Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter – 2017

For tildelingar i 2018

Kulturdepartementet reviderer kvart år sine føresegner som gjeld tilskot av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (V-0732). Eit kapittel i desse føresegnene har kvart år vore sett av til tilskotsordninga som gjeld tilskot av spelemidlar til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter. For å gjere det tydelegare at sistnemnde er ei eiga tilskotsordning, og ikkje er den same ordninga som gjeld tilskot av spelemidlar til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg, vil det frå og med i år verte gitt ut ein eigen publikasjon for denne ordninga.

Sidan 1979 har det vorte sett av midlar til løypetiltak og overnattingshytter i samband med den årlege fordelinga av overskotet frå Norsk Tipping som skal nyttast til idrettsføremål.

Desse midlane er øyremerkte nemnde føremål, og det er berre nokre særskilte søkarar som kan søke om midlar innanfor denne ordninga, jf. punkt 2.1 i føresegnene det er linka til under. Føremålet med midlane er å sikre at ålmenta fortsatt skal kunne ha tilgang til løyper og overnattingshytter som er viktige utgangspunkt for å kunne drive med fysisk aktivitet i ramma av friluftsliv.

Søknadene vert fyrst behandla av Den Norske Turistforening, før departementet tildelar midlar til konkrete prosjekt på grunnlag av mottekne søknader.