Forskrift om endring av forskrift 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg.

Forskrift om endring av forskrift 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg.

Fastsett av Finansdepartementet 14.12. 2003 med heimel i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 8 A-4 og lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 8-6 niande leden.

I

Forskrift 20. desember 2000 nr. 1393 vert endra slik:

§ 5 første leden første punktum skal lyde:

Sentralskattekontoret for storbedriftar fastset kommunefordelinga av eigedomsskattegrunnlag for kraftanlegg som nemnd i denne forskrift.

§ 5 andre leden skal lyde:

Dei eigedomsskattepliktige kan påklaga Sentralskattekontoret for storbedriftar si avgjerd etter første leden til Riksskattenemnda.

§ 5 tredje leden andre punktum skal lyde:

Klagen skal sendast til Sentralskattekontoret for storbedriftar.

II

Endringene under I trer i kraft straks med verknad frå og med eigedomsskatteåret 2005.