ har til å utøve skjønn.

Fylkesmannen tilrådde i oversendingsbrevet til departementet 14. september 2004 at motsegna blir teken til følgje. Fylkesmannen peikar på at sikring av strandsona mot utbygging har fått større fokus. Det er eit aukande press når det gjeld bygging av naust og bryggjer i Tysvær, særleg i tilknyting til fritidseigedomar. Føresegnene vil etter fylkesmannen si vurdering gi for store negative konsekvensar for allmenne verdiar i strandsona.

Møte og synfaring på nokre av dei aktuelle naustområda vart halde 9. februar 2005, med representantar for kommunen, fylkesmannen og Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet si vurdering

Motsegna gjeld 40 område som i kommuneplanen sin arealdel er vist som landbruks-, natur- og friluftsområde med spreidd utbygging av naust, og 5 område som er vist som byggjeområde for naust. Planen tillet bygging av til saman 150 naust med tilhøyrande bryggjer i desse områda. Kommunen ønskjer å legge til rette for naustbygging gjennom kommuneplanen og vil ha ei differensiert forvaltning. Kommunen har gjennom føresegner søkt å styre lokaliseringa og utforminga av naust og bryggjer. Kommunen og fylkesmannen er samde om dei utpeikte naustområda, og dei er og samde om at det er naudsynt å sette nærare vilkår for bygginga. Dei er likevel ikkje samde om dei konkrete føresegnene som skal gjelde for naust og brygger.

Usemja gjeld i det vesentlege kor store nausta kan vere og storleiken og utforminga av tilhøyrande bryggjer. Kommunen meiner nausta kan vere 36 m 2> T-BRA, mens fylkesmannen meiner 30 m 2 >er nok.>Kommunen har ikkje sett konkrete krav til bryggjene, mens fylkesmannen meiner det må setjast ei grense for storleiken. Etter meklinga vart kravet konkretisert til at mål for topp bryggje ikkje skal overstige maks lengd 5 m og breidd 1,8 m.

Det er eit viktig nasjonalt mål å hindre bygging og privatisering i 100-metesbeltet langs sjøen, mellom anna for å sikre allmenn ferdsel og omsynet til landskap og natur. Det er lokal tradisjon med naust mange stader, og nokre kommunar ønskjer å legge til rette for bygging av naust og brygger. Innpassing av naust og bryggjer langs sjøen må då gjerast på ein bevisst og varsam måte, slik at det ikkje går ut over omsyna som ligg til grunn for vern av strandsona.

Miljøverndepartementet ser det som svært positivt at Tysvær kommune har vurdert behovet for bygging av naust i kommuneplanen i staden for at bygging skjer etter dispensasjonar. Tysvær kommune har gjort eit grundig og godt arbeid i denne samanhengen og har laga ein eigen rapport som ligg til grunn for utpeikinga av naustområda.

Dei aktuelle naustområda er ulike. Nokre av områda er urøyrte, medan andre har naust frå før. Når det vert opna for bygging av naust i eit så stort omfang som i dette høvet , for område av ulik type, er det svært viktig at det vert sett klåre og strenge grensar for bygginga ut frå dei sterke allmenne interessene som er knytt til strandsona. Strenge rammer er viktig for å unngå ferdselshindring og privatisering og uheldige inngrep i naturen og landskapet. Det er og viktig for å hindre at naust går over til annan bruk, til dømes til fritidshus.

Dei føresegnene kommunen har vedteke for naust og brygger, gir etter departementet si oppfatning ikkje god nok styring med utbygginga. Det er gitt rom for svært store naust, på opp mot 36 m 2 >T-BRA. Det går ikkje presist nok fram kva for grenser som gjeld for storleiken på tilhøyrande bryggjer. Dermed kan bygginga av naust og bryggjer få uheldige konsekvensar for strandvernet. Miljøverndeparte­mentet er difor samd med fylkesmannen i at føresegnene må strammast inn når det gjeld storleiken på naust og bryggjer, i tråd med det ein vart samde om på meklinga og i det reviderte utkastet til føresegner. Miljøverndepartementet meiner og at føresegnene for bryggjer må vere like for alle områda.

I føresegnene er det ikkje stilt krav om reguleringsplan før bygging. Formuleringa av føresegnene er her noko misvisande. Formuleringa "LNF-område der spreidd naustbygging kan tillatast" må difor endrast til "LNF-område der spreidd bygging er tillate".

Miljøverndepartementet meiner etter dette at det må gjerast følgjande endringar i føresegnene til arealdelen til kommuneplanen for Tysvær, under pkt. 1.3 om byggjeområde for naust og pkt. 2.6 LNF-område med spreidd naustbygging (endringa er vist i kursiv):

- Overskrifta til 2.6 skal lyde: LNF-område der spreidd naustbygging er tillete.
- I pkt. 8 må maks storleik på naust endrast frå T-BRA 36 m 2 >til 30 m 2>.
- Pkt. 12 får denne tilføyinga: Mål for topp bryggje skal ikkje overstige lengd 5 m og breidd 1,8 m.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd finn Miljøverndeparte­mentet å ville godkjenne Tysvær kommunestyre sitt vedtak av 8. juni 2004 om arealdelen til kommuneplanen, med endringar i føresegnene i planen slik det går fram ovanfor.

Det godkjende plankartet følgjer vedlagt, med påteikning om godkjenninga.

Miljøverndepartementet føreset at kommunen sjølv tar inn endringane i føresegnene på dei punkta som er nemnt ovanfor.

For kunngjeringa av den endelege arealdelen til kommuneplanen gjeld reglane i plan- og bygningslova § 20-5 åttande ledd.

Med helsing
Øyvind Håbrekke

Kopi:
Tysvær kommune
Rogaland fylkeskommune

Vedlegg:
Saksdokumenta i retur