EU legg fram ein alkoholstrategi

EU-kommisjonen la 24. oktober 2006 for første gong fram ein strategi for å redusere alkoholrelaterte skadar i Europa (KOM(2006)625).

EU-kommisjonen legg fram ein alkoholstrategi

EU-kommisjonen la 24. oktober 2006 for første gong fram ein strategi for å redusere alkoholrelaterte skadar i Europa. Strategien peikar på dei negative helseeffektane av skadeleg og farleg alkoholbruk, som er berekna å ta 195 000 europeiske liv årleg.

Frå eit norsk perspektiv er det positivt at EU no løfter alkohol høgt på dagsorden. Noreg har i fleire år arbeidd for å skape felles forståing av dei problema alkohol kan føre til, og det soleis interessant å sjå at skilnadene mellom Nord- og Sør-Europa kva gjeld alkoholpolitikk minskar. Tiltak som for nokre år sidan blei sett på som nordiske særordningar er no meir allmenne.

Lenke til pressemelding frå EU-kommisjonen (engelsk tekst)

Lenke til alkoholstrategien KOM(2006)625 (engelsk tekst)