Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter - 2019

For tildelingar i 2020

Sidan 1979 har det vorte sett av midlar til løypetiltak og overnattingshytter i samband med den årlege fordelinga av overskotet frå Norsk Tipping som skal nyttast til idrettsføremål.
Desse midlane er øyremerkte nemnde føremål, og det er berre nokre særskilte søkarar som kan søke om midlar innanfor denne ordninga.

Føremålet med midlane er å sikre at ålmenta fortsatt skal kunne ha tilgang til løyper og overnattingshytter som er viktige utgangspunkt for å kunne drive med fysisk aktivitet i ramma av friluftsliv.

Søknadene vert behandla av Den Norske Turistforening (DNT).

Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter - 2019 (.pdf)