Høringssvar fra Universitetet i Stavanger

Dato: 24.06.2022

Høyring – NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet

Høyring av rapport frå ekspertutvalet for akademisk ytringsfridom – høyringssvar frå Universitetet i Stavanger


Universitetet i Stavanger (UiS) viser til Kunnskapsdepartementet sitt brev av 31. mars 2022 og takkar for moglegheita til å gje eit høyringssvar til ekspertutvalet for akademisk ytringsfridom.

UiS ser på rapporten frå ekspertutvalet som ein nyttig gjennomgang og ei grundig utgreiing av utfordringane for akademisk ytringsfridom i Noreg i dag. Rapporten representerer i seg sjølv eit viktig kunnskapsgrunnlag for forbetringar og betre medvit i universitets- og høgskulesektorens utvikling så vel som for ein ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Ekspertutvalet foreslår ei rekke tiltak som etter UiS si meining er konstruktive og nyttige for å auke forståinga av kor viktig akademisk ytringsfridom og sakleg debattkultur er for samfunnet og demokratiet vårt. Ei av dei fremste oppgåvene universiteta har, er å legge til rette for kunnskapsdeling, kritisk refleksjon og meiningsbryting i det offentlege ordskifte. Akademisk ytringsfridom er ein føresetnad for søking etter sanninga og sakleg diskusjon, og derfor viktig for å sikre demokratiet i ei tid med auka omfang av falske påstandar, mangel på kunnskap og polarisering.


Generelle tilbakemeldingar

Ekspertutvalet har definert akademisk fridom og akademisk ytringsfridom slik: Den akademiske fridomen er i si kjerne fridomen til å fritt bestemme kva ein vil forske på, kordan ein vil utøve si forsking, korleis og kor det man forskar på best skal gjerast kjend, og korleis ein skal legge opp undervisinga si. Den akademiske ytringsfridomen er underlagd dei normer og standardar som gjeld i forskingsfellesskapet. Desse normene kan legge føringar for innhaldet i akademiske ytringar, så som vitskapleg metode, representativitet, etikk, tilhøve til kjelder etc. Dei kan også legge føringar for forma akademiske ytringar blir sette fram i, slik som saklegheit, reieleg attgjeving av motpartens argument, referansar til kjelder etc. Den akademiske ytringsfridomen er også kjenneteikna av innsatsen for å ytre sanninga.

Å fremje kunnskapen om viktigheita av akademisk ytringsfridom internt i akademia sjølv og i samfunnet i sin heilskap er etter UiS sitt syn naudsynt i ei tid kor ytringsrommet dei seinare åra har vorte innskrenka i mange land, noko vi også har sett tendensar til i den norske offentlegheita. Som ekspertutvalet sjølv er inne på, handlar «trusselbiletet» for akademisk ytringsfridom i Norge i dag i liten grad om klassisk sensur eller problem med ytringsfridom rettsleg sett, men heller ofte om problem i ytringsrommet – noko som fører til sjølvsensur.

UiS meiner ekspertutvalet har drive ei god kunnskapsinnhenting og levert ein viktig gjennomgang av dei ulike årsakene til denne sjølvsensuren, som det er naudsynt at heile sektoren er vaktsame overfor. Tiltak som kan auke forståinga av akademisk ytringsfridom og ikkje minst minske sjølvsensuren og auke utøvinga av akademisk ytringsfridom og formidling blant dei tilsette ved universitet og høgskular, er noko UiS ønskjer å støtte opp om. UiS er positive til tiltak som vil legge tilhøva betre til rette for at den akademiske ytringsfridomen kan bidra til å løfte dei ideala rettsstatlege demokrati forutset. UiS er einig med utvalet som meiner det er naudsynt at akademisk ytringsfridom og akademisk ytringsansvar blir løfta fram i lovverk og gjennom tydelegare forventningar frå Departementet om at institusjonane tek ansvar.

Anbefalingar frå ekspertutvalet

UiS vil i det følgjande gje innspel og kommentarar til nokre av dei konkrete forslaga som er lagt fram av utvalet:

Endringar i universitets- og høgskuleloven

Utvalet peiker på at kultur må byggast nedanfrå, men meiner at det ut frå eit samfunnsmessig perspektiv er viktig å løfte fram formidlingsoppdraget og den akademiske ytringsfridomen gjennom demokratisk forankring i lov.

UiS er generelt positiv til dei fem endringane som er foreslått i universitets- og høgskuleloven §1–5, som er meint å få fram det institusjonelle ansvaret for dei tilsette og studentane sin akademiske fridom, og for å løfte fram dei tilsette si rett til og ansvar for å drive formidling.

Vi er også til dels positive til eit heilt nytt tredje ledd som skal lovfeste det ansvaret institusjonane har for å lære opp tilsette og studentar i akademisk fridom og akademisk ytringsfridom:

(3) Universiteter og høyskoler skal sikre at ansatte og studenter får tilstrekkelig opplæring i og forutsetninger for utøvelse av akademisk frihet, herunder akademisk ytringsfrihet.

Vi ser for oss at ei slik opplæring av tilsette skjer gjennom etablerte system som for eksempel gjennom leiarutviklingsprogram, program for nye tilsette og i ph.d.-opplæringa. I sist nemnde vil det for UiS sin del bety at vi integrerer opplæring i akademisk fridom og akademisk ytringsfridom i den obligatoriske delen av doktorgradsløpet.

UiS er likevel noko betenkt til ei lovpålagt tilstrekkeleg opplæring av akademisk fridom og akademisk ytringsfridom for studentane, særleg ettersom utvalet ikkje poengterer på kva måte dette skal skje. Kunnskap om akademisk fridom og akademisk ytringsfridom er i dag ein viktig del av utdanninga på dei fleste studieprogram. Vi ser det som naturleg at opplæring i og føresetnader for utøving av akademisk fridom er ein integrert del av ei universitetsutdanning. Vi er difor skeptiske til å framheve akkurat denne kompetansen i universitets- og høgskuleloven framfor alle andre former for kompetanse som inngår i studieprogramma. Ved sida av dei ordinære studieprogramma tilbyr vi og frittståande kurs og seminar om ulike emne, som kjeldebruk og kjeldekritikk, for eksempel gjennom Universitetsbiblioteket. Her kan vi til dømes også vurdere kurs i akademisk fridom og akademisk ytringsfridom.

Utvalet peiker også på at akademisk ytringsfridom og formidling heng tett saman, som kunnskapsbasert, sannheitssøkande kommunikasjon. Med utvalets forslag om eit nytt tredje ledd i universitets- og høgskuleloven §1–5 vil institusjonane også få eit ansvar for å ha system og rutinar for opplæring i formidlingsoppdraget. Dersom ein heller brukar ordlyden «skal sikre at ansatte og studenter får tilbud om opplæring i …», kan institusjonane rigga seg på ein måte som bygger opp under gode rutinar og system utan at det krev store ressursar til å drive omfattande medieopplæring ved sida av studieprogramma.

Formidling som element i utviklingsavtaler

Utvalet foreslår at utviklingsavtalane som Kunnskapsdepartementet og universiteta og høgskulene har, skal innehalde mål som er knytt til formidling.

UiS har hatt formidling som ein viktig del av dei utviklingsavtalane vi så langt har hatt, og vi ser for oss at dette også vil vere tilfelle i framtida, sidan formidling er eit viktig strategisk mål for oss. Vi har mellom anna mål knytt til talet på nasjonale og internasjonale presseklipp årleg samt digital synlegheit i noverande utviklingsavtale og ser dette som eit naturleg element i avtalen.

Men det er samstundes UiS si meining at utviklingsavtalene ikkje må bli parallelle styringssystem. Utviklingsavtalene må vere forankra i institusjonanes eigne strategiar og ikkje bli til verkemiddel for gjennomføring av sentrale politiske mål. Vi er derfor kritiske til eit krav om at formidling skal inngå i utviklingsavtalene til alle institusjonar. UiS kritisk til å knytte finansiering til utviklingssamtalane. Det vil krevje måling/rapportering og benchmarking i ein eller annan form, noko som vi vurderer å vere ressurskrevjande og utfordrande så lenge kriterium og grunnlag i utviklingsavtalane er ulike.

Formidlingsindikator i finansieringssystemet

Utvalet foreslår at det bør innførast ein formidlingsindikator i finansieringssystemet for universitetet og høgskuler.

UiS støttar ikkje å innføre ein formidlingsindikator i finansieringssystemet. UiS støttar heller ei forenkling av finansieringssystemet og målet om større autonomi (styre meir i det store og mindre i det små) og auka mangfald i sektoren. Vi meiner at ei eventuell knyting av økonomi til avtalane – under dette ein formidlingsindikator – kan gjere fordelinga av midlar i sektoren mindre transparente enn det som er tilfelle med dagens finansieringsmodell. Vi meiner også det vil kunne gjere det vanskelegare å føreseie den totale finansieringsramma som den enkelte institusjon får (sjå tidlegare sendt høyringssvar av rapport frå ekspertutvalet om finansiering av universitet og høgskuler – høyringssvar frå UiS).

Enklare rapportering av formidling

Utvalet foreslår at rapporteringssystemet for formidlingsverksemd i Cristin forenklast kraftig.

UiS støttar forslag om forenkling av dokumentasjon av formidling spesielt når vi går over til etablering av eit nytt arkivsystem: Nasjonalt vitenarkiv (NVA). Per i dag er det alt for mange kategoriar. Fleire av desse bør samlast i ein felles kategori.

Institusjonens ansvar: formidlingsindikator

Utvalet peiker på at kulturendringar ikkje er noko eit utval kan foreslå ovanfrå. Dei må dyrkast fram nedanifrå og vatnast jamleg i kvar institusjon. Institusjonane har heilt klart eit ansvar kvar og ein når det gjeld eigne tiltak, strategi, leiing og opplæring. Utvalet meiner blant anna at institusjonane sjølv også kan vurdere ordningar for påskjønning som stimulerer til formidling og korleis slik verksemd kan telle med ved tilsetting og opprykk.

Dette er UiS samd i. UiS har sidan 2011 hatt ei eiga ordning for premiering av formidling – ein intern formidlingsindikator. Når UiS sine vitskapleg tilsette kommuniserer ut vitskapleg resultat, arbeidsmåtar og haldningar til ålmenta og brukarar og deltek i samfunnsdebatten, skal dei registrere det i Cristin-systemet. Kvar registrering løyser ut ein del til fakultetet/museet/instituttet/tilsette. UiS sett kvart år av 2 millionar kronar til denne ordninga. I 2017 vart også kunstnarisk utviklingsarbeid og museal verksemd inkludert i ordninga.

Institusjonens ansvar: Erklæring om akademisk ytringsfridom og ytringsvettregler

Utvalet legg fram eit utkast til ei erklæring om akademisk ytringsfridom, meint som eit utgangspunkt for diskusjon og bevisstgjering i institusjonen – med tanke på institusjonen sitt ansvar for å bygge ein betre ytringskultur. Utvalet legg også fram ti ytringsvettreglar.

UiS ser positivt på å ta i bruk alle nyttige verktøy som kan fremje ein betre ytringskultur i eigen institusjon, slik som erklæringa om akademisk ytringsfridom og ytringsvettreglar.

Institusjonens ansvar: Strategi, leiing, tilsetting og opplæring

Utvalet peiker på at institusjonane må synleggjere i sine strategiar at akademisk ytringsfridom, allmennretta fagleg formidling og aktiv deltaking i det opne ordskiftet, er ein sjølvsagt del av universitetsoppdraget.

Vi deler ekspertutvalets refleksjon over at «harde» verkemiddel som lov er naudsynte, men ofte ikkje tilstrekkelege for å sikre god akademisk ytringsfridom. I tråd med utvalet ser UiS at det å fremje ein god kultur, god leiing, openheit og kontinuerleg merksemd og samtaler om tema er avgjerande for å utvikle betre ytringskultur i akademia.

Strategi
UiS er einig med utvalet i at ansvaret for å utvikle gode kulturar ligg i stor del hos institusjonen og den enkelte tilsette. Ein strategi som innlemmar akademisk ytringsfridom er ein god start. I UiS sin strategi er «Eit ope universitet» eit viktig satsingsområde. I strategien heiter det vidare at «UiS skal legge til rette for levande møteplassar for kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning».

Leiing
Utvalet meiner at det er viktig at leiarar blir lært opp i akademisk ytringsfridom. Dette er UiS samd i. UiS driv systematisk leiaropplæring og har i dag eit leiarutviklingsprogram der akademisk ytringsfridom er inkludert. Denne leiaropplæringa er todelt – ei er retta mot nye leiarar, og ei er retta mot ei samla leiargruppe. UiS vil i det vidare sjå på korleis vi kan vidareføre og vidareutvikle gode leiaropplæringsprogram som bygger god formidlings- og ytringskultur samt aukar forståinga av akademisk ytringsfridom – og motiverer til å gjere bruk av han.

UiS har i dag også ei leiing som set akademisk ytringsfridom høgt. Leiinga går føre med eit godt eksempel og oppmodar aktivt sine tilsette til å delta i det offentlege ordskiftet. Samstundes har leiinga ved UiS også fått stor erfaring i dei dilemma og utfordringar som finst, mykje av dei same som er lagt fram av utvalet. Det har auka bevisstheita i organisasjonen om kva som står på spel når det gjeld akademisk ytringsfridom. Tema knytt til akademisk ytringsfridom har vore på agendaen i fleire samlingar for leiarar ved UiS, seinast på leiarforum for alle med leiarstilling i organisasjonen i mai i år.

Tilsetting
Utvalet meiner at formidlingsaktivitetar kan vektleggast meir ved tilsetting og opprykk. Dette er også UiS samd i og noko vi ønsker å vidareutvikle. UiS reviderte i 2020 våre interne retningsliner for tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstilling med sikte på å dekke det tredelte samfunnsoppdraget. Formidling er her ei viktig oppgåve på alle stillingsnivå. Formidling tel dermed også ved tilsetting og opprykk ved UiS. Det går fram av kapittel 2.3 i retningslinene, som fastset krav til formidlingskompetanse. Formidling kan også vere viktig for å oppnå status for merittert undervisar, som UiS har ei ordning for.

Opplæring og kulturutvikling
UiS er samd med utvalet som meiner at utvikling av system og rutinar for opplæring i akademisk fridom og akademisk ytringsfridom er noko som må utviklast ved og forankrast i den enkelte institusjon. Utvalet peiker på mange behov, så som at nytilsette må få god kunnskap om det akademiske samfunnsoppdraget i brei forstand.

Dei fleste universitets- og høgskular har i dag introduksjonsprogram for nytilsette. Her kan opplæring av akademisk fridom og akademisk ytringsfridom fint innlemmast, om det ikkje allereie er gjort.

Når det gjelder medietrening så gjev UiS medietrening til leiarar som har størst behov for det. Vidare gjev vi opplæring i formidling til doktorgradsstipendiatar og andre som er særleg interesserte.

UiS stiller seg positiv til utvalets forslag om at vi i større grad må legge til rette for at tilsette som ønskjer og har behov for det, får tilbod om medietrening. UiS vil frametter sjå vidare på korleis vi på ein betre – og på ein meir systematisk – måte kan arbeide med å utvikle og lære opp våre tilsette i god formidlings- og ytringskultur, auke forståinga av verdien av akademisk ytringsfridom og stimulere og motivere til akademisk ytringsfridom og formidling. Samstundes som vi ser på moglegheiter for å utvide medietreninga til å bli meir omfattande og systematisk, er vi også medvitne om at dette er ressurskrevjande. Kva som er eit hensiktsmessig omfang av opplæring må difor vurderast nøye. Ein mogleg ambisjon er å gje mediekurs til dei som er mest aktive i formidling. Det er også desse som treng «toletrening» og medierådgiving mest.

Utvalet vektlegg også at kunnskap om akademisk fridom og ytringsfridom er sentralt også for studentane, og at dei også må få trening i korleis ytringsfridomen kan brukast. UiS stiller seg noko spørjande til å systematisk gje studentar medietrening og toletrening for å handtere mediestormar. Dette er ei svært omfattande oppgåve som vil krevje ressursar langt ut over det vi er rusta med i dag. Som tidlegare nemnd er dette ein viktig del av utdanninga på dei fleste studieprogramma våre. Som nemnd tilbyr vi og frittståande kurs og seminar om ulike emne, som kjeldebruk og kjeldekritikk, for eksempel gjennom Universitetsbiblioteket. Her kan vi til dømes også vurdere kurs i akademisk fridom og akademisk ytringsfridom. UiS kan også i semesteropningstale og ved introduksjonssamlingane vektlegge studentrolla, akademisk fridom og akademisk ytringsfridom.

UiS kan sjølvsagt også sjå til at spesielt nokre utdanningar innan journalistikk, kommunikasjon og medieutdanningar får innlemma tema knytt til ytringsfridom og akademisk ytringsfridom i si undervising.

Institusjonens ansvar: Avhandlingar og norsk fagspråk

UiS er samd i utvalet når dei peiker på at alle doktorgradsavhandlingane bør innehalde eit element av allmennretta formidling. UiS stør også opp om at institusjonane må ta sitt lovfesta ansvar for norsk fagspråk på alvor og at sektoren nok kan bli enda meir bevisst dette arbeidet.

UiS har nedfelt i sine språkpolitiske retningsliner at ph.d.-avhandlingar kan skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk, men skal ha eit samandrag på det av språka som avhandlinga ikkje er skriven på. Vi er likevel kritiske til å forskriftsfeste eit slikt krav. Vi er skeptiske til kor viktig dette tiltaket vil vere for utvikling av norsk fagspråk. Utvikling av ny fagterminologi på norsk er eit omfattande og viktig arbeid. Det krev dedikert arbeidsinnsats som går vidare enn å omsetje samandrag av avhandlingar eller oppgåver til norsk. For bachelor- og masteroppgåver har vi heller ikkje ressursar til å bidra med omsetjarhjelp eller tilbod om språkvask. UiS lagar pressemeldingar på norsk av alle doktorgradsavhandlingar og ser dette som ein viktigare kanal for formidling til eit breitt publikum enn samandrag i avhandlingane. I tillegg meiner vi det er viktig å ha gode insentivordningar for å stimulere tilsette til å formidle forsking på norsk. Utvalet peiker på lærebøker, leksikonartiklar og andre faglitterære tekstar på norsk, som i våre auge er mykje viktigare for å utvikle norsk fagspråk. Her er det likevel ikkje foreslått særleg konkrete tiltak for å styrke dette arbeidet, anna enn formidlingsindikator.

Råd til myndigheita – nasjonale tiltak

UiS støttar alle råd utvalet kjem med.

Råd til myndigheita – internasjonale tiltak

UiS støttar alle råd utvalet kjem med, men har to kommentarar:

Kommentar 1: I den pågåande høyringa angåande eksportkontroll står det at sjølv om den akademiske fridomen er ein lovfesta rett etter universitets- og høgskuleloven vil «sikkerhetshensyn veie tyngre enn hensynet til akademisk frihet». Dette i seg sjølv illustrerer relativt tydeleg ei hemming og ei utfordring for formidlinga vår – og for den internasjonale utviklinga vår. Denne høyringa indikerer såleis at det vil bli sett definerte rammar for både kven som kan formidle forsking, og kva forsking som kan formidlast, og vil dermed vere hemmande for akademisk ytringsfridom. For eksempel vil dette angå dei fleste av fagområda ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, og vi stiller oss spørjande til den praktiske styringa og den faktiske konsekvensen. Utvalet oppfordrar institusjonane til å ha ei meir bevisst og heilskapleg tilnærming til internasjonaliseringa, ikkje minst knytt til rekruttering. Her meiner UiS at departementet bør utfordrast, særleg når det kjem til å drøfte kva konsekvensar eksportkontroll vil få både for rekruttering av kandidatar frå risiko-land, og for dei som allereie er tilsett ved fakultetet.

Kommentar 2: Utvalet ber regjeringa etablere Student at Risk-ordninga permanent og støtte Scholars at Risk-ordninga. Utvalet ber universiteta om å vere aktive i nettverka.

Dette stiller UiS seg positiv til. Scholars at Risk-ordninga er noko vi er engasjert i og som vi ønskjer å bidra meir til.


Med venleg helsing

Klaus Mohn

Rektor, Universitetet i Stavanger