Forsand kommune - arealdel til kommuneplanen - område ved Bergelia ved Lysefjorden ( hytter - strandsone/landskap)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 12. januar 2006

Forsand kommune - motsegn mot arealdel til kommuneplanen for eit område lagt ut til hytter ved Bergelia i Lysefjorden

Vi viser til fylkesmannen sitt brev hit av 08. april 2005.

Saka er i samsvar med § 20-5, femte ledd i plan- og bygningslova sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd på grunn av motsegn frå fylkesmannen i Rogaland.

Departementet godkjenner ikkje Forsand kommunestyre sitt vedtak om å legge ut eit hyttefelt ved Bergelia i ytre del av Lysefjorden. Hyttefeltet er plassert i 100-metersbeltet og vil føre til eit inngrep som ikkje kan aksepterast i eit fjordlandskap av nasjonal verdi. Motsegna frå Fylkesmannen i Rogaland er dermed teken til følgje.

Bakgrunn for saka

I kommuneplan for Forsand 2002-2014 er det godkjent i alt over 200 nye hytter. Den uløyste konflikten er knytt til eit byggeområde for 15 nye hytter ovanfor fylkesvegen ved Bergelia. Heile feltet ligg i 100-metersbeltet til Lysefjorden. I det foreslåtte hyttefeltet er det frå før av to fråskilde tomter og ei bygd hytte. I tillegg er det to eksisterande hytter i strandkanten på nedsida av vegen.

Kommunestyret legg vekt på hyttebygging som ein viktig del av innsatsen for å oppretthalde det lokale servicetilbodet. I tillegg grunngjev kommunestyret forslaget med at området i Bergelia er godt egna for hyttebygging fordi det er delt frå strandsona med fylkesvegen, og at det er fråskilte tomter og nokre hytter der frå før av. Området er lite brukt til friluftsliv og det er lite framkommeleg for vidare ferdsel til fjells. Kommunestyret meiner også at hyttefeltet vil bli lite eksponert for innsyn frå sjøsida.

Motsegn vart fremja av fylkesmannen i brev av 31. mars 2003 i samband med høyringa av kommuneplanen. Grunngjevinga for motsegna er at hyttefeltet vil føre til omfattande terrenginngrep som vil være i strid med det nasjonale målet om å ta vare på strandsona. Lysefjorden blir karakterisert som eit fjordområde av nasjonal verdi.

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev til departementet vist til at det er eit aukande press når det gjeld bygging av hytter ved sjøen i Forsand og elles i Ryfylke. Fylkesmannen legg vekt på at det gjennom kommuneplanprosessen er godkjent relativt store område for hyttebygging. Ein har søkt å lokalisere nye hyttefelt til område der det er gjort inngrep frå før. Etter ei samla vurdering rår fylkesmannen til at motsegna blir teken til følgje.

Synfaring i området og møte med kommunen vart halde den 03. juni 2005 med representantar frå kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning gav i brev av 14. juli 2005 til Miljøverndepartementet uttale i saka. Direktoratet rår til at motsegna blir teken til følgje fordi den planlagde hyttebygginga vil endre opplevinga av landskapet i Lysefjorden i negativ retning, og difor bryte med dei nasjonale måla som er knytt til strandsona. Lysefjorden blir trekt fram som eit landskap av nasjonal verdi og av internasjonal interesse.

Miljøverndepartementet si vurdering

Det er eit viktig nasjonalt mål å hindre utbygging i 100-metersbeltet langs sjøen, blant anna for å sikre allmenn ferdsel og omsynet til landskap og natur. Det er naudsynt med ei offensiv og framtidsretta forvaltning av strandsona. Dette er blant anna uttrykt i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Eit breitt fleirtal i Stortinget støtta opp om politikken i meldinga. Nåverande regjering ynskjer ein skjerpa praksis når det gjeld bygging i 100-metersbeltet langs sjøen.

Konflikten i denne saka er knytt til hyttefeltets verknad på landskapet og i mindre grad til allmentas frie ferdsel langs sjøen. Store delar av kyststripa i Lysefjorden er for bratt og utilgjengeleg for utbygging. Det inneber at fjordlandskapet i hovudtrekk har eit naturpreg. Eit sentralt spørsmål er kor mykje det er forsvarleg å byggje på dei få eigna områda langs fjorden.

Miljøverndepartementet meiner at det er særleg viktig å ta vare på naturområde i nærleiken av større konsentrasjonar av folk. I kyststrøk med stor konkurranse om areala bør utbygging skje ved at ein betre utnyttar og fortettar område som allereie er tatt i bruk til hytteformål. Departementet oppfattar kyststrøka i Ryfylke som eit slikt pressområde.

Departementet legg til grunn at Lysefjorden er eit fjordlandskap av nasjonal verdi og av internasjonal interesse. Ein må difor unngå utbygging som på sikt reduserer kvalitetane i landskapet. Området ved Bergelia har berre nokre mindre tekniske inngrep. Eit hyttefelt med 15 nye hytter og tilhøyrande infrastruktur vil etter departementet si vurdering representere eit vesentleg inngrep i fjordlandskapet som ikkje kan aksepterast.

I kommuneplanen bør kommunen trekke opp ein langsiktig politikk for hyttebygging som tek omsyn til at dei naturkvalitetane som skal være basis for lokalsamfunnet i framtida, ikkje øydeleggast av ønskje om økonomisk gevinst på kort sikt. Målet bør være å sikre store samanhengande naturområde og viktige naturverdiar og kulturmiljø. Samstundes bør utbygginga setjast inn i ei heilskapleg regional- og næringspolitisk ramme.

Etter ei samla vurdering meinar Miljøverndepartementet at det ikkje er grunnlag for å godkjenne Bergelia hytteområde i kommuneplanen sin arealdel 2002-2014. Motsegna frå Fylkesmannen i Rogaland er etter dette teken til følgje.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova godkjenner ikkje Miljøverndepartementet vedtak i Forsand kommunestyre i møte 18. juni 2003 og 24. september 2003 om å legge ut byggeområde for hytter H10 Bergelia i kommuneplanen sin arealdel 2002-2014.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Forsand kommune, 4110 FORSAND
Direktoratet for naturforvaltning, 7485 TRONDHEIM
Rogaland fylkeskommune, Sentrum Postboks 130, 4001 STAVANGER