Høyringssvar frå Norsk namnelag

Dato: 06.04.2021

Svartype: Med merknad

Kulturdepartementet

Postboks 8030 Dep

0030 Oslo

6. april 2021

Dykkar ref. 19/6649

Høyringsfråsegn frå Norsk namnelag til framlegg til endringar i forskrift 23. mai 2017 nr. 638 om stadnamn

Vi viser til brev og høyringsnotat frå Kulturdepartementet 9.12.2020 med justeringar 18.12.2020. Framlegget følgjer opp endringane i stadnamnlova med verknad frå 1.7.2019, slik at forskrifta blir tilpassa lova.

I fråsegna vår kommenterer vi enkelte av paragrafane i endringsframlegget i rekkjefølgje.

§ 1 Generelle reglar om norske, kvenske og samiske namn

Hovudregelen ved fastsetting av skrivemåten av stadnamn er å ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Lova opnar for unntak, og ei av endringane i 2019 var å flytte unntaksregelen om å vedta ein skrivemåte som fråvik gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp når skrivemåten har vore lenge i bruk, og er vel kjend og innarbeidd, frå forskrift til lov. Grunngjevinga for denne endringa var å signalisere at regelen bør vurderast oftare enn det som har vore praksis. Forskrifta til lova har dessutan frå 1991 opna for å nytte bestemte dialektformer. Det same galdt tidlegare føresegner.

I framlegget til ny forskrift er det sett opp moment som skal inngå når slike unntak skal vurderast, og korleis desse momenta skal vektleggjast i høve til kvarandre. Namnelaget er samd i at det er viktig å ha klare føringar for korleis regelen skal praktiserast. Vi har desse merknadene til framlegget til § 1:

Tredje ledd, punktoppstillinga:

Vi meiner at punkt b) bør kome som punkt a). Dette vil vere med på å understreke hovudregelen om at nedervd lokal uttale er utgangspunktet for fastsetting av skrivemåten. Jf. også merknader til § 1 Formål og verkeområde: “Det er ikkje berre det språkhistoriske innhaldet i eit namn som er verneverdig, men også sjølve forma namnet har i nedervd lokal uttale. Det er det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved namna i nedervd lokal uttale, jf. § 2 bokstav e som skal vernast.”

Fjerde ledd:

Siste setning i framlegget lyder slik: “Eldre, fornorska skrivemåtar av samiske og kvenske namn skal ikkje godtakast.” Dette kan lesast som om namn som Kautokeino og Karasjok ikkje kan godtakast, og det er vel ikkje meininga. Vårt framlegg til formulering er: “Når skrivemåten av samiske og kvenske stadnamn skal fastsetjast, skal ikkje eldre, fornorska skrivemåtar godtakast.”

Femte ledd:

Femte ledd lyder slik: “I saker der ein vurderer å velje ei lokal dialektform som skrivemåte, skal det takast med i vurderinga

a) om dialektforma representerer den nedervde uttalen betre enn ei form som følgjer gjeldande rettskriving eller ei regional samleform

b) om den lokale dialektforma skal nyttast for eitt eller fleire namneobjekt med det same språklege elementet

c) kor stor semje det er om skrivemåten lokalt”

Til punkt a):

Vi meiner formuleringa i punkt a) er upresis og vanskeleg å forstå.

Hovudregelen for fastsetting av skrivemåten er som nemnt å ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen, som i § 2 bokstav e i lova er definert som “uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk”. Ved sida av denne uttalen finst ofte fleire uttalevariantar, t.d. nyare namneformer som resultat av språkutviklinga, og skriftpåverka namneformer. Desse ulike uttalevariantane er lokale dialektformer, som i Utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn pkt. 1 er forklart som former “utan stor regional utbreiing, eller som det ikkje er vanleg å uttrykkje særskilt i skrift”. Ei dialektform er såleis ei munnleg basert skriftform, og vil til vanleg representere den nedervde lokale uttalen betre enn ei rettskrivingsform. Døme frå norske namn kan vere hågån, hagan og hajen for hagen etter rettskrivinga og åsa og åsan for åsane / åsene etter rettskrivinga.

Til punkt b):

Namnelaget meiner at også punkt b) er upresist. Dersom ein t.d. vurderer å bruke dialektforma hågjen i staden for rettskrivingsforma haugen berre i eitt namn, er det eit argument for eller mot dialektforma i dette namnet? Dette kjem ikkje tydeleg fram. Jf. Utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn pkt. 1 siste avsnitt om konsekvens og einskap i namneverket innanfor dialektområdet/kommunen.

Vårt framlegg til formulering av femte ledd er slik:

I saker der ein vurderer å velje ei dialektform som skrivemåte framfor ei rettskrivingsform eller ei regional samleform, skal det takast med i vurderinga

a) om skrivemåten representerer den nedervde uttalen

b) kor utbreidd uttalen er dersom ein vel ein skrivemåte med utgangspunkt i ein annan uttale enn den nedervde uttalen

c) om skrivemåten bryt med konsekvens og einskap i namneverket innanfor dialektområdet/kommunen

d) kor stor semje det er om skrivemåten lokalt

Anna:

Sidan eit mål med framlegget er å tilpasse forskrifta lova, bør formuleringa “at meiningsinnhaldet i namnet ikkje kjem tydeleg fram”, som er brukt to gonger, endrast til “som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet”, slik formuleringa er i § 1 fyrste ledd i lova. Vårt framlegg til tredje ledd bokstav a) blir difor: “om skrivemåten skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet”, og til fjerde ledd fyrste punktum: “Skrivemåtar som skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, eller som kan medverke til at den nedervde lokale uttalen blir endra, kan …”.

§ 4 Særleg om samiske namn

Siste ledd, fyrste punktum i framlegget lyder: “Dersom ein eigedom i eit samisk busetjingsområde har eit norsk namn, kan eigaren eller festaren gi eigedomen eit samisk namn i tillegg til eller i staden for det norske namnet.”

Etter § 3 andre ledd i lova kan eit “nedervd stadnamn berre bytast ut med eit anna namn som er på same språk, og som har namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.” Slik formuleringa er i framlegget, kan ein byte ut eit norsk namn med eit samisk namn, altså eit namn på eit anna språk, noko som bryt med nemnde regel i § 3 i lova. Namnelaget meiner difor at det bør presiserast om dette også gjeld nedervde stadnamn og om omsynet til samisk er ein særleg grunn.

§ 5 Særleg om kvenske namn

Andre ledd, fyrste punktum lyder: “Dersom ein eigedom i eit kvensk busetjingsområde har eit norsk namn, kan eigaren eller festaren gi eigedomen eit kvensk namn i tillegg til eller i staden for det norske namnet.” Her gjeld same merknad som for samiske namn, sjå ovanfor.

§ 7 Bruk av fleirspråklege namn manglar i forskrifta (full tekst)

§ 8 Saksbehandling

I framlegget er formuleringane “ei førebels vurdering frå stadnamntenesta” (fyrste ledd, andre punktum), “ei vurdering frå stadnamntenesta” (andre ledd, andre punktum) og “ei førebels vurdering av skrivemåten (tredje ledd, andre punktum) nytta. Ordet vurdering bør her bytast ut med tilråding, som er brukt i §§ 9, 12 og 13 i lova. Vi kan elles vise til det departementet sjølv seier i Prop. 65 L kap. 4.8.4: “Departementet meiner at ordet “tilråding” er dekkjande for dei rådgivande funksjonane namnekonsulentane har i saksbehandlinga.”

I tredje ledd, andre punktum heiter det at stadnamntenestene skal “vurdere om namneobjektet òg har eit samisk eller kvensk namn”. Namnelaget meiner at “vurdere” må bytast ut med “finne ut”. Anten har namneobjektet eit samisk eller eit kvensk namn, eller så har det ikkje det.

§ 11 Bruk av stadnamn i tenesta

Namnelaget er samd i at det blir fastsett ein forskriftsregel om bruk av nedervde stadnamn i offentleg teneste og har denne merknaden: Vi meiner det bør presiserast at når eit namn ikkje har fått fastsett skrivemåte etter stadnamnlova, og to eller fleire skrivemåtar av namnet på same språk er i offentleg bruk og registrerte i SSR, skal offentlege organ bruke den prioriterte skrivemåten i SSR. Vårt framlegg til formulering av fyrste ledd, fyrste punktum blir: “Statsorgan, fylkeskommunar og kommunar skal bruke den fastsette eller prioriterte skrivemåten av stadnamnet, jf. stadnamnlova § 11 og forskrifta § 14 siste ledd.”

Terje Larsen

leiar i Norsk namnelag