Høringssvar fra Høgskulen i Volda

Dato: 20.06.2022

Høyringssvar frå Høgskulen i Volda - Høyring NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet

Høgskulen i Volda ønskar velkomen NOU 2022:2 Akademisk ytringsfrihet og reknar både arbeidet og ikkje minst debatten om utgreiinga som viktig for å løfte ytringsfridom i akademia høgare opp på dagsorden.

Vi vil her kommentere nokre sider ved utgreiinga som vi ser som særleg viktige ut frå vår faglege ståstad.

3.1.1 Avgrensing til akademia

Dei konkrete lovendringane og den generelle referanseramma for utgreiinga er i stor grad høgskular og universitet, men utgreiinga kunne også omfatta arkiv-, bibliotek- og museumssektoren. I Noreg har desse mange likskapstrekk med UH-sektoren når det gjeld statleg/offentleg engasjement, og ikkje minst viktig er at dei har fått stadig sterkare forventningar på seg til å drive med forsking og fagleg utvikling, og då vil akademisk ytringsfridom vere viktig også for denne sektoren.

3.1.3 Formidlingsomgrepet

Omgrepet formidling kan i seg sjølv misforståast. Det gir lett sterke assosiasjonar til ein prest eller ein professor som formidlar til ei lyttande forsamling. Det er naturlegvis berre ei av mange tilgjengelege formidlingsformer. Etter vårt syn er det viktig å få fram at kunnskap blir generert i kommunikasjon, samhandling med andre aktørar, munnleg, skriftleg eller på andre måtar. Vi er klar over at begrepet «formidle» vert brukt blant anna i UH-loven i betydninga «kommunikasjon», og Høgskulen i Volda har tidlegare også kritisert ordbruken i den samanhengen. Dette er ein fagleg debatt som er viktig å halde i gang. Utvalet er då også inne på dette på side 24 og ser difor ut til å vere klar over debatten. Men når utgreiarane vel ord som «kunnskapsspredende» (side 23) og at studentar skal «motta undervisning» (side 8) forsterkar inntrykket av at formidling framleis blir oppfatta som ein einvegsprosess, sjølv om vi forstår at det ikkje er intensjonen.

Eit høyringssvar som dette er ikkje plassen å gå inn på djuptgåande diskusjonar om vitskapsteoretiske posisjonar, men eit nyttig utgangspunkt kan vere å sjå på kunnskap som noko som ikkje er statisk og blir spegla eller formidla, men noko dynamisk som blir kommunisert og etterprøvd både i møte med andre forskarar, interessentar, det store publikum og ikkje minst «bevilgende myndigheter».


5.2.3. og 7.3.3. Registrering og belønning av formidling

Utvalet seier at det ikkje eksisterer fellesordningar i UH sektoren som belønnar formidling. Det stemmer også ut frå vårt kjennskap til sektoren, men det finst likevel døme på at det blir gjort på institusjonsnivå.

Høgskulen i Volda har i mange år – før «tellekantane» blei innført – hatt eit eige internt system for belønning også av formidling. Vi omfordeler ein del av vår budsjettramme ned til dei faglege einingane basert på omfang av formidling. Systemet er vel kjent og godt innarbeidd blant dei tilsette og i administrasjonen og både systemet i seg sjølv og den interne praksisen er ikkje omstridd. Men grunngjevinga, utforminga og prioritering av dette må stadig diskuterast på nytt og vektast opp mot andre prioriterte oppgåver. Vi reknar med at forståinga for ordninga blir større i lys av denne utgreiinga og debatten i ettertid.

Systemet er omtala på våre nettsider:
https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/publisering/forskingsformidling

Ordninga står overfor ei vesentleg teknisk/administrativ utfordring ved at registreringssystemet CRISTIN er i ferd med å bli fasa ut, og det er uvisst om systemet som kjem i staden vil vere fleksibelt nok til at vi kan halde fram med å registrere formidling i framtida.

5.4.2 Finansiering av forsking og forskingsformidling

Det burde her vore nemnt at i Norges forskingsråd er formidling av forsking både eit vurderings-kriterium og somme prosjekt har også forskingsformidling som eksplisitt formål. Ei sterkare vektlegging av formidling i tildeling av prosjekta kunne ha gitt fleire bidrag også til det breie ålmenne ordskiftet.

Våre erfaringar viser også at ved store, internasjonale forskingsprosjekt kan det vere ei betydeleg utfordring med internkommunikasjon i forskingsprosjekt. Når forskarar frå ulike land og med ulike kulturar skal kommunisere prosessar og resultat seg i mellom og ikkje minst til interessentar og avtakarar frå ulike bransjar eller yrkesgrupper i ulike land så kan det vere ei betydeleg utfordring å få kommunikasjonen til å fungere.

5.5 og 7.4.6 Norsk fagspråk og norsk i akademia

Det er bra at norsk språk er tema i utgreiinga og ikkje minst har vi lagt merke til at erklæringa om akademisk ytringsfridom også er utforma på nynorsk (side 9).

Nynorsk som akademisk språk er i liten grad omtala. Vår vurdering er at nynorsk er utsett for marginalisering i akademisk samanheng. Det handlar lite om lover og reglar, men meir om praksisar som fører til mindre bruk av nynorsk. Tiltak som kan støtte statleg læremiddelproduksjon på nynorsk kan vere med på å betre situasjonen.

Høgskulen i Volda sluttar seg elles i hovudtrekk til høyringssvar frå Nynorsk kultursentrum på dette punktet.

6.3 Kravet til kvalitetssikra kommunikasjon

Utgreiinga er på den eine sida klar på at også akademisk ytringsfridom er omfatta av den «store» ytringsfridomen og at den akademiske ytringsfridomen ikkje må avgrensast. På den andre sida blir det stilt krav om forventningar til kvalitet, kanskje mest konkret i betydninga fagfellevurderingar.

Utgreiinga foreslår ikkje at formidling skal inkluderast i UH-loven § 1-5 (1) der det blir stilt krav til institusjonane om at verksemda skal ha «et høyt fagleg nivå».

Kva slags ytringar frå akademikarar som skal reknast med til den breie ålmenne samtalen, utan særlege kvalitetskrav, og kva ytringar som skal reknast med til den akademiske ytringsfridomen kan vere ein svært vanskeleg grenseoppgang. Undersøkinga frå Institutt for samfunnsforsking (side 18) viser då også at «folk flest» meiner det er bra at forskarar ytrar seg om saker og ting dei har forska på, men er meir skeptiske til at forskarar ytrar seg i politiske spørsmål. Men igjen: Grensegangen kan her vere vanskeleg – forskarar forskar jo også på politiske spørsmål.

Med helsing

Leiinga ved Høgskulen i Volda

Karen Jacobsen
Direktør


Johann Roppen
Rektor