Flora kommune - reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken (steinbrot - kulturminne)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 19. juli 2005

Flora kommune – motsegn til reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken.

Vi viser til brev av 26. januar 2005 frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane om denne saka.

Saka er i samsvar med § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova (pbl) sendt Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd.

Departementet finn etter ei samla vurdering å kunne stadfesta Flora kommunestyre sitt vedtak om reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken. Departementet legg vekt på at steinbrotet vil gi Flora kommune og eit lite grendesamfunn fleire nye arbeidsplassar. Dette vil igjen på lengre sikt kunne styrke busetnaden i området, og vere avgjerande for at skulen og båtruter vert halde oppe.

Bakgrunn for saka

Planprosessen for regulering av eit steinbrot på Seljestokken starta i 2002. Då gav det faste utval for plansaker i Flora kommune eit positivt signal på førespurnad frå tiltakshavar Norwegian Sandstone Export AS om igangsetting av eit planarbeid.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er etablering av eit steinbrot for uttak av devonsk sandstein, med knuseanlegg og kai for utskiping av ferdig produkt. Sandsteinen er tenkt nytta i asfaltproduksjon. Testar av steinen viser at den ligg over dei høgste krav som vert stilt i dag. Heile tiltaket vil dekke eit areal på 574 dekar. Førekomsten av sandstein innafor planområdet er rekna til 129 mill. tonn og kan gi drift i om lag 100 år. Sjølve steinbrotet er tenkt etablert som dagbrot.

Tiltaket er av eit så stort omfang at det er krav om konsekvensutgeiingar (KU) etter reglane i plan- og bygningslova. KU vart godkjent av Bergvesenet gjennom sluttdokument datert 13. oktober 2004.

Konsekvensane av tiltaket er gjennom KU vurderte til på den eine ytterkant å ha stor og positiv konsekvens for sysselsetjing, medan tiltaket på den andre ytterkant vert vurdert å ha sers stor konsekvens for kulturminner på land. Samla vurdering i KU er at tiltaket totalt sett har ein relativ liten, men negativ konsekvens. Alle avbøtande tiltak som er tilrådd i sluttdokumentet til KU, og som kan styrast gjennom reguleringsplanen, er vedteken innarbeidd i reguleringsplanen.

Det planlagde området ligg i eit landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i gjeldande arealdelen til kommuneplan for Flora.

Fylkeskommunen gav fråsegn til planen i brev datert 21. september 2004. I fråsegna uttalar fylkesutvalet at det meiner reguleringsplanen for Seljestokken steinbrot er utforma slik at omsynet til landskap og kulturmiljø er ivareteke. Fylkesutvalet vil ikkje gå i mot at det vert etablert eit steinbrot i området slik det er planlagt og vist på staden. Til slutt i fråsegna uttalar fylkesutvalet at det ikkje bør opnast for fleire brot i dette området av fylket før ein har gjort erfaringar med dei tre som no er aktuelle, og dei viktigaste kulturmiljøa i området er nærmare vurdert.

Riksantikvaren fremja i brev av 1. november 2004 motsegn mot framlegget til reguleringsplan ut frå omsynet til kulturminne. Motsegna gjeld områda for kaianlegg, transportband og drift. Desse delane av planen er etter Riksantikvaren si meining i sterk konflikt med eit kulturmiljø med gravrøyser som vert vurdert til å vere av nasjonal verdi. Innanfor sjølve planområdet ligg det 4 gravrøyser. I eit større området har ein registrert 27 gravrøyser. Det særeigne kulturmiljøet som gravrøysene på Seljestokken er ein del av, er eit av svært få område av denne typen i landet. Riksantikvaren meiner det ikkje bør opnast for fleire steinbrot i området før ein har gjort erfaringar med dei to som no er godkjende. Desse ligg i Bremanger kommune.

Riksantikvaren har ikkje innvendingar mot sjølve uttaksområdet, ut frå at det her ikkje er kjende kulturminne. Potensialet for å finne ukjende kulturminne i området er vurdert som lågt.

Mekling vart gjennomførd den 26. november 2004 utan at kommunen og Riksantikvaren kom til semje i saka.

Flora kommunestyre handsama saka i møte den 15. desember 2004 og gjorde der vedtak om ikkje å ta motsegna til følgje. Saka vart vedteke oversend Miljøverndepartementet til endeleg avgjerd. Kommunen legg vekt på at det omsøkte tiltaket ikkje direkte vil røre ved dei 4 gravrøysene.

Fylkesmannen viser i sitt oversendingsbrev til at han i prinsippet er samd med Riksantikvaren i at det er viktig å ta vare på kulturarv og særmerkte kulturmiljø av den typen ein finn i og i tilknyting til planområdet. I konsekvensutgreiinga er det peikt på at kultur-miljøet knytt til gravrøyser i området står fram som heilskapleg og med intakt struktur der opplevings-, pedagogiske og vitskaplege verdiar er store. Det er lagt til grunn at tiltaket vil ha "meget stor negativ konsekvens" i forhold til kulturminna på land.

På den andre sida finn fylkesmannen å måtte legge vekt på at ingen av gravrøysene kjem i direkte konflikt med tiltak planen legg til rette for, og at kommunen så langt som råd er har tilpassa planutforminga slik at kulturminna og miljøet i størst mogleg grad blir tekne vare på. Fylkesmannen er samd med fylkeskommunen i at dei verknadane av sysselsetting, verdiskaping og kapitaltilførsel er så viktige for lokalsamfunnet og kommunen, at det bør leggjast avgjerande vekt på omsynet til samfunnsutviklinga. Fylkesmannen viser i den samanheng til det lokale engasjement og fråsegner frå bygdelaget til fordel for planforslaget.

Etter ei samla vurdering rår fylkesmannen til at planforslaget for steinbrot på Seljestokken vert stadfesta.

Synfaring i området vart halde 20. april 2005 med mellom anna representantar frå kommunen, tiltakshavar, fylket, Riksantikvaren, Bergvesenet, Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Nærings- og handelsdepartementet (NHD) gav i brev av 10. juni 2005 til Miljøvern-departementet uttale i saka. I uttala legg NHD vesentleg vekt på at ansvaret for areal-planlegginga etter plan- og bygningslova ligg til kommunen, og at det skal vesentlege grunnar til for at statlege myndigheiter skal overprøve eit kommunalt planvedtak. I denne saka har kommunestyret samrøystes vedteke planen etter ein grundig lokaldemokratisk prosess. NHD kan ikkje sjå at staten har sterke nok grunner til å gå mot kommunen. Det vert og lagt vekt på at sjølve gravrøysene ikkje vert direkte skada, at det er eit stort behov for sysselsetjing i området og at tiltaket har fått positiv tilslutning i grenda. NHD viser også til at Bergvesenet meiner at i denne saken må ein leggje vekt på dei samfunnsmessige verknadane av sysselsetjing, verdiauke og kapitaltilførsel.

Miljøverndepartementet si vurdering

Departementet si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statleg sektormyndigheit. Det må liggje føre nasjonale eller viktige regionale interesser for at departementet skal kunne overprøve dei lokalpolitiske prioriteringane.

Konflikten i denne saka gjeld spørsmålet om etablering av eit driftsområde og transport-område i tilknyting til eit større steinbrot for uttak av devonsk sandstein. Steinen, som er tenkt nytta i asfaltproduksjon på kontinentet, skal auke friksjonen i asfalten og dermed auke trafikktryggleiken.

Innanfor det regulerte området ligg det 4 gravrøyser. Desse ligg i område regulert til parkbelte i industristrok kombinert med spesialområde vern. Tre av gravrøysene ligg ved sjøen, medan den fjerde ligg på eit platå ovanfor eksisterande bilveg.

Riksantikvaren fremja motsegn mot planen fordi han meiner kaianlegget, transportanlegget og driftsområdet vil øydeleggje den heilskap som området med gravrøysene ligg i. Det er ikkje reist motsegn mot sjølve steinbrotet. Riksantikvaren peiker på at gravrøysene er av stor nasjonal verdi. Inngrepet vil etter kulturminnemyndigheitene si meining medføre ei visuell skjemming av kulturmiljøet og ei fragmentering av det største samanhengande gravrøysmiljøet av denne typen på Vestlandet. Dette vil redusere verdien av området og moglegheit for kunnskap og oppleving.

Flora kommune er omstillingskommune med stor trong til nye arbeidsplassar. Regionen har den seinare tid mist mange arbeidsplassar, både innan statleg forvaltning og privat sektor. Særleg har verftsindustri og fiskeriindustri hatt problem. Folketalet i Sogn og Fjordane har og dei seinare år gått tilbake. Det er ei nasjonal oppgåve å leggje til rette for busetnad og sysselsetjing i distrikta.

Det planlagde steinbrotet vil gi ca. 20 nye arbeidsplassar, over lang tid (100 år). I tillegg kan ein vente ulike ringverknader som ytterlegare vil kunne styrkje sysselsetjing og busetnad. Dette vil igjen kunne styrkje lokalsamfunnet og vere avgjerande for at skule og lokalbåtruter kan halde fram. Grendelaget i området har teke aktivt del i planlegginga av steinbrotet og gitt positiv tilslutning til prosjektet.

I denne saken ligg det føre nasjonale kulturminneinteresser. Steinbrotet kjem i konflikt med kulturminneinteressene, men etter ei samla vurdering er Miljøverndepartementet kome til at omsynet til å styrkje sysselsetjinga og busetnaden i Flora kommune og regionen må vege tyngst i denne saka. Departement finn derfor å kunne stadfesta kommunen sitt vedtak om reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken.

I samband med gjennomføringa av tiltaket føreset departementet at dei avbøtande tiltak

som er nemnd i konsekvensutreiinga og tatt inn i reguleringsføresegnene vert utført.

Tiltakshavar og kommunen bør og i samråd med dei regionale kulturmyndigheiter legge betydeleg innsats i å vurdere ytterlegare avbøtande tiltak for å minske skadeverknadane for det samla gravrøysmiljøet. I den samanheng viser vi til framlegg under synfaringa om tildekking/skjerming av transportband.

Kulturminnemyndigheitene har ikkje prioritert å gjennomføre registreringar etter kulturminnelova
§ 9 for å fastslå om det er konflikt mellom arealdisponeringa og ikkje synlege automatisk freda kulturminne. Kulturminnemyndigheitene må derfor registrere i planområdet og fastsetje eventuelle vilkår for gransking før tiltak kan setjast i verk. Etter kulturminnelova si § 10 skal tiltakshavar betale for slike granskingar.

Vedtak

I medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar Miljøverndepartementet vedtak av Flora kommunestyre i møte den 15. desember 2004 om reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken. Samstundes stadfestar departementet dei tilhøyrande reguleringsføresegner med nokre mindre endringar og eit tillegg gjort av departementet, jfr. pkt. 2.8 i føresegnene. Motsegna frå Riksantikvaren vert derfor ikkje teken til følgje.

Det stadfesta plankart med reguleringsføresegner følgjer vedlagt med påteikning om stadfestinga.

Departementet finn etter det opplyste at reguleringsplanen er handsama i samsvar med reglane i plan- og bygningslova, og at sakshandsaminga ikkje gir grunn for merknader.

Om kunngjering av stadfesta reguleringsplan viser vi til reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.

Med helsing
Knut Arild Hareide

Kopi:
Flora kommune
Riksantikvaren
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Nærings- og handelsdepartementet

Vedlegg:
Dokumenta i saka