Påminning: Fagleg bistand (tenester) til russiske fartøy

Utanriksdepartementet minner om kva som er gjeldande regelverk for verfttjenester ved hamneanlaup.

Føremålet med unntaket for fiskefartøy frå hamneforbodet i Båtsfjord, Tromsø og Kirkenes er omsynet til det bærekraftige fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland.

Det inneber at russiske fiskefartøy kan til dømes gjere følgjande i dei tre hamnene:

  • Bytte mannskap
  • Bunkre (utan anna tenesteyting)
  • Losse (føresett at det ein skal losse ikkje er i strid med importforboda)
  • Proviantere
  • Gjennomgå kontroll

Forbod mot fagleg bistand

All fagleg bistand til russiske fartøy er i utgangspunktet forbode. Forbodet mot fagleg bistand til russiske fartøy gjeld uavhengig av unntak frå hamneforbodet etter sanksjonsforskrift Ukraina § 19a. Forbodet mot fagleg bistand til fartøy er regulert i § 16a andre ledd, då fartøy er oppført på vedlegg IX som «vessel», uavhengig av storleik på fartøyet.

Fagleg bistand er nærare definert i forskrifta § 2 bokstav h og omfattar følgjande:

«enhver form for teknisk støtte i forbindelse med reparasjon, utvikling, produksjon, montering, prøving, vedlikehold eller enhver annen form for teknisk tjeneste, uansett om bistanden ytes i form av instruksjon, rådgivning, opplæring, overføring av driftskunnskaper eller ferdigheter eller konsulenttjenester; faglig bistand omfatter også muntlig bistand».

Dette vil i praksis til dømes omfatte bunkringstenester dersom ein krev teknisk kompetanse i form av fagbrev og planmessig vedlikehald. Forbodet gjeld både direkte og indirekte. Det inneber at både verft som utfører tenester og underleverandørar er omfatta.

Søknad til UD om unntak

Unntak for fagleg bistand «beregnet på maritim sikkerhet» etter § 16 kan innvilgast dersom ein søker UD på førehand. Dette kan vere akutte tilfelle der fagleg bistand er strengt naudsynt for å ivareta skipet sin tekniske, operative eller miljømessige sikkerheit. Utanriksdepartementet understreker samstundes at det er høg terskel for å innvilge unntak frå sanksjonsreglane. Søknad må rettast seksjon for eksportkontroll gjennom søknadsportalen e-lisens. Bruk skjemaet for «generell henvendelse».

Ved søknad må det gjerast ei eigenvurdering av tenesten og grunngjeving for kvifor ein meiner unntaket er oppfylt. Ved søknad er det venta at ein også har vurdert om tenesten vert ramma av andre delar av sanksjonsregelverket, til dømes dei finansielle restriksjonane for handel med Russland som vist til i forskrifta kapittel 2. Det er høve for dialog med departementet i

Meir informasjon

For meir informasjon om e-lisens, sjå www.eksportkontroll.no eller ta kontakt på eksportkontroll@mfa.no for rettleiing om korleis bruke portalen.

Overgangsordninga knytt til dispensasjon for kontraktar inngått før 19. mars 2022 har gått ut for alle som ikkje søkte UD om unntak innan 20. mai 2022.

Det er eksportør/tenesteleverandør sitt ansvar å følgje dei til ei kvar tid gjeldande restriksjonar for handel med Russland då endringar skjer hyppig.

Brot på sanksjonsregelverket inneber politianmelding med ei øvre strafferamme på bøter eller fengsel inntil tre år eller begge deler. Aktlause brot har ei øvre strafferamme på bøter eller fengsel inntil seks månadar eller begge deler. Dette går fram av sanksjonsloven § 4.

Sjå forøvrig rettleiaren for næringslivet om sanksjonane mot Russland som svar på Russland sin militære aggresjon mot Ukraina knytt til fartøy og hamner.