Historisk arkiv

Europaparlamentet: Debatt om Europas framtid med Mark Rutte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Rapport fra ambassaderåd Eirik Nestås Mathisen, Norges delegasjon til EU.

  • Sterk og klar nederlandsk statsminister i Europaparlamentet. Europeisk samhald meir naudsynt enn nokosinne. Vi treng eit sterkare, tryggare og meir effektivt EU.

  • Samhald ikkje det same som alltid tettare integrasjon. Vekta må liggje på kjerneoppgåvene. EU må love mindre og levere meir.

  • Rutte lanserte ny ambisjon for reduksjon av utslepp av klimagassar: 2030-målet bør justerast opp til 55 prosent.

  • Lite optimisme å spore når det gjaldt snarleg gjennombrot for Dublin-reform.

  • Krystallklar støtte til art. 7 og vektlegging av rettsstatsprinsipp.

  • Stor avstand til Europaparlamentet i spørsmålet om nytt langtidsbudsjett. Rutte understreka trong for kutt i og reform av landbrukspolitikk og samhøyrepolitikk.

  • Avtalar er til for å haldast. Det viktigaste spørsmålet i ØMU er å få medlemsstatane til å etterleve stabilitets- og vekstpakka.

Debatten om Europas framtid med statsminister Rutte i Europaparlamentet 13.06 vara i tre timar. Meir enn 80 parlamentarikarar teikna seg for taletid og engasjementet frå parlamentsmedlemmene var på same nivå som då president Macron gjesta same hus i april.

Rutte gjekk til verket med å understreke at han kom til Strasbourg med ei kjensle av alvor og hastverk. Politikarar har eit ansvar for å setje kurs, for å ta dei naudsynte vala. Den internasjonale rettsorden blir no utfordra på ein måte som vi ikkje har sett på fleire tiår. Russland, Iran, Kina, eit belte av ustabilitet rundt Europa, samt ein hovudalliert som ikkje spelar på lag, bidrar på ulikt vis til å skape ein situasjon der EU ta ansvar for eigen rolle og retning. Samhald er ryggraden som gir Europa styrke. Nederland merka sjølve dette i MH17-saka, der Russland held fram med å obstruere.

Likevel er ikkje alltid meir, alltid tettare, europeisk integrasjon svaret EU bør leite etter. Unionen må fokusere på kjerneoppgåvene, meinte Rutte. Det europeiske samarbeidet er ingen meny som medlemsstatane kan plukke fritt frå. Inngåtte avtalar må respekterast og implementerast før nye ambisiøse lovnader vert gitt. EU må rett og slett love mindre og levere meir. Den indre marknaden, Schengen, ØMU og klimasamarbeidet er område der EU har ein klar tilleggsverdi. På alle desse områda er det både ugjort arbeid og trong for å gjere meir. Desse områda bør difor stå i sentrum.

For Nederland var klimasaka særleg viktig. Rutte lanserte difor ein ny ambisjon om å auke utsleppsreduksjonskravet i 2030 til 55 prosent. Dette var eit fransk-nederlandsk initiativ, der han såg Europaparlamentet som ein viktig partnar. Utspelet vart mottatt med applaus.

Når det gjaldt det neste langtidsbudsjettet understreka Rutte at Nederland er klare til å bidra, men at ein reduksjon av totalramma var logisk i lys av brexit. Midlar til nye satsingar måtte finnast gjennom omprioriteringar. Landbruks- og samhøyrepolitikken kan ikkje fredast. Både kutt og reform på desse områda var naudsynt for å levere framtidsretta politikk.

Også når det gjaldt eurosonereform peika Rutte på eksisterande verkty. ØMU vart ikkje oppretta for å vera ein mekanisme for redistribusjon, men for å styrke vekst og konkurranseevne. Han medgav at ein framleis ikkje er tilstrekkeleg budde på nye kriser. Stabiliseringsverkty er naudsynte. Møtet i Det Europeiske Råd (DER) i juni burde klare å levere framgangar når det gjeld Bankunionen. Medlemsstatane må samstundes gjere meir sjølve. Stabilitets- og vekstpakta må respekterast og naudsynt strukturreform må koma på plass. EU-budsjettet er dessutan meir enn stort nok til å bidra til stabilisering og konvergens i eurosona.

Migrasjon kom derimot til å bli svært krevjande på DER. Det var ingen tvil om at det må gjerast meir for å sikre eit effektivt og rettvist system, men Rutte klarte ikkje å vera optimistisk når han såg på konfliktlinene mellom medlemsstatane.

Rutte la stor vekt på tillitsdimensjonen, både mellom borgar og politikar, mellom institusjonane og mellom institusjonane og medlemslanda. Å vinne tilbake tillit var kanskje den største oppgåva for europeiske leiarar i dag. Det var viktig å lytte til både borgarar og medlemsland, men samstundes heilt klart at det ikkje finst demokratisk legitimitet utan uavhengige rettsvesen, fri presse og respekt for inngåtte avtalar. Difor stod også Nederland fullt og heilt bak «Timmermans og heile Kommisjonen» i artikkel 7-spørsmålet i Polen.

Første visepresident Timmermans tala på vegne av Kommisjonen. Han gav sin landsmann full støtte for kjensla av alvor og hastverk, før han engasjert tok endå hardare språk i bruk. Kven hadde trudd for fem år sidan at vi skulle diskutere om EU står på kanten av avgrunnen? I dag er vi prega av konflikt, av fråver av grunnleggjande tillit. Migrasjonsspørsmålet var grunnen til dette. Europaparlamentet sin posisjon for reform av Dublin fortener å bli tatt på alvor. No må leiarane nytte DER til å koma vidare.

Timmermans tok så opp det transatlantiske tilhøvet. Vi står i eit paradigmeskifte når vi for første gong har ein amerikansk president som meiner at eit splitta Europa er eit betre Europa. For ein kontrast til Kennedy, som kom til Berlin og sa at «eg er ein av dykk», og til Reagan sin bodskap om å «rive ned muren»! Samstundes er samhaldet i Europa sterkt og ein president kjem ikkje til å klare å bryte opp dette, understreka Timmermans. Det er eit samhald basert på demokrati, uavhengige rettsvesen og respekt for menneskerettane. Desse tre heng saman og kan ikkje nyttast mot kvarandre. Det er skilnad på å bli styrt av lov og å styre med lov.

Weber (EPP) tok det globale utsynet og meinte at «G6-møtet» representerte eit vegskilje. Han kritiserte rådet for å vegre mot å nytte kvalifisert fleirtal i utanriks- og tryggingspolitikken og sa at Russland, Iran, og Kina allereie har sine «agentar» mellom medlemslanda. Han utfordra Rutte til å klargjere sine ambisjonar for EU som forsvarspolitisk aktør, noko Rutte kvitterte ut med å gi støtte til militær mobilitet, men utan å gå mykje lenger. Frå andre talarar i EPP var det særleg den restriktive haldninga til langtidsbudsjettet som dominerte innlegga.

Den sosialdemokratiske gruppa og andre på venstresida gav Rutte motstand på manglande ambisjonar for det sosiale Europa, Nederland si skattelovgjeving og manglande vilje til eit stort langtidsbudsjett. Rutte synte til at han var for utsendingsdirektivet og EU har ein rolle i sosiale spørsmål når dei er reelt grensekryssande, men at sosialpolitikk først og fremst var eit godt døme på spørsmål som høyrer heime på medlemsstatsnivå.

Verhofstadt (ALDE) tok, i endå større grad enn kva vi er vane med, storslegga i bruk i omtalen av eit svekkja transatlantisk tilhøve og eit Europa som er omslutta av utfordringar. Rutte nytta her ein god porsjon av tilsvarstida si til å understreke at jamvel om han er uroleg, så er han også ein overtydd transatlantiker. Bandet til USA var både eit verdifellesskap og eit tryggingsfellesskap som verda treng for å løyse dei store utfordingane i vår tid. Eit styrkja og samla EU trong ikkje stå i opposisjon til dette.

På tvers av partiliner tok fleire opp Schengen-utviding for Romania og Bulgaria. Også her var det klar tale frå Rutte. Han ynskte ambisjonen velkomen og anerkjente arbeidet som er gjort. Samstundes minna han om at antikorrupsjon er eit av krava og at alle kriterier framleis ikkje er oppfylte. Ein avtale er ein avtale og Bulgaria og Romania må møte sine plikter først. Freistnader frå britiske representantar på å appellere til nederlandske særinteresser når det gjaldt brexit vart møtt med ein klar bodskap om at Nederland, som dei andre 26, står heilt og fullt bak Barnier. Det kom også spørsmål om korleis Nederland såg på den «tysk-franske» integrasjonsmotoren. Rutte meinte at Nederland er tent med å orientere seg breitt. Tyskland og Frankrike er sjeldan heilt samde om alt. Han hadde stor sans for Sorbonne-talen til Macron og Frankrike var ein sentral partnar for Nederland, men han haldt også fram Norden og Baltikum som særleg viktige likesinna.

Både Rutte og Timmermans kom med kraftfulle og til tider elegante forsvar for europeiske verdiar og samhald. Her var det lite «på den eine sida og på den andre sida». Rutte la ein heilskapleg europapolitikk for dagen og framstår, som media i Nederland også kommenterer etter talen, langt meir EU-venleg no jamført med første gong han var statsminister. Dette har ikkje minst med utviklinga internasjonalt å gjere, særleg kva gjeld Russland og, den siste tida, USA.

Ingen i Europaparlamentet er samde i alt han seier og står for, men statsministeren har eit overordna proeuropeisk perspektiv og noko for dei fleste.

Rutte treff høgresida med si vektlegging av eit EU som fokuserer på kjerneoppgåver og respekterer medlemsstatane sin kompetanse. Han treff breitt, ikkje minst i sin eigen liberale familie, med vektlegging av verdiar og samhald. Venstresida trur på klimaambisjonane hans.

Debatten om Europas framtid held fram i juli, få dagar etter toppmøtet, med den polske statsministeren Morawiecki som gjest.