Høringssvar fra Høgskulen på Vestlandet

Dato: 22.06.2022

Akademisk ytringsfrihet (NOU 2022:2)
Høyringssvar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL)

Vi viser til høyringsbrev og rapport NOU 2022:2 med frist 25.6.22.

Vi lever i ei verd kor sanninga vert utfordra og kor debattklima hardnar til. Viktige verdiar står under press dagleg. Dette er trugslar mot demokrati og det rokkar ved grunnleggjande tilhøve i samfunnet vårt. Her har høgskular og universitet ei særs viktig rolle. Her må vi stå opp og setje spor. Det er derfor positivt at Kierulf-utvalet løftar fram den einskilde institusjon med leiing og tilsette sitt ansvar for å hegna om og utvikla den akademiske ytringsfridomen.

Profesjons- og arbeidslivsretta institusjon

Rapporten er særleg viktig for Høgskulen på Vestlandet og for det nye universitetet vi byggjer. Med ein profesjons- og arbeidslivsretta utdannings- og forskingsinstitusjon står vårt arbeid i eit stadig samspel med praksisfelt, ulike eksterne aktørar og samarbeidspartar. Skal ein vera truverdig som institusjon og ha legitimitet innan både utdanning, forsking og nyskaping, må vi bygge på eit vitskapleg grunnlag og vere frie og uavhengige. Det sanningssøkande er ein grunnmur for vårt samfunn og kunnskapsutvikling.

Akademisk fridom og akademisk ytringsfridom

Det er grunn til å peika på at rapporten tidvis ikkje gjer ei klar avgrensing mellom akademisk ytringsfridom og akademisk fridom.

Akademisk fridom og akademisk ytringsfridom grip inn i kvarandre, og då særleg i form av sjølvsensur, som rapporten identifiserer som det største trugsmålet om den akademisk ytringsfridomen. Samstundes hindrar sjølvsensur ikkje berre ytringar, men også sjølve den akademiske fridomen i form av at sjølvsensuren i mange tilfelle lèt forskinga bli styrt av forskingsprogram og øyremerka finansiering, noko som lett snevrar inn forskinga og forskingsspørsmåla. Fagmiljøa rettar i mange tilfelle forskinga si inn mot det offentlege og næringsliv etterspør, noko som ikkje alltid fremjar den kritiske forskinga. Finansieringsproblematikken kunne kome fram under kapittel 3.2, underpunktet «Samfunnet trenger at etablerte sannheter utfordres». Dette er også eksempel på samanheng mellom akademisk fridom og akademisk ytringsfridom.

Norsk fagspråk

Rapporten sin klåre bodskap om norsk fagspråk og koplinga til akademisk ytringsfridom er viktig. Høgskulen på Vestlandet har eigne språkpolitiske retningslinjer som omhandlar språk i utdanning, forsking og formidling. Dette gjeld både norsk språk og parallellspråk. Som del av høyringa trekker Høgskulen på Vestlandet fram enkelte utdrag frå våre eigne språkpolitiske retningslinjer :

Ein aukande del av forskinga ved HVL går føre seg i eit internasjonalt forskingssamarbeid, og mykje av publiseringa skjer på engelsk i internasjonale poenggivande tidsskrift. Éi viktig utfordring for HVL, og mange andre universitet og høgskular, er å sikre nasjonalspråkets status og plass i forskingssamfunnet.

….

Høgskulen skal òg oppfylle samfunnsoppdraget om å spreie og formidle forskingsresultat ved å stimulere til presentasjon av relevant forskingsbasert kunnskap på norsk gjennom ulike kommunikasjonskanalar.

….

Ein viktig del av høgskulens (HVL) oppdrag er å samverke med samfunnet for å halde ved like og utvikle den norske, og særleg den nynorske, fagterminologien innanfor dei profesjons- og arbeidslivsretta fagfelta.

….

Norskspråklege avhandlingar skal ha eit samandrag på engelsk, og engelskspråklege eit samandrag på norsk.

HVL støttar derfor alle forslag i rapporten som er knytt til bruk og ivaretaking av norsk språk i utdanning, forsking og formidling.

Studentperspektiv

Det er viktig at rapporten har med studentperspektivet, og instisjonane har eit stort ansvar i utdanningane.

Mange studentar kan i møte med fagstoff kjenna på ei vegring mot å ytra seg, i form av å gjera sjølvstendige vurderingar med utgangspunkt i eksisterande kunnskap. Akademisk ytringsfridom handlar også om å trena studentar, frå tidleg i studiet av, opp til å tenka sjølvstendig og kritisk. Dette er avgjerande for å bygga ein god ytringskultur nedanfrå, kvar dag. Kapittel 7.4.3, avsnittet «Særlig om studenter», kunne godt ha aksentuert at vekta på korrekt sitering og kjeldebruk i utdanningsløpet må gå hand i hand med ønsket om å utdanna reflekterte studentar og etter kvart medborgarar, som kan bruka akademisk kunnskap (jf. rapportens sentrale poeng om kvalitet i ytringane) til sjølvstendig meiningsdanning. Altså at det i godt akademisk handverk ikkje ein motsetnad mot eksakt referering/bruk av andre og det å utvikla sjølvstendige synspunkt. Dette poenget kjem elles fint fram i avsnitt to i framlegget til «Erklæring om akademisk ytringsfridom» (boks 7.2).

Open forsking

I kapittel 7.6 tek rapporten opp «Open forsking». Her kunne rapporten kome meir inn på kva spenningar som kan finnast mellom open forsking og akademisk ytringsfridom. Ei side ved open forsking som enno ikkje er så omfattande implementert, men som det vil bli meir fokus på i framtida, er open fagfellevurdering. Dette vil i høgste grad krevja at forskarar utviklar mot til å ope ytra velfundert kritikk mot anna forsking og mot sine fagfellar, ein kritikk som må vera sakleg og vera kjenneteikna av kvalitet i alle ledd. Eit sentralt spørsmål blir her: Kva konsekvensar kan open fagfellevurdering få for ytringskulturen på den eine sida og for akademisk kvalitetssikring på den andre? Open forsking representerer eit paradigmeskifte.

Institusjonane sitt samfunnsoppdrag og autonomi

Utdanning, forsking og formidling inngår i det samfunnsoppdraget norske universitet og høgskular har, og det er ein del av styringsstrategien at institusjonane skal ha stor autonomi. På eit prinsipielt grunnlag meiner derfor Høgskulen på Vestlandet at det ikkje er naudsynt med ei ytterlegare presisering av formidlingsansvaret i universitets- og høgskulelova (jfr. framlegget til nytt punkt 7 i §1–5). Det same gjeld forslaget om å nytte utviklingsavtalen til å få fokus på ytringsfridom. Utviklingsavtalen skal bidra til mangfald i sektoren, her har institusjonane eit felles ansvar som ligg i samfunnsmandatet.

HVL støttar rapporten sitt fokus og ansvarleggjering av den einskilde institusjon med leiing og tilsette for å hegne om og utvikle den akademiske ytringsfridomen. Det er vi sjølv som må gjera dette arbeidet, og opplæring og kulturutvikling er viktig, slik rapporten har ei påminning om. I det interne arbeidet er ytringsvettreglane (Boks 7.7 i rapporten) gode knaggar å leggja til grunn.