Høringssvar fra Sogn og Fjordane fylkeskommune
Klima- og Miljødepartementet
Postboks 8013 DEP
0030 OSLO
Svar - Høyring av forslag til endringar i friluftslova og forslag til forskrift om fylkeskommunane sine oppgåver på friluftsområdet
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune gjorde i møte den 29.05.2019 fylgjande vedtak:
Sogn og Fjordane fylkeskommune ser positivt på at ansvar knytt til statleg sikra område for friluftsliv og Skjærgårdstjenesten vert overført til fylkeskommunane. Føresetnaden er at tilstrekkelege ressursar vert overført frå stat til fylkeskommune.
Forskrifta om fylkeskommunane sine oppgåver på friluftsområdet bør vere klårare når det gjeld ansvaret til fylkeskommunane. Rammestyring bør leggjast til grunn.
Statlege sikra friluftsområde bør døypast om til offentleg sikra friluftsområde.
Med helsing
Arne Monrad Johnsen
seniorrådgjevar
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Mottakar (ar)
Klima- og Miljødepartementet Postboks 8013 DEP 0030 OSLO