Høringssvar fra Språkrådet

Dato: 23.06.2022

Høyringsfråsegn frå Språkrådet om NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet

Språkrådet viser til NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet. God ytringskultur må bygges nedenfra, som blei overlevert til Kunnskapsdepartementet 21. mars 2022.

I høyringsbrevet ber departementet særleg om synspunkt på kva tiltak som kan og bør følgjast opp på departementsnivå, for å støtte opp om arbeidet med god kultur for akademisk fridom, akademisk ytringsfridom og formidling til samfunnet ved dei akademiske institusjonane.

Denne høyringsfråsegna frå Språkrådet omhandlar desse punkta frå oppsummeringa i kapittel 7.7 Oppsummering i NOU-en: punkt 8 b, punkta 12, 13, 14 og 15 og punkt 16 b. Punkta er omtalte i ei anna rekkjefølgje i teksten. Teksten inneheld også ei drøfting av kva som ligg i omgrepet formidling, med særleg vekt på norsk fagspråk.

Språkrådet er samd med utvalet i at Kunnskapsdepartementet i forskrift må krevje norsk samandrag i doktorgradsavhandlingar og påleggje Forskingsrådet å sørgje for at det blir publisert samandrag på norsk av alle prosjekta i Forskingsrådets prosjektbank.

Språkrådet er samd med utvalet i at institusjonane bør synleggjere i sine strategiar at akademisk ytringsfridom, allmennretta fagleg formidling og aktiv deltaking i det opne ordskiftet er ein sjølvsagd del av universitetsoppdraget – og, vil vi leggje til, av oppdraget til høgskulane.

Språkrådet er samd i tilrådinga frå utvalet om at alle doktorgradsavhandlingar skal innehalde eit element av allmennretta formidling, og at dette må inn i kontrakt og forskrift.

Språkrådet er samd i at institusjonane må ta sitt lovfesta ansvar for norsk fagspråk på alvor, og at dei må bidra til å utvikle norsk fagterminologi.

Synspunkt på bruk av formidlingsindikator knytt til finansieringssystemet og utviklingsavtaler er kommenterte i eiga høyring om finansieringssystemet.

Bakgrunn for framlegga frå Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kulturdepartementet. Språkrådet skal føre tilsyn med korleis dei som har plikter etter språklova, praktiserer og etterlever rettsreglane, og rettleie om kva som skal til for å oppfylle krava i lova.

Føremålet med språklova er å styrkje norsk språk slik at det blir verande eit samfunnsberande språk som skal kunne brukast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. I den norske språkpolitikken er utvikling av fagspråk i universitets- og høgskulesektoren peika ut som særleg viktig for å nå det målet. Ifølgje paragraf 1-7 i universitets- og høgskulelova har universiteta og høgskulane ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk.

Paragraf 100 i Grunnlova pålegg styresmaktene å leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Eit velfungerande moderne demokrati er mellom anna avhengig av ei opplyst og informert befolkning som har tillit til styresmaktene. Difor bør vi alle ha tilgang til forskingsbasert kunnskap på norsk som gjer det mogeleg for folk å setje seg inn i viktige og aktuelle samfunnstema.

I språklovsproposisjonen (Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova)) er det framheva at språkpolitikken skal vere sektorovergripande. Det vil seie at kvart departement skal følgje opp språkpolitikken på sitt ansvarsområde. Skal Stortinget kunne følgje med på effekten av den vedtatte språkpolitikken, mellom anna når det gjeld tilhøvet mellom norsk og engelsk, må det etablerast indikatorar som kan gje informasjon om språksituasjonen og språkutviklinga i dei ulike samfunnssektorane (s. 23). I høgare utdanning er det særs viktig å ha indikatorar for formidling, og særleg den delen av formidlinga som er viktig for det norske fagspråket, i tillegg til indikatorar for dei andre delane av samfunnsoppdraget til sektoren.

Merknader til dei einskilde punkta i kapittel 7.7 Oppsummering (s. 113)

Språkrådet vil først kommentere dei punkta i NOU 2022: 2 som inneheld tiltak vi meiner må følgjast opp på departementsnivå. Dette gjeld punkt 14 og 16 b. Deretter vil vi kommentere andre punkt som vi meiner det òg er viktig å løfte fram i denne samanhengen, og som kanskje bør løftast opp på departementsnivå. Dette gjeld punkt 8 b og 12 (handsama under eitt) og punkt 13 og 15.

Punkt 14 om norsk samandrag i doktorgradsavhandlingar

Språkrådet er samd med utvalet i at Kunnskapsdepartementet i forskrift må krevje norsk samandrag i doktorgradsavhandlingar. Språkrådet meiner at eit slikt samandrag må gjere greie for hovudfunna i avhandlinga, ha eit spesifisert omfang og bidra til bruk og styrking av norsk fagspråk på det aktuelle forskingsområdet. Om ein doktorand ikkje meistrar norsk, må institusjonen ta ansvar for at samandraget blir omsett til norsk på ein måte som stør hovudintensjonen om å styrkje og bruke norsk fagspråk.

Punkt 16 b om samandrag på norsk i Forskingsråd-prosjekt

Språkrådet er samd med utvalet i at Kunnskapsdepartementet må påleggje Forskingsrådet å sørgje for at det blir publisert samandrag på norsk av alle prosjekta i Forskingsrådets prosjektbank. Også her må det leggjast til rette for omsetjing til norsk i dei tilfella der det trengst. Språkrådet meiner at med eit samandrag på norsk vil det dessutan bli lettare å gjere forskingsresultat raskt tilgjengelege og relevante i undervisningssamanheng.

Også her vil Språkrådet påpeike at samandraget må ha eit visst omfang. Eit krav om at det også blir utarbeidd norsk terminologi (norske fagord) for dei nye omgrepa som forskinga omfattar, er viktig både for å stø dei lovpålagde oppgåvene på fagspråkfeltet og for å utvikle norsk fagspråk. Norsk terminologi vil gje fleire tilgang til forskingsresultata.

Grunngjeving for punkta 14 og 16 b om samandrag

Språkrådet meiner at eit samandrag på norsk er viktig for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Dessutan bør samandraget ha eit visst omfang, slik at fagspråket blir brukt i ein kontekst. Dersom det då ligg føre eit samandrag på både engelsk (eller eit anna språk når det gjeld avhandlingar) og norsk, vil det late seg gjere å trekkje ut den fagterminologien som ligg i teksten, og innarbeide han anten direkte i Termportalen, den nasjonale portalen for terminologi ved Universitetet i Bergen, eller i ein lokal termbase som er lenkja til Termportalen. Sidan nye omgrep ofte oppstår i samband med ny forsking, vil ein dermed tidleg kunne fange opp desse omgrepa og få forslag til ei norsk omsetjing av dei.

Eit samandrag på norsk vil dessutan gjere det lettare for til dømes journalistar å fange opp kva tema det har blitt forska på, slik at dei kan formidle dette i sine publiseringskanalar. Det igjen kan bidra til ei opplyst og informert befolkning.

Punkt 8 b om forventningar til den einskilde om formidlingsaktivitet og punkt 12 om vektlegging av formidlingsaktivitetar

Språkrådet er samd med utvalet i at institusjonane bør synleggjere i sine strategiar at akademisk ytringsfridom, allmennretta fagleg formidling og aktiv deltaking i det opne ordskiftet er ein sjølvsagd del av universitetsoppdraget – og, vil vi leggje til, av oppdraget til høgskulane. Punkta 8 b og 12 inneheld meir detaljerte opplysningar om korleis dette kan gjerast:

· «forventninger til den enkelte, f.eks. gjennom ansettelsesprosessen, om formidlingsaktivitet»

· «formidlingsaktiviteter kan vektlegges mer ved ansettelser og opprykk»

· «forventning om formidlingsaktivitet kan […] legges tydeligere inn i arbeidsavtaler»

· «det etableres transparente belønnings-/insentivsystemer for formidling […] på institusjonsnivå […] uavhengig (sic) om det innføres en nasjonal formidlingsindikator»

Språkrådet meiner også at det må spesifiserast i tildelingsbreva til institusjonane at formidling på norsk er ein del av oppdraget deira. Det er eit krav at institusjonane i årsrapporten skal rapportere om arbeidet dei gjer for til dømes likestilling og mangfald. På same måte må det vere eit krav at dei skal rapportere om det arbeidet dei gjer for norsk språk og særleg norsk fagspråk.

Grunngjeving

Samfunnsoppdraget til universiteta og høgskulane er firedelt: dei skal forske, utdanne, formidle og bidra til ei berekraftig utvikling. Det er særleg oppdraga forsking, utdanning og formidling som er viktige for det norske fagspråket. Då må også formidlinga gjerast synleg og bli vektlagd som del av verksemda til institusjonane. Formidlinga er særs viktig for eit velfungerande demokrati og eit ope og opplyst ordskifte. Dessutan er formidlinga viktig for å vedlikehalde og utvikle eit levande og moderne norsk fagspråk som vi kan bruke i dette ordskiftet.

Punkt 13 om formidling som del av doktorgradsutdanningane

Språkrådet er samd i tilrådinga frå utvalet om at alle doktorgradsavhandlingar skal innehalde eit element av allmennretta formidling, og at dette blir tatt inn i den kontrakten kvar institusjon har med stipendiatane.

Språkrådet meiner dessutan at dette elementet må inn i forskrift, på same måte som eit norsk samandrag av avhandlinga (sjå ovanfor).

Grunngjeving

Språkrådet viser til grunngjevingane ovanfor. Sjå elles punkt 7.4.6 Norsk i akademia i NOU-en.

Punkt 15 om utvikling av fagterminologi

Språkrådet vil få understreke at vi er samde i at institusjonane må ta sitt lovfesta ansvar for norsk fagspråk på alvor, og at dei må bidra til å utvikle norsk fagterminologi. Dei tilsette må få tid til å utvikle mellom anna leksikalske verk og lærebøker, og norskopplæringa for tilsette som ikkje kan norsk, må styrkjast. Lærebokstønaden som skal sikre norsk og samisk pensumlitteratur, må vidareførast i eit tilstrekkeleg omfang.

Kva er formidling?

Kierulf-utvalet har i sin rapport drøfta ein formidlingsindikator som del av finansieringssystemet (pkt. 7.3.2). Ein formidlingsindikator er viktig, uavhengig av om han blir ein del av finansieringssystemet eller ikkje. Difor kan det vere nyttig å drøfte kva formidling er, med utgangspunkt i drøftinga til utvalet. Utvalet har sett på

1. kva krav ein bør stille til akademisk formidling

2. korleis formidling bør registrerast

3. kva aktivitetar som bør inngå i ein formidlingsindikator

Kriteria som er sette opp her, bør også kunne nyttast til å seie noko om kva formidling i høgare utdanning bør vere, og korleis slik formidling bør omtalast. Med dette som utgangspunkt og med tanke på norsk fagspråk har Språkrådet desse kommentarane til punkt 2 og 3:

Punkt 2 – Korleis bør formidling registrerast: Utvalet meiner at det som i alle fall bør registrerast, er «hvilken formidlingsvirksomhet som er gjennomført og i hvilket forum formidlingen er kommunisert». Språkrådet meiner at ein i tillegg bør registrere kva språk formidlinga er gjennomført på, slik at det skal late seg gjere å følgje med på om formidlinga er ein del av det ansvaret institusjonane har for det norske fagspråket, og om formidlinga dermed er retta mot ei norsk allmente.

Punkt 3 – Kva aktivitetar bør inngå i ein formidlingsindikator: Utvalet meiner at desse aktivitetane vil vere føremålstenlege (s. 94):

- skriftlege bidrag i media (kronikkar, lesarinnlegg og leksikonartiklar)

- eigen digital formidling (bloggpost, podkast)

- intervju, deltaking i media, dokumentar

- føredrag (unntatt føredrag for fagfeltet)

Når det gjeld norsk fagspråk, er det først og fremst den skriftbaserte, kvalitetssikra formidlinga som er viktig. Av dei aktivitetane som er skisserte ovanfor, bør først og fremst leksikonartiklar inngå i formidlingsindikatoren, men også bloggpostar kan vere aktuelle. I tillegg meiner Språkrådet at desse aktivitetane bør registrerast som formidling i eit indikatorsystem:

- terminologiarbeid, dvs. utarbeiding av norsk terminologi som kan takast inn i Termportalen ved Universitetet i Bergen, slik at han blir tilgjengeleg for både tilsette og studentar på universiteta og høgskulane, men også for t.d. omsetjarar, journalistar, kommunikasjonsmedarbeidarar og andre som måtte ha behov for han (jf. Kierulf-rapporten s. 55 f)

- lærebøker og andre typar læremiddel, sjangrar som trengst for å oppretthalde eit fullt ut funksjonelt fagspråk, og som er særleg viktige i norsk samanheng, sidan den vitskaplege artikkelen i dei fleste fag står svakt som norskspråkleg sjanger

Særleg lærebøker er ein sjanger der fagfolk får praktisert fagspråket i lengre resonnement, og der dei får prøvd ut kva fagtermar som fungerer i praksis. Slike tekstar kan også vise studentar og andre korleis fagspråket blir brukt i praksis. Kierulf-utvalet drøftar lærebøker som ein del av formidlinga (s. 56) og viser til at Kunnskapsdepartementet tidlegare har utelukka lærebøker som ein del av finansieringssystemet fordi dei «kan gi personlig fortjeneste». Ser vi vekk frå finansieringssystemet, må lærebøker inngå i ein formidlingsindikator då dette er ein særs viktig sjanger for det norske fagspråket.

Skal institusjonane kunne følgje med på det arbeidet dei gjer for norsk fagspråk, og dermed oppfylle paragraf 1-7 i UH-lova, bør leksikonartiklar (og ev. bloggpostar), terminologiarbeid og lærebøker bli registrerte spesifikt. Dette vil også gjere det enklare for institusjonane å rapportere på slikt arbeid (jf. årets tildelingsbrev til universiteta og høgskulane).

Sjølv om eit norsk fagspråk og norskspråklege læremiddel ikkje i seg sjølv representerer utoverretta formidling, gjer dei det mogleg å formidle akademisk fagkunnskap til allmenta på norsk.

Språkrådet støttar også forslaget frå Kierulf-utvalet om å kraftig forenkle rapporteringssystemet for formidlingsverksemd i samband med at Cristin blir fasa ut og erstatta med Nasjonalt vitenarkiv. Og som utvalet skriv: «Det vil bli behov for slik registrering uavhengig av om det blir tatt inn en formidlingsindikator i finansieringssystemet» (s. 94).

Oppsummering

Språkrådet meiner at det må vere krav om norsk samandrag i doktorgradsavhandlingar, og at alle doktorgradsavhandlingar må innehalde eit element av allmennretta formidling. Vi meiner også at det må publiserast samandrag på norsk av alle prosjekta i Forskingsrådets prosjektbank.

Språkrådet meiner dessutan at institusjonane i sine strategiar bør synleggjere at akademisk ytringsfridom, allmennretta fagleg formidling og aktiv deltaking i det opne ordskiftet er ein sjølvsagd del av oppdraget deira. Institusjonane må også ta sitt lovfesta ansvar for norsk fagspråk på alvor, og dei må bidra til å utvikle norsk fagterminologi.

Språkrådet meiner også at rapporteringssystemet for formidlingsverksemd må forenklast kraftig i samband med at Nasjonalt vitenarkiv blir tatt i bruk.

Språkrådet understrekar at formidling ikkje bør vere annleis merittert enn forsking og undervisning. Formidling må også i praksis jamstillast som fagleg aktivitet. For norsk fagspråk – og norsk språk – er det formidling i form av fagbøker, lærebøker, terminologiprosjekt og leksikonartiklar som er det viktigaste. Denne formidlinga er viktig også for å gjere forskinga relevant raskt, for å leggje til rette for eit opplyst ordskifte og for å skape høg tillit til forskingsresultata i samfunnet.