Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter - 2018

For tildelingar i 2019

Sidan 1979 har det vorte sett av midlar til løypetiltak og overnattingshytter i samband med den årlege fordelinga av overskotet frå Norsk Tipping som skal nyttast til idrettsføremål.
Desse midlane er øyremerkte nemnde føremål, og det er berre nokre særskilte søkarar som kan søke om midlar innanfor denne ordninga.

Føremålet med midlane er å sikre at ålmenta fortsatt skal kunne ha tilgang til løyper og overnattingshytter som er viktige utgangspunkt for å kunne drive med fysisk aktivitet i ramma av friluftsliv.

Søknadene vert fyrst behandla av Den Norske Turistforening (DNT), før departementet tildelar midlar til konkrete prosjekt på grunnlag av mottekne søknader.

Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter - 2018 (.pdf)