Den norske kyrkja – Statsbudsjettet 2013 – Kyrkjerekneskapane 2011

I dette rundskrivet følgjer ein gjennomgang av løyvingane til kyrkjelege formål i statsbudsjettet for 2013 og rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda for 2011.

Sokneråd
Bispedømmeråd
Kyrkjelege fellesråd 

 

Nr.
P-9/2012
Vår referanse
2012003026
Dato:
07.11.2012


  

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet orienterte i rundskriv P–13/2011 om løyvingane til kyrkjelege formål i statsbudsjettet for 2012 og om utviklingstrekk i den lokale kyrkjeøkonomien med bakgrunn i rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda. I dette rundskrivet følgjer ein tilsvarande gjennomgang med bakgrunn i framlegget til statsbudsjett for 2013 og rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda for 2011.

 

1. Statsbudsjettet 2013 – Den norske kyrkja

Framlegg til statsbudsjett for 2013 vart nyleg lagt fram for Stortinget. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av forslag til løyvingar som særleg omhandlar kyrkjelege fellesråd og sokneråd. For nærare omtale av løyvingsforslaga til Den norske kyrkja viser vi til Prop. 1 S (2012–2013) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Proposisjonen er lagt ut på nettsidene til departementet.

Kap 1590, post 71 Tilskott til kyrkjelege formål
- Tilskott til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk.
Målsettinga med tilskottet er å stimulere til innsats innan kyrkjeleg undervisning og diakoni i kyrkjelydane og til kyrkjemusikalsk arbeid ved domkyrkjene i landet. Det er bispedømmeråda som disponerer tilskottet under posten. Hovudsakleg vert tilskottet gjeve til dei kyrkjelege fellesråda for å dekke lønnsutgifter til kateketar og diakonar. Løyvinga for 2012 var på 119,8 millionar kroner, medan framlegget til løyving for 2013 er på 123,8 millionar kroner. Under posten er det òg for 2013 innarbeidd 1 millionar kroner til kurs og opplæring for medlemmer av fellesråd og sokneråd.

- Nasjonale tiltak for kyrkjebygg m.m.
For 2013 er det foreslått ei løyving på 10 millionar kroner til sentrale tiltak for kyrkjebygg, mellom anna til drift av kyrkjebyggdatabasen som KA (Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon) har etablert, til brann- og innbrottsførebyggande tiltak, dokumentasjonsarbeid m.m. Løyvinga skal òg kunne nyttast til utvikling av rettleiingsmateriell og opplæringstilbod i samband med endringar som er gjort i gravferdslova. Tilskottet vert i hovudsak forvalta av KA. Dette tilskottet var tidlegare i statsbudsjettet budsjettert under kap. 1590, post 72, Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane.

Kap 1590, post 75 Trusopplæring /post 01 Kyrkjeleg administrasjon
Reform av trusopplæringa i Den norske kyrkja vart påbegynt i 2004. Målet med reforma er at kyrkja skal kunne tilby ei systematisk og samanhengande trusopplæring til alle døypte fram til fylte 18 år.

Løyvinga under post 75 skal nyttast til dekning av utgifter i kyrkjelydane. For 2013 er det under denne posten foreslått ei løyving på 213,9 millionar kroner. I tillegg til dette kjem 20,3 millionar kroner som er budsjettert under post 01 for dekning av administrative utgifter m.m. for Kyrkjerådet og bispedømmeråda. Samla løyving for 2013 utgjer etter dette 234,2 millionar kroner for 2013. Samanlikna med 2012 inneber forslaget for 2013 ei budsjettmessig opptrapping på 31,2 millionar kroner. Dette er den største årlege auken av løyvinga sidan reforma vart sett i verk. Kyrkjerådet har ansvaret for å gjennomføre reforma og fordele løyvinga.

Rentekompensasjon ved istandsetting av kyrkjebygg
Det er i statsbudsjettet for 2013 ikkje foreslått å auke investeringsramma for istandsetting av kyrkjebygg. Investeringsramma for 2012 er på i alt 450 millionar kroner, og av dette er førebels 150 millionar kroner ikkje nytta. Den delen av investeringsramma som ikkje vert nytta i 2012, vil ikkje bli overført til 2013. Ordninga med rentekompensasjon for kyrkjebygg blir administrert av Husbanken, og utfyllande informasjon samt søknadsskjema er tilgjengeleg på www.husbanken.no.

 

2. Kyrkjerekneskapane 2009–2011

I vedlegget til rundskrivet er tal frå rekneskapane for dei kyrkjelege fellesråda i perioden 2009–2011 gjennomgått, jf. tilsvarande gjennomgang i rundskriv P–13/2011. Vedlagt er òg relevant omtale frå Prop. 1 S (2012–2013) om kyrkjeøkonomien.

Rekneskapstala syner at driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 4,2 prosent frå 2009 til 2010, medan auken frå 2010 til 2011 var på 6,7 prosent. Samla driftsinntekter i 2010 var på 3 700 millionar kroner og 3 946 millionar kroner i 2011.

Driftsutgiftene auka frå 2010 til 2011 frå 3 558 millionar kroner til 3 750 millionar kroner. Dette tilsvarer ein prosentvis auke på 5,4 prosent. Frå 2009 til 2010 var auken i driftsutgifter på 5,4 prosent.

Samla netto driftsresultat for fellesråda var på 124 millionar kroner i 2010 og 176 millionar kroner i 2011.

I 2010 auka dei kommunale overføringane (drift) til fellesråda med 3,4 prosent som var det same som lønns- og prisveksten i kommunal sektor dette året. For 2011 auka dei kommunale overføringane med 8,5 prosent, medan den generelle lønns- og prisutviklinga for kommunesektoren var 3,9 prosent. I vedlegget til rundskrivet er differansen forklart nærare.

Investeringsutgiftene til fellesråda auka markant fram til 2009, då ein hadde samla investeringsutgifter på 970 millionar kroner. I 2011 utgjorde investeringsutgiftene 837 millionar kroner.

 

3. Rapportering til Statistisk sentralbyrå (SSB) for rekneskapsåret 2012

Statistisk sentralbyrå sender ved utgangen av året ut brev og oppslagshefte om rapportering av kyrkjerekneskapane for 2012.

Vi vil nytte høvet til å understreke verdien av rekneskapsrapportering til rett tid. Dei innrapporterte rekneskapstala er den viktigaste kjelda til kunnskap om økonomien i Den norske kyrkja og dei lokale kyrkjelydane. I 2011 var det 20 fellesråd som ikkje rapporterte rekneskapsopplysningar. Vi minner om at fellesråda er forplikta til å rapportere rekneskapsopplysningane til SSB. Frist for rapportering er 15. mars 2013.

Vi gjer merksam på at ein kan kontakte KA ved spørsmål om rekneskapsavslutninga.
SSB kan gje bistand ved innrapportering av rekneskap.

Med helsing

Ellen Ur (e.f.)
kst. avdelingsdirektør
Ole Bernt Langset
seniorrådgiver

 


Vedlegg (PDF)

 

Kopi:
Kyrkjerådet
KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon
Statistisk sentralbyrå