Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 06.06.2019

Behandling av høringssak i Fylkesutvalet i Møre og Romsdal - 03.06.2019

Saka og tilrådinga ligg vedlagt.

Punkt 1, 2 og 3 i tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. Punkt 4 i tilrådinga frå fylkesrådmannen fekk 0 røyster og fall.

Samrøystes vedtak i Fylkesutvalet - 03.06.2019:

1. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal viser til tidlegare uttalar frå Møre og Romsdal fylkeskommune om at vi ønskjer eit meir heilskapleg ansvar for arbeidet med å utvikle ein målretta friluftslivspolitikk, tilpassa regionale føresetnader og behov. Oppgåvene som er foreslått overført vil kunne medverke til dette.

2. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal ser at endringane i lov og forskrift har som hensikt å tilpasse lovverket til ny organisering av den offentlege forvaltinga av friluftslivet. Fylkesutvalet er likevel kritisk til detaljnivået i forslag til ny forskrift om fylkeskommunens oppgåver på friluftsområdet. Dette gjeld spesielt punkta der forskrifta skisserer på kva måte fylkeskommunane skal følgje opp dei ulike ansvarsområda dei skal overta, og der fylkeskommunen skal ivareta staten sine interesser. Forskrifta bør definere oppgåvene fylkeskommunane skal ha, utan å avgrense vår myndigheit til å forvalte oppgåvene etter regionale behov og politiske prioriteringar.

3. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal understrekar at det saman med større ansvar for fagfeltet også må følgje med økonomiske overføringar. Fylkesutvalet viser her til dei vurderingar som er gitt av fylkesrådmannen i saksframlegget, mellom anna knytt til estimert tidsbruk på og etterslep i oppgåvene som blir overført til fylkeskommunen.

Vedlegg