Høringssvar fra Noregs Mållag

Dato: 25.06.2022

Høyringssvar NOU Akademisk ytringsfrihet — God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag.

Onsdag 30. mars kom ekspertgruppa for akademisk ytringsfridom med sin NOU Akademisk ytringsfrihet — God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag.

Noregs Mållag vil gjerne kome med innspel til utgreiinga, og me legg særleg vekt på dei språklege perspektiva i høyringssvaret. Innspela er difor særleg til punkt 15 i oppsummeringa og kapittel 7.4.6.

Noregs Mållag er svært glade for at utvalet ser på bruken av norsk språk som ein viktig del av den akademiske ytringsfridomen, og at kunnskapsformidling på det norske fellesspråket er avgjerande for eit opplyst og velfungerande demokrati. Me meiner likevel at utgreiinga ikkje i tilstrekkeleg grad følgjer opp prinsippet og ansvaret det offentlege har for nynorsk som mindretalsspråk etter § 1 tredje ledd i språklova.

Det er ein dramatisk nedgang i bruken av norsk i akademia, og noko må gjerast. For Noregs Mållag er det viktig å understreke at nynorsk er endå under sterkare press enn bokmål. Skal norsk vere eit samfunnsberande språk, er det viktig at det finst fagspråk og terminologi for alle område. Universitets- og høgskulesektoren har eit ekstra ansvar for å utvikle dette, jf. universitets- og høgskulelova § 1-7 som pålegg alle universitet og høgskular eit ansvar for å vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk og bidra til at det vert utvikla termar både på bokmål og nynorsk.

Det er gledeleg at utvalet mellom anna føreslår at Kunnskapsdepartementet forskriftsfestar krav om norsk samandrag i doktorgradsavhandlingar, og at utvalet slår fast at institusjonane må bidra til utvikling av fagterminologi. Likevel vil Noregs Mållag peike på den klåre tilrådinga frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (DIKU) i rapporten «Språkstrategiar i høgare utdanning» (2021). DIKU meiner at det bør opprettast ei nasjonal insentivordning som sikrar at arbeidet med norsk fagspråk og terminologi og skriving av læremiddel, leksikonartiklar, tidsskriftartiklar o.l. blir premiert og prioritert. Utvalet vil ikkje gå like langt, men meiner at tilsette må få tid til å skrive leksikonartiklar og lærebøker. Noregs Mållag meiner at insentivordninga som DIKU tilrår er betre, og det er òg i tråd med innspelet frå Språkrådet til utvalet.

Sidan det i vitskapleg arbeid vert publisert mest på engelsk, er det i forskingsformidling og læremiddelutvikling terminologiutviklinga i størst grad skjer. I dag er det få insentiv for å drive slikt arbeid, og såleis vert terminologi- og fagspråksarbeid nedprioritert. Det skadar norsk språk som heilskap. Mangelen på nynorskspråklege læremiddel og fagterminologi i grunnutdanningane er med på å svekkje den nynorske ytringsfridomen i akademia særskilt.

Det bør presiserast at ansvaret for fagterminologi må innebere at ein lagar parallelle lister over ord og uttrykk på nynorsk og bokmål for alle fagområde. Det er også avgjerande å styrkje norskopplæringa for ikkje-norskkunnige tilsette, og inkludere opplæring i nynorsk.

I utgreiinga seier utvalet at lærebokstøtta for å sikre norsk og samisk pensumlitteratur må førast vidare på eit tilstrekkeleg nivå. Det er viktig å understreke at ein av hovudintensjonane med ordninga opphavleg var å sikre nynorsk pensumlitteratur, slik at det vart eit meir brukt språk på fleire fagområde. Denne intensjonen må følgjast opp vidare med konkrete tiltak som fremjar nynorsk.