Høyringssvar frå Språkrådet

Dato: 07.04.2021

Svartype: Med merknad

Endring i forskrift om stadnamn – høyringssvar frå Språkrådet

Innleiingsvis viser vi til oppdraget Språkrådet fekk av Kulturdepartementet i januar 2020, som vi svara på i brev av 26. mai 2020. I det brevet kom vi med framlegg til endringar i forskrifta som var nødvendige etter lovendringane i 2018, og til andre endringar vi meinte ville vere tenlege. Vi ser at mange av innspela vi kom med i brevet, er følgde opp på ein god måte i framlegget til ny forskriftstekst. I dette høyringssvaret har vi nokre utfyllande framlegg til endringar, tillegg og rettingar. Vi kommenterer dei einskilde paragrafane i kronologisk rekkjefølgje. Vi kommenterer berre dei paragrafane som vi har merknader til.

§ 1 Generelle reglar om norske, samiske og kvenske stadnamn

· Vi viser til høyringssvaret frå klagenemnda for stadnamnsaker og kommentarane som gjeld kriteria for val av lokal dialektform som skrivemåte.

o «En dialektform vil vel alltid gjengi nedarvet uttale bedre enn en rettskrivningsform eller en regional samleform, i hvert fall hvis man forstår begrepene «dialektform» og «nedervd uttale» som det samme.» Vi meiner at ei lokal dialektform og ei rettskrivingsform i mange tilfelle må seiast å representere den nedervde uttalen like godt. Døme på dette er ordet sand ‘små, harde korn av forvitra bergartar’, som vel så gjerne kan uttalast /san:/ som /sand/ i norske dialektar, og difor vil ikkje ein skrivemåte sann representere uttalen betre enn rettskrivingsforma, som elles skal føretrekkjast. Liknande døme finst det mange av, til dømes vil mange ord med /j/ i framlyd kunnne skrivast med hj, gj eller j utan at det har noko å seie for uttalen av ordet.

Likevel er det sjølvsagt essensielt at klagenemnda vil kunne bruke ordlyden i paragrafen, og vi føreslår at det blir lagt til eit forsterkande ord framfor betre, til dømes monaleg eller klart: «om dialektforma representerer den nedervde uttalen [monaleg/klart] betre enn ei form som følgjer gjeldande rettskriving, eller ei regional samleform». Merk at det òg skal vere eit komma i denne setninga, mellom rettskriving og eller.

o Klagenemnda peikar òg på at det med kriteriet «om den lokale dialektforma skal nyttast for eitt eller fleire namneobjekt med det same språklege elementet» er uklart om dette talar for eller mot å bruke dialektforma. Vi er samde i at formuleringa i seg sjølv ikkje gjer det klart korleis kriteriet skal brukast, samstundes som vi meiner det er mogleg å gi tilrådingar etter dette kriteriet. For namneverket i eit visst område vil det vere uheldig dersom eit vanleg namneledd blir skrive med lokal dialektform éin stad og med rettskrivingsform ein annan, t.d. åsadn og åsane. Skal lokal dialektform vurderast for eit namn av denne typen, vil det vere ein fordel om det skal gjennomførast for den grammatiske kategorien eller i det minste for ordet. Er det snakk om einstaka namneledd, kan lista for å bruke ei lokal dialektform truleg liggje lågare.

o Som ei mogleg løysing for begge desse kriteria som klagenemnda har hatt merknader til, vil vi føreslå at det kjem inn eit avsnitt av same typen som det som følgjer etter kriteria for bruk av ein innarbeidd skrivemåte. Vi føreslår noko som dette: «Ei lokal dialektform kan berre godtakast dersom denne forma representerer den nedervde uttalen [monaleg/klart] betre enn ei rettskrivingsform eller ei regional samleform, forma ikkje gjer namneverket i eit område [monaleg/klart] mindre einskapleg og konsekvent, og det er stor semje om bruken av denne forma lokalt.» Alternativt føreslår vi at heile settet med kriterium for bruk av lokal dialektform blir stroke.

§ 2 Korleis lydleg overførte stadnamn i fleirspråkleg område skal skrivast

Her står det: «Inneheld eit overført stadnamn eit ledd som er brukt i eit stadnamn i eit anna språk, kan dette leddet skrivast i samsvar med rettskrivingsreglane i dette språket. Den andre delen av stadnamnet skal følgje rettskrivingsreglane i mottakarspråket. I andre tilfelle skriv ein namneleddet i samsvar med reglane i mottakarspråket.»

Framlegg til endring: «Lydleg overførte stadnamn som er tilpassa lydstrukturen i mottakarspråket, skal skrivast etter rettskrivingsreglane i dette språket. Lydleg tilpassa og overførte stadnamnledd som inngår i eit stadnamn saman med eit namneledd på mottakarspråket, skal skrivast etter rettskrivingsreglane i mottakarspråket. Namn eller namneledd som ikkje er lydleg tilpassa lydstrukturen i eit mottakarspråk, skal som hovudregel ikkje brukast saman med eit namn eller namneledd i eit anna språk.»

Med endringsframlegget ønskjer vi å unngå ugjennomsiktige og dimed uforståelege namneformer som blandar eller kombinerer namneledd frå fleire språk, og som kan føre til ein heilt ny uttale av det aktuelle stadnamnet. Regelen er ikkje ny, men tidlegare var det nemnt døme som gjorde det mogleg for uinnvigde å forstå kva det potensielle problemet inneber. Det er snakk om situasjonar som denne: I Sentralt stadnamnregister finn ein namneparet Gorteneset (godkjent) og Korteniemi (vedtatt). (Dette er namn på nes i Skibotnelva i Storfjord.) Det kvenske og finske føreleddet Korte- viser til ein snelleart (Equisetum). Følgjer ein regelen som seier at dersom eit namn har «eit … ledd som er brukt i eit stadnamn i eit anna språk, kan dette leddet skrivast i samsvar med rettskrivingsreglane i dette språket», vil vi kunne skrive det norske namnet som Korteneset, noko som vil vere uheldig ettersom det lett vil skyggje for meiningsinnhaldet i namnet, og i staden indikere tydinga «det korte neset». Slike situasjonar er det fleire døme på blant namn med kvenske namneledd. Vi viser vidare til at kvensk stadnamnteneste spela inn dette punktet i høyringa for stadnamnforskfita i 2016, og vi seier oss leie for at vi ikkje meldte inn dette i svaret på oppdraget vårt i fjor.

§ 7 Bruk av fleirspråklege namn

Paragrafen manglar. Denne paragrafen er ikkje føreslått endra frå gjeldande forskrift, men må vere med også i ny forskrift.

§ 11 Bruk av stadnamn i tenesta

· Vi gjer framlegg om følgjande tillegg i første ledd: «Statsorgan, fylkeskommunar og kommunar skal bruke den fastsette eller prioriterte skrivemåten av stadnamnet, jf. stadnamnlova § 11 og forskrifta § 14 siste ledd, i tekstproduksjon, …». Grunngjeving: Offentlege organ har ikkje berre plikt til å bruke skrivemåtar som er fastsette etter lova. For namn som ikkje er behandla etter lov om stadnamn, har dei plikt til å bruke den skrivemåten som er prioritert i SSR. For svært mange namn har det ikkje vore reist namnesak for å få skrivemåten fastsett etter lova, anten fordi det ikkje er naudsynt, eller fordi ein ikkje har rokke det enno.

· Vi gjer vidare framlegg om følgjande tillegg: Innleiingvis bør det stå «Statsorgan, fylkeskommunar, kommunar og offentleg eigde verksemder skal bruke den fastsette [eller pioriterte] skrivemåten av stadnamnet […] i tekstproduksjon, skilting og på kart.» Jamfør at «[l]ova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut», tredje leddet i § 1 i lova.

· Følgjande punkt er korrektur til § 11:

o «§ 11» må skrivast med feit skrift og det må setjast punktum etter.

o Bokstav b): Punktum i staden for komma etter m.m.

o Bokstav c): Stryke kommaet etter skular

o Siste ledd: Ordet er og eit komma manglar: «Namn som er nemnt i første punktum bokstav c, skal finnast …»

o Ikkje punktum etter d)

Vi legg elles til grunn at departmentet gjer nødvendige endringar i setningane som omtalar kva tid forskrifta gjeld frå.

Vedlegg