Endringar i personalreglementet for prestar i Den norske kyrkja

Frå 1. juli 2012 skal bispedømmerådet tilsetje prostar og Kyrkjerådet skal tilsetje biskopar. Som ein konsekvens av dette, er det forhandla fram endringar i personalreglementet for prestar i Den norske kyrkja. Endringane i reglementet er stadfesta, og dei trer i kraft 1. juli 2012.

Bispedømmeråda
Biskopane
Prostane
Presteskapet
Kyrkjerådet
 

 

Nr.
P-5/2012
Vår referanse
2011002508
Dato:
04.07.2012


  

Endringar i personalreglementet for prestar i Den norske kyrkja

Frå 1. juli 2012 skal bispedømmerådet tilsetje prostar og Kyrkjerådet skal tilsetje biskopar. Som ein konsekvens av dette, er det forhandla fram endringar i personalreglementet for prestar i Den norske kyrkja. Endringane i reglementet er stadfesta, og dei trer i kraft 1. juli 2012.

Hovudformålet med endringane har vore å etablere ei ny ordning for tilsetjing av prostar. Den nye ordninga inneber mellom anna at alle sokneråda i prostiet skal få uttale seg ved tilsetjing av prost, jf. § 8 nr. 1. Sokneråda skal også i fellesskap kunne peike ut to representantar som kan delta under intervju med kandidatane, jf. § 6 nr. 4. Biskopen avgjer kva for ein prost som skal sitte i innstillingsrådet, jf. § 9 nr. 1. Tilsetjing skjer i bispedømmerådet på same måten som ved tilsetjing av kyrkjelydsprestar.

Det er også gjort nokre andre, mindre endringar i reglementet, mellom anna i reglane i del V om ordensstraff, klage mv. og for å oppdatere det i tråd med endringar i anna regelverk.

Kyrkjemøtet har ved forskrift fastsett eigne reglar for framgangsmåten ved tilsetjing av biskop, jf. personalreglementet § 2 nr. 1.

Vi legg ved eit eksemplar av reglementet, slik det er etter endringane.

 

Med helsing

Torbjørn Backer Hjorthaug (e.f.)
avdelingsdirektør

Marianne T. Brekke
seniorrådgjevar

 

Vedlegg:
Personalreglement for prester i den norske kirke (PDF)