Høringssvar fra Advokatfirmaet Schjødt AS
Høyring – endringar i foretakslovgivninga i Samband med at Storbritannia har forlate Den europeiske unionen (Ref. 20/8859-1)
Oslo, 25. november 2020
Vi viser til Nærings- og fiskeridepartementets høyringsbrev av 11. november 2020 med forslag til endringar i foretakslovgivinga som følgje av at Storbritannia har forlate Den europeiske unionen og overgangsperioden går ut 31. desember 2020.
Advokatfirmaet Schjødt AS støttar framlegget om at britiske statsborgarar som er busette i EØS eller i Storbritannia, og EØS-borgarar som er busette i Storbritannia, også i framtida skal oppfylle bustadskrava i foretakslovgivinga. Føresetnaden må vere at lovforslaget blir omfatta av ein frihandelsavtale mellom Noreg og Storbritannia. Den andre føresetnaden som er nemnd i høyringsnotatet – at Storbritannia sluttar seg til Luganokonvensjonen eller ein tilsvarande avtale mellom Noreg og Storbritannia – er no oppfylt, jf. avtale av 13. oktober 2020 om fullbyrding av dommar i sivile saker.
Lovforslaget inneheld inga iverksetjingsføresegn. Vi legg til grunn at lova ikkje vil bli sett i verk før føresetnaden for lovforslaget er til stades.
Vennleg helsing
ADVOKATFIRMAET SCHJØDT AS
Tore Fjørtoft
Partner PhD