Bolstad/Rasdal Sankelagsforening

1.           INNLEIING

Vi viser til klage frå Kjetil Horvei på vegne av Bolstad/Rasdal Sankelagsforening datert 19. februar 2014 , som er oversendt frå Einingsregisteret til Nærings- og fiskeridepartementet 31. mars 2014. Vi seier oss leie for at sakshandsaminga har teke lang tid og eventuelle ulemper dette har ført med seg.

Klaga gjeld vedtak fatta av Einingsregisteret 25. januar 2014 om å nekte å registrere Bolstad/Rasdal Sankelagsforening, org. 912 600 289, som foreining.

Departementet har kome til at klaga ikkje kan føre fram. Den nærare grunngjevinga for vedtaket følgjer nedanfor.

2.           OM SAKA

2.1        Bakgrunn

Einingsregisteret fekk 3. september 2013 melding om registrering av Bolstad/Rasdal Sankelagsforening (heretter ”sankelaget”) som foreining. Einingsregisteret nekta registrering av meldinga i vedtak 25. januar 2014. Einingsregisteret si grunngjeving for nektingsvedtaket var at vedtektene til sankelaget, som låg ved meldinga, viste at laget var organisert på ein slik måte at det var omfatta av lov 26. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak (samvirkelova). Sankelaget klaga på vedtaket i brev datert 19. februar 2014.

2.2        Klagaren si framstilling av sakstilhøvet

Klagaren skriv at det er urimeleg om små lag som Bolstad/Rasdal Sankelagsforening skal påførast ekstra utgifter og meirarbeid ved å opprette eit samvirkeføretak. Klagar viser til at sankelaget har nytta dei råd som er gitt av fylkesmannen og organisasjonen Norsk Sau og Geit (NSG) om registreringsform. Klagar framhevar òg at det er vanskeleg å forstå kvifor dei vert handsama på anna måte enn andre sanke-/beitelag i grannelaget deira som er registrerte som foreiningar.

Klagar viser til at nektingsvedtaket er grunngjeve med at ”hovedformålet til laget er å fremja medlemane sine økonømiske interesser”. Klagar meiner dette er feil. Klagar viser til § 3 ledd 7, 8 og 9 i vedtektene om at dette ikkje er formålet med laget. Klagar skriv at medlemmane sjølvsagt har ein økonomisk vinst av å ha dyr på utmarksbeite, men at dei har det uavhengig av om dei er med i eit sanke-/beitelag eller ikkje. Klagar skriv vidare at det å redusere tap av beitedyr ikkje berre har ei økonomisk side, men at det òg er viktig av omsyn til dyrevelferd.

2.3        Einingsregisteret si handsaming av klaga

I brev til Nærings- og fiskeridepartementet 31. mars 2014 skriv Einingsregisteret at når registeret mottek ei melding om registrering av ei foreining, så er registeret si oppgåve å prøve om vedtektene og annan dokumentasjon er i samsvar med foreiningsrettslege prinsipp, og elles viser at eininga faktisk er ei foreining. Einingsregisteret skal vidare vurdere om den melde organisasjonsforma er korrekt, og kontrollerer eininga opp mot andre relevante lover og forskrifter for å avgjere om det dreier seg om ei korrekt meldt registreringseining.

I brevet skriv Einingsregisteret at registreringa vart nekta på bakgrunn av at sankelaget ikkje i realiteten var ei foreining. Vidare greier Einingsregisteret ut om organisasjonsformene samvirkeføretak og foreining, og om grensa mellom dei to organisasjonsformene.

I sjølve drøftinga av klagen skriv Einingsregisteret at om ei samanslutning oppfyller krava etter samvirkelova, er ho pliktig til å registrere seg i samsvar med samvirkelova, og nytte føretaksnemninga ”samvirkeforetak” eller ”SA” i føretaksnamnet, jf. føretaksnamnelova § 2-2 åttande ledd. Registeret framhevar at medlemmane i sankelaget deltek i laget i eigenskap av at dei har beiterett. Dei får altså tatt hand om næringsinteressene sine gjennom samhandlinga med føretaket. Registeret konkluderer med at sankelaget er ei samanslutning med hovudføremål å fremje medlemmane sine økonomiske interesser, jf. samvirkelova § 1. Registeret fann også at opplysningane dei har motteke i saka om samhandlinga i sankelaget, er tilstrekkelege til å seie at lova sine krav om samhandling er oppfylt. Etter registeret sitt syn er sankelaget omfatta av samvirkelova, og kan derfor ikkje registrerast som foreining. Det vart også vist til at sankelaget allereie var registrert som selskap med avgrensa ansvar (BA), og at det berre skulle små endringar til for å innrette vedtektene etter krava i samvirkelova.

I avslutninga uttalte Einingsregisteret at forskjellshandsaming berre kan medføre at eit vedtak vert ugyldig om handsaminga er usakleg. Sidan registeret vurderte det slik at nektingsvedtaket var gjort på grunnlag av korrekte vurderingar etter gjeldande regelverk, hadde handsaminga sakleg grunn, og kunne derfor ikkje føre til at vedtaket vart ugyldig. Registeret heldt dermed nektingsvedtaket ved lag.

3.           RETTSLEG GRUNNLAG

I samsvar med lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (einingsregisterlova) § 17 fyrste ledd skal registerføraren prøve om innsende opplysningar og dokumentasjon er i samsvar med reglane i lova eller forskrifter gjevne i medhald av lova. Einingsregisteret sin kontroll vert utført på grunnlag av dei dokumenta som er sendt inn, og kontrollen av meldinga er altså reint administrativ og utan høve til å kontrollere faktiske omstende. Straks opplysningane er funne i orden, skal dei innførast i registeret, jf. § 17 første ledd tredje punktum. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, skal registrering nektast, jf. einingsregisterlova §§ 17 og 19.

Ved fyrste registrering av ei ny juridisk eining må føretaket velje organisasjonsform. Valet av organisasjonsform får stor verknad for ansvar, skatt, rettar og plikter, og for kor fritt ein står til å disponere over føretaket sine midlar.

I utgangspunktet er det opp til eininga sjølv å velje organisasjonsform, men dette er innskrenka av fleire sett lovreglar som må følgjast, avhengig av kva organisasjonsform ein vel. Utgangspunktet for ei riktig registrering i Einingsregisteret og/eller Føretaksregisteret er kva organisasjonsform eininga reelt sett har. Det er til dømes ikkje høve til å registrere eit AS som ikkje følgjer aksjelova eller eit SA som ikkje følgjer samvirkelova. Omvendt vil det heller ikkje vere mogleg å registrere eit ANS eller eit BA dersom vedtekter og driftsform viser at selskapet er eit AS.

Selskap med avgrensa ansvar (BA) har reelt sett vore rekna for å vere samvirkeføretak. Før samvirkelova vart vedteken, måtte selskap som søkte om å verte registrerte som BA vere organisert i tråd med ulovfesta samvirkeprinsipp. Etter ikraftsetjinga av samvirkelova må selskap med avgrensa ansvar følgje reglane i samvirkelova.

Denne saka gjeld organisasjonsformene samvirkeføretak (SA) og foreining (FLI, foreining/lag/innretning). Inntil den nye samvirkelova vart vedteken, måtte eit selskap som søkte registrering som eit selskap med avgrensa ansvar (BA), vere organisert i samsvar med samvirkeprinsipp som den gongen var ulovfesta. Reelt sett har BA-selskapa altså vorte rekna for å vere samvirkeføretak. No er dei tidlegare ulovfesta prinsippa nedfelte i lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak (samvirkelova).

Samvirkeføretak er ei organisasjonsform som passar der minst to skal starte noko saman med hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane ved at dei deltek i verksemda til føretaket som forbrukarar, leverandørar eller på annan liknande måte. Samanslutninga samvirkeføretak skal altså ha som hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deltakinga deira i verksemda, jf. samvirkelova § 1 (2). Dette vert kalla samhandlingskriteriet og samvirkeføremålet.

Samvirkelova § 163 har overgangsreglar som seier at alle samvirkelag og økonomiske foreiningar som vart stifta før lova vart sett i kraft, må bringast i samsvar med reglane i lova innan fem år frå lova tok til å gjelde. Lova vart sett i kraft 1. januar 2008, noko som inneber at alle samvirkelag og økonomiske foreiningar som er stifta før dette, vart omfatta av lova frå 1. januar 2013.

Ei foreining er ei sjølveigande samanslutning som skal fremje eitt eller fleire særskilte føremål av humanitær, sosial eller liknande art. Foreiningar kan vere både opne og lukka for ålmenta. Vi har inga foreiningslov som omfattar foreiningar, lag og frivillige organisasjonar, og derfor har vi heller ingen legaldefinisjon av ei foreining. Foreiningar følgjer dermed generelle ulovfesta prinsipp. I utgangspunktet er det ingen lovfesta reglar som regulerer ei foreining sitt ”indre liv”. Vedtektene dannar dermed grunnlaget for verksemda til foreininga og arbeidet til styret. Trass i små formalkrav må det mellom anna kome fram av vedtektene at det er ei foreining, og vedtektene kan ikkje ha føresegner som strir mot foreiningsforma. Foreiningar har oftast ikkje noko økonomisk føremål, dei er såkalla ideelle foreiningar. Det finst likevel også foreiningar som har eit økonomisk føremål. I den ulovfesta foreinings­retten er det eit grunnleggjande skilje mellom økonomiske og ikkje-økonomiske foreiningar.

Vi viser elles til Einingsregisteret sitt vedtak i denne saka oversendt i brev 31. mars 2014 for nærare utgreiing om samvirkeføretak og foreiningar.

Om samvirkelova og grensa mellom foreining og samvirkeføretak
Om føretaket fell inn under definisjonen av samvirkeføretak eller ikkje, må vurderast med utgangspunkt i definisjonen av samvirkeføretak i samvirkelova § 1 andre ledd. Definisjonen seier at eit samvirkeføretak er ei samanslutning som har til hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte. Når definisjonen bruker omgrepet ”samanslutning”, er det for å inkludere både samvirkeføretak med selskapspreg og samvirkeføretak med foreiningskarakter. Kva ein tradisjonelt har kalla ei samanslutning, er ikkje avgjerande for om ho fell inn under lova. Det avgjerande er om samanslutninga oppfyller vilkåra i definisjonen.

Den nye samvirkelova har ført til at ei rekkje samanslutningar må ta stilling til den rettslege statusen sin. Mellom anna inneber den nye lova at noverande partslag, samvirkelag og andre selskap med avgrensa ansvar som byggjer på samvirkeprinsippa, må endre organisasjonsform til samvirkeføretak og innrette seg etter reglane i den nye lova. Det same gjeld for foreiningar som driv etter samvirkeprinsippa.

For samanslutningar som driv ei eller anna form for økonomisk aktivitet, må ein vurdere kva som er føremålet med verksemda og korleis samhandlinga skjer. Det er ein føresetnad at hovudføremålet med verksemda er å fremje medlemmane sine økonomiske interesser. Ifølgje lovforarbeida tyder dette at medlemmane i det minste må få ei yting som har økonomisk verdi frå verksemda. Når det gjeld samhandling, vert dette vist ved at medlemmane sine økonomiske interesser må fremjast gjennom deltakinga deira i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte.

Når vi skal trekkje grensa mellom samvirkeføretak og foreiningar, må vi leggje vekt på graden av økonomisk samkvem mellom samanslutninga og deltakarane. Dersom medlemmane får teke vare på dei næringsmessige interessene sine ved å samhandle med samanslutninga, vil lova sine krav til økonomisk samkvem gjennomgåande vere oppfylte. Med utgangspunkt i at dei aller fleste medlemmane av beitelag og sankelag er med i kraft av å vere sjølveigande småfehaldarar, er den samhandlinga dei har om beiteverksemda nok til å rekne samkvemmet som økonomisk etter lova. Departementet meiner altså at dei aller fleste beitelaga reelt sett er samvirkeføretak etter den nye lova.

Vi viser elles til Einingsregisteret sitt vedtak i denne saka oversendt i brev 31. mars 2014 for nærare utgreiing om grensa mellom samvirkeføretak og foreiningar.

4.           DEPARTEMENTET SI VURDERING

Spørsmålet i denne saka er om Bolstad/Rasdal Sankelagsforening kan registrerast i Einingsregisteret som foreining. I vurderinga av dette må registerførar ta stilling til ei eining si korrekte organisasjonsform med utgangspunkt i kva organisasjonsform eininga reelt sett har. Det er ikkje nok at sankelaget i vedtektene omtalar seg som ei foreining. Vurderinga byggjer på om sankelaget fell inn under definisjonen av samvirkeføretak i samvirkelova § 1 andre ledd. I vurderinga legg departementet vekt på at sankelaget er samansett av fleire personar, og at desse har rettar og plikter i eininga. Dette tyder på, etter departementet si vurdering, at det er etablert eit rettsfellesskap. Departementet finn derfor at sankelaget er ei samanslutning.

Departementet legg vidare vekt på at føremålet til sankelaget etter § 2 i vedtektene er å samle beitebrukarane i området for saman å legge tilhøva til rette for best mogleg å nytte utmarksbeite, redusere tap av dyr og sikre dyrevelferd gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta fellestiltak. Etter § 3 andre ledd kan alle i området med beiterett, eller som leiger seg ein beiterett, og som årleg slepp dyr på beite, vere medlemmar i sankelaget. Det er dermed i eigenskap av å vere sjølveigande småfehaldarar at medlemmane blir med i sankelaget. Departementet er derfor samd med Einingsregisteret i at hovudføremålet med medlemskapen i sankelaget er å ta hand om næringsmessige interesser gjennom samhandling med føretaket. Etter departementet si vurdering oppfyller sankelaget vilkåra i samvirkelova § 1 om at eininga skal ha til hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane.

Den samhandlinga sankelaget og medlemmane har for å kunne nytte utmarksbeite best mogleg, omfattar fleire tilhøve etter det som er opplyst. Sankelaget legg til rette for utmarksbeite og organisert tilsyn. Etter § 4 i vedtektene har medlemmane plikt til å delta i arbeidet med tilsyn, sanking og andre fellestiltak fastlagt av årsmøtet og styret. Pålagt arbeidsinnsats ut over dette, kan vidare verte løna av styret. Etter samvirkelova er dette tilstrekkeleg til å oppfatte verksemda i samanslutninga som eit økonomisk samkvem. Samhandlingskriteriet er dermed også oppfylt.

Det er vidare eit vilkår for å vere eit samvirkeføretak at avkastninga til verksemda, bortsett frå normal rente av innskoten kapital, anten vert ståande i verksemda eller delt ut til medlemmane, jf. samvirkelova § 1 andre ledd nummer 1. Vedtektene sin § 5 viser at eit mogleg overskot vert lagt til eigenkapitalen. Departementet forstår dette slik at eit årsoverskot skal verte ståande i verksemda. Det er også eit vilkår for å vere eit samvirkeføretak at ingen av medlemmane har personleg ansvar for eininga sin gjeld. Departementet viser til vedtektene § 1, som seier at sankelaget har avgrensa ansvar for gjeld, og at medlemmane i sankelaget ikkje har sjølvstendig ansvar for eininga sine skyldnader. Medlemmane har dermed ikkje eit personleg og uavgrensa ansvar for eininga sine skyldnader. Etter departementet si oppfatning er vilkåret om avgrensa ansvar oppfylt.

Departementet er etter dette kome til at Bolstad/Rasdal Sankelagsforening fell inn under definisjonen av samvirkeføretak i samvirkelova § 1. Dette inneber at samvirkelova gjeld for eininga, og sankelaget er pliktig til å registrere seg som samvirkeføretak i Føretaksregisteret og nytte føretaksnemninga SA i føretaksnamnet. Sankelaget kan av den grunn ikkje registrerast som ei foreining.

Klagar skriv at det er vanskeleg å forstå kvifor Bolstad/Rasdal Sankelagsforening vert handsama på annan måte enn andre sanke-/beitelag i grannelaget som er registrerte som foreiningar.

Det er eit ulovfesta forvaltningsrettsleg prinsipp at like saker skal handsamast likt. Det inneber at forskjellshandsaming som ikkje er sakleg grunngjeve, kan føre til at eit vedtak vert ugyldig. Likskapsprinsippet byggjer på allmenne syn om rettstryggleik og inneber at ei forvaltningsavgjerd må byggje på ei objektiv og sakleg vurdering. For at ein påstand om forskjellshandsaming skal kunne føre fram, er det derfor ein føresetnad at det dreier seg om like saker både rettsleg og faktisk, og at ulik handsaming er usakleg.

Departementet har forståing for at det kan verke uklart kvifor sankelaget må registrerast som samvirkeføretak, medan andre sankelag med tilsynelatande lik organisering og struktur har vorte registrerte som foreining. Det er uheldig at Einingsregisteret sin praksis ikkje ser ut til å ha vore konsekvent. Forskjellshandsaming kan likevel berre føre til at vedtaket vert ugyldig om ho ikkje har nokon sakleg grunn. Departementet kan ikkje sjå at registeret sitt vedtak inneber ei slik usakleg forskjellshandsaming av sankelaget. Etter departementet si meining byggjer registeret sitt vedtak på rette fakta i denne aktuelle saka, og vedtaket er i tråd med gjeldande regelverk.

Ei mogleg forskjellshandsaming i dette høvet heng saman med ei korrigering av praksis i Einingsregisteret på grunn av ikraftsetjinga av samvirkelova. Før samvirkelova tok til å gjelde, var dei fleste sankelag, som Bolstad/Rasdal Sankelagsforening, registrerte som selskap med avgrensa ansvar (BA). Selskap med avgrensa ansvar har reelt sett vorte rekna for å vere samvirkeføretak. Etter ikraftsetjinga av samvirkelova fekk desse selskapa plikt til å innrette seg etter den nye lova, jf. samvirkelova § 163. I tillegg er også einingar som ser på seg sjølve som foreining, pålagde å registrere seg som samvirkeføretak om vilkåra i samvirkelova er oppfylte, slik tilfellet er for Bolstad/Rasdal Sankelagsforening. Alle sankelag med liknande vedtekter som Bolstad/Rasdal Sankelagsforening, som oppfyller vilkåra etter samvirkelova § 1, skal dermed registrerast som samvirkeføretak. Om det er gjort registreringsvedtak etter ikraftsetjinga av samvirkelova der sankelag som oppfyller vilkåra etter samvirkelova, likevel har vorte registrert som foreining, inneber det ein feil frå Einingsregisteret si side.

Departementet kan heller ikkje sjå at Einingsregisteret har teke utanforliggande omsyn eller gjort urimelege vurderingar i denne saka som førte til at vedtaket for Bolstad/Rasdal Sankelagsforening vart annleis enn for andre sankelag. Bakgrunnen for ei mogleg ulik handsaming av sankelag er som nemnt at Einingsregisteret har rydda opp i sakshandsamingsrutinane sine for å innrette seg etter det nye lovverket. Dette er etter departementet si vurdering ein sakleg grunn som ikkje inneber ulik handsaming i strid med likskapsprinsippet. Departementet har derfor kome til at Einingsregisteret sitt vedtak i denne aktuelle saka ikkje inneber forvaltningsmessig forskjellshandsaming.

Vi gjer elles merksam på at Norsk Sau og Geit har utarbeidd normalvedtekter for beitelag som er organiserte som samvirkeføretak. Vedtektene er tilgjengelege på forbundet sine nettsider. Det går fram der at vedtektene er tilpassa samvirkelova.

5.           VEDTAK

Med heimel i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 34 og lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, gjer departementet følgjande vedtak:

Klagen vert ikkje teken til følgje. Einingsregisteret sitt vedtak datert 25. januar 2014 vert oppretthalde. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd.

Vi publiserer rutinemessig alle vedtak på nettsida til departementet: www.nfd.dep.no. Vi ber om at moglege synspunkt på dette vert sende til oss innan 14 dagar.