Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Brita Torbergsens Legat

Vi viser til klage frå Jan Kåre Fure på vegner av Brita Torbergsens Legat datert 14. januar 2015, som er sendt frå Stiftelsestilsynet til Nærings- og fiskeridepartementet 10. februar 2015. Vi viser òg til merknader frå klagar i brev til departementet 16. mars 2015.

Klaga gjeld vedtak fatta av Stiftelsestilsynet 8. januar 2015 om å påleggje stiftinga å betale årsavgift for 2015. Vedtaket er grunna i at stiftinga Brita Torbergsens Legat var registrert i Stiftelsesregisteret 1. januar 2015 og at eigenkapitalen er høgare enn 100 000 kroner, som er den nedre terskelverdien som er fastsett. Etter Stiftelsestilsynet si vurdering er stiftinga difor pliktig til å betale årsavgift for 2015.

Departementet har kome til at klaga ikkje kan føre fram. Den nærare grunngjevinga og vedtaket følgjer nedanfor.

Om saka
Stiftinga Brita Torbergsens Legat vart vedtatt avvikla 31. desember 2014. Endeleg sluttrekneskap vart sendt Stiftelsestilsynet 14. januar 2015. Stiftinga vart sletta frå Stiftelses­registeret 15. januar 2015.

Klagar viser til at stiftinga vart avvikla 31. desember 2014, og ber om at årsavgifta for stiftinga vert fråfalle fordi ho er avvikla. Klagar skriv vidare at Stiftelsestilsynet må få fullmakt til å avgjere slike saker sjølv. Det at ei slik sak vert handsama som ei klagesak, er ikkje noko godt eksempel om ein ønskjer å forenkle og avbyråkratisere offentleg sektor.

I brev til Nærings- og fiskeridepartementet 10. februar 2015 skriv Stiftelsestilsynet at plikta til å betale årsavgift berre er avhengig av om stiftinga er registrert i Stiftelsesregisteret 1. januar, som er skjeringstidspunktet kvart år. Etter tilsynet si vurdering er stiftinga forplikta til å betale årsavgift viss stiftinga er registrert 1. januar og har ein eigenkapital som overstig terskelverdiane i føresegna som heimlar ilegging av årsavgifta. Stiftelsestilsynet skriv at dette gjeld uavhengig av om den faktiske drifta er avslutta på eit tidlegare tidspunkt.

Rettsleg grunnlag
Det følgjer av føresegn 21. desember 2004 nr. 1793 til stiftelsesloven § 4 andre ledd at stiftingar som 1. januar i det aktuelle året er registrerte i Stiftelsesregisteret, og har ein eigenkapital på over 100 000 kroner, skal betale årsavgift til Stiftelsestilsynet.

Storleiken på eigenkapitalen til stiftinga avgjer kva avgifta skal setjast til. For Brita Torbergsens Legat gjeld føresegna tredje ledd bokstav b saman med fjerde ledd. Dei lyder:

"Avgiften fastsettes slik:

b)     Stiftelser som har en egenkapital fra kr 200 000 til kr 499 999, skal betale 1 ganger rettsgebyret i årlig avgift.

Ved fastsettelsen av avgiften skal egenkapitalen slik den fremgår av sist innsendte regnskaper til Regnskapsregisteret legges til grunn.”

Ved avgjerda av om stiftinga skal betale årsavgift og i så fall storleiken på årsavgifta, er difor berre to vilkår relevante. Det eine er om stiftinga er registrert i Stiftelsesregisteret 1. januar og det andre er storleiken på eigenkapitalen slik den går fram av den sist innsendte rekneskapen til Rekneskapsregisteret.

Departementet si vurdering
Etter departementet si vurdering er ordlyden i føresegna § 4 klår. Stiftinga var registrert i Stiftelsesregisteret 1. januar 2015. Storleiken på eigenkapitalen tilseier at årsavgifta skal vere lik 1 gonger rettsgebyret, som for 2015 er på 860 kroner. Dette gjeld uavhengig av faktisk situasjon, altså sjølv om det er fatta vedtak om å avvikle stiftinga.

Pliktene som stiftinga har, gjeld inntil ho er sletta frå Stiftelsesregisteret. Korkje loven eller føresegna opnar for at Stiftelsestilsynet eller departementet kan fråfalle avgifta eller vise nokon form for skjønn når det gjeld årsavgifta.

Så lenge avviklingsrekneskapet først vart sendt Stiftelsestilsynet 14. januar 2015, hadde tilsynet såleis ikkje grunnlag for å slette stiftinga frå registeret før skjeringspunktet 1. januar.

Departementet har forståing for at reglane kan opplevast som urimelege for stiftingar som i denne saka, der stiftinga vart sletta kort tid etter skjeringspunktet 1. januar. Dette inneber likevel ikkje at stiftinga kan verte fritatt frå plikta til å betale årsavgift. Av omsyn til både forenkling og effektivitet må det gjelde eit absolutt skjeringspunkt for når stiftingar sine forpliktingar stansar. Sjølv om det i denne saka berre har gått 15 dagar frå skjeringspunktet til sletting, inneber det ikkje at stiftinga si plikt til å betale årsavgift fell bort eller vert mindre.

Klagaren skriv i brevet 16. mars 2015 at Stiftelsestilsynet må få fullmakt til å fråfalle slike krav sjølv. Stiftelsestilsynet si handsaming av slike spørsmål følgjer forvaltnings­lova sitt system for handsaming av klagesakar. Forvaltningslova sikrar at borgarane får ei reell prøving i to instansar i dei tilfella der dei ikkje er samde i forvaltninga sine avgjerder.

Den nå oppheva stiftinga Brita Torbergsens Legat er etter dette forplikta til å betale årsavgift til Stiftelsestilsynet for 2015 på 860 kroner.

Vedtak
Med heimel i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 34 fattar departementet følgjande vedtak:

Klagen vert ikkje teken til følgje. Stiftelsestilsynet sitt vedtak datert 8. januar 2015 om at stiftinga Brita Torbergsens Legat skal svare årsavgift for 2015 vert oppretthalde. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd.

Vi publiserer rutinemessig alle vedtak på nettsida til departementet på www.nfd.dep.no/­enkeltvedtak. Vi ber om at moglege synspunkt på dette vert sende til oss innan 14 dagar.