Høringssvar fra Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur

Dato: 21.06.2022

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, takkar for høvet til å delta i høyringa om akademisk ytringsfridom. Nynorsk kultursentrum er ei stifting, som mellom anna seks universitet og høgskular står bak. Me har som oppgåve å fremme og styrkje nynorsk skriftkultur gjennom vitskapleg, kulturelt og politisk arbeid. Styret i stiftinga behandla NOU-en i styremøte måndag 20. juni 2022.

Me legg særleg vekt på dei språklege perspektiva i vårt høyringssvar, og vonar desse vert synlege i den varsla langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Innspela er derfor særleg til punkt 15 i oppsummeringa og kapittel 7.4.6. Me meiner utgreiinga ikkje i tilstrekkeleg grad svarer på prinsippet og ansvaret det offentlege har for nynorsk som mindretalsspråk etter § 1 tredje ledd i språklova.

Språklova og det særlege ansvaret for nynorsk språk

Det er positivt at Språkrådet er teke med på råd, og at norsk fagspråk har fått eit eige underkapittel i denne utgreiinga. Utgreiinga er likevel mangelfull. I kapittelet «Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget» i Prop. 108 L Lov om språk er det presisert at tredje ledd «lovfestar eit prinsipp om å vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk. […] Fremje skal tolkast slik at det er pålagt det offentlege å auke bruk av nynorsk på ein måte som går vidare enn det som følgjer av særlovgjeving §§ 12–18.»

Utover å sitere statistikk frå Språkrådet går ikkje utvalet vidare inn på å vurdere mindretalssituasjonen for nynorsk. Tala kan tyde på at ytringsrommet på nynorsk er svekka i akademia. Ei rekkje uformelle prosessar er ofte med på å styrkje undertrykking av mindretal og mindretalsspråk. Det krev eigne tiltak for å sikre nynorsk som akademisk språk. Om ein skal ha rom for å ytre seg på eit språk, må ein også verte eksponert for dette språket.

Mangelen på nynorskspråklege læremiddel i grunnutdanningane ved universiteta og høgskulane er med på å svekkje den nynorske ytringsfridomen i akademia. Ein av intensjonane for statleg støtte til læremiddelproduksjon for høgare utdanning var å auke jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Denne intensjonen er delvis svekka i ordninga. Rapport fra gjennomgang av lærebokordningen for høyere utdanning våren 2021 av Diku syner dette, og føreslår nokre grep. Det er ikkje nok. Det bør vere eit krav for utdanningar der Kunnskapsdepartementet set rammeplanen at studentane skal ha kjennskap til fagterminologi på nynorsk og bokmål. Dette vil ikkje svekkje den akademiske fridomen, men gje insentiv til at studentar og akademikarar kan ytre seg om fag på eige språk.

NK er også uroa for at nynorsk er mindre i bruk som master-, ph.d.- og forskingsspråk. Eit krav om samandrag på norsk, og då like gjerne nynorsk som bokmål, på vitskaplege artiklar og avhandlingar, kjem til å styrkje dette

Formidlings- og samfunnsoppdraget for norske vitskaplege institusjonar

Me er glade for at formidlingsoppdraget og det språklege ansvaret for UH-institusjonane er gitt vekt i denne utgreiinga. Nynorsk kultursentrum meiner at utviklingsavtalane bør spegle intensjonane UH-lova, og dermed ta innover seg ansvaret for norsk fagspråk, med både nynorsk og bokmål. Dei skjerpa formuleringane i tilskotsbreva for 2022 er viktige steg i riktig retning for å styrkje ytringsrommet på norsk, og rommet UH-tilsette har i norsk offentlegheit. Det er viktig å presisere at UH-institusjonane bør leggje særleg til rette for at studentar og vitskapleg tilsette har rom til å ytre seg på nynorsk, som eit særleg truga språk i denne samanhengen. Det bør presiserast at ansvaret for fagterminologi, må innebere at ein lagar parallelle lister på nynorsk og bokmål i alle fagområde. Det er også avgjerande at norskopplæringa for ikkje-norskkunnige tilsette må styrkast, og inkludere opplæring i nynorsk.

I utgreiinga seier utvalet at lærebokstøtta for å sikre norsk og samisk pensumlitteratur må førast vidare på eit tilstrekkeleg nivå. Det er viktig å understreke at ein av hovudintensjonane med ordninga opphavleg var å sikre nynorsk pensumlitteratur, slik at det vart eit meir brukt språk på fleire fagområde. Denne intensjonen bør følgjast opp vidare. Truleg bør rammene for ordninga verte utvida, for å nå den større trugselen frå engelsk. Departementet bør vurdere å støtte omsetjing av viktige læremiddel frå engelsk i fag der omfanget av norskspråkleg litteratur er særleg lite. Då kunne ein gjerne sagt at omsetjinga måtte vere til nynorsk, for å styrkje det som språk i akademia.

Det er positivt at leksikonarbeidet til Store norske leksikon (SNL) er nemnd spesifikt i NOU-en. Me har frå 2020 vore ein av medlemene og har ein eigen samarbeidsavtale med mål om å styrkje delen nynorsk i SNL, som ei vidareføring av arbeidet med nynorskleksikonet Allkunne som me har arbeidd med frå 2009. Det er avgjerande viktig for nynorsk som fagspråk at det vert brukt av akademikarar i leksikonformidling i eit mangfald av fagområde. NK meiner det er viktig at KUD og KD sikrar løyvingar til SNL for framtida, og stiller tydelege krav om bruk av nynorsk i dette tiltaket.

NK ønskjer i utgangspunktet ikkje å meine noko om finansieringssystemet. Me meiner at krav til fagformidling, til dømes gjennom leksikon, læremiddelproduksjon og anna tekstproduksjon skal vere lagt vekt på i opprykkskrav til førsteamanuensis/ professor eller førstelektor/ dosent og i ph.d.- utdanningane.

Akademisk ytringsfridom i arkiv-, bibliotek- og museumssektoren.

Mandatet til utvalet har i stor grad vore avgrensa til tilsette og institusjonar som er underlagt universitets- og høgskulelova. Me vil likevel oppmode Kunnskapsdepartementet til å gå i dialog med Kultur- og likestillingsdepartementet om å vurdere om tilsvarande tiltak for å sikre akademisk ytringsfridom bør gjelde i arkiv-, biblioteks- og museumssektoren. Mange institusjonar i dette feltet har mindre utvikla forskings- og ytringskultur enn universiteta og høgskulane, og eit meir medvite arbeid med dette er nødvendig for å sikre den akademiske ytringsfridomen i landet som heilskap.

Våre konkrete innvendingar og tiltak

Gjennom høyringssvaret har me fleire konkrete innvendingar og tiltak. Desse kan summerast opp i desse punkta:

Generelle tilbakemdlingar:

  1. Publiseringstala på nynorsk syner at ytringsrommet for nynorskbrukarar i UH-sektoren er for lite.
  2. NOU 2022: 2 er eit døme på at Kunnskapsdepartementet ikkje har tilstrekkelege rutinar for å følgje opp § 1 i språklova og sektoransvaret for norsk språk, som inneber å særleg vurdere stoda for nynorsk
  3. KD må gå i dialog med KUD med tilsvarande tiltak som i UH-sektoren for å sikre akademisk ytringsfridom ved arkiv, bibliotek og museum

Betre rammevilkår for nynorsk i utdanningane

  1. Krav i rammeplanane, der departementet fastset dette, at studentane skal ha kjennskap til terminologi på bokmål og nynorsk
  2. Krav om samandrag på norsk (og då like gjerne nynorsk som bokmål) for alle master- og ph.d.-oppgåver i Noreg
  3. Støtteordninga for læremiddel må ivareta intensjonane om styrka nynorsk fagspråk

Betre rammevilkår for nynorsk blant dei tilsette

  1. Krav om samandrag på norsk (og då like gjerne nynorsk som bokmål) for alle vitskaplege artiklar i Noreg
  2. Krav om fagformidling, til dømes gjennom leksikon, læremiddelproduksjon og anna tekstproduksjon for professor, førsteamanuensis, dosent og førstelektor
  3. Norskopplæring for ikkje-norskspråklege tilsette må inkludere opplæring i nynorsk
  4. Krav om at terminologiarbeid blir gjort parallelt for bokmål og nynorsk
  5. KD og KUD stiller krav om bruk av nynorsk i Store norske leksikon ved offentlege løyvingar

Med venleg helsing Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur

Reidar Sandal
styreleiar

Per Magnus Finnanger Sandsmark
direktør