Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høringssvar fra Tryggvi islandshestgård

Dato: 10.06.2019

Svartype: Med merknad

Storhaug rideklubb, Stavanger
Fossanmoen islandshestsenter, Forsand
Baklia Islandshestar, Sandnes
Tryggvi islandshestgård

Sandnes 10. juni 2019


Høyringsuttale

Kommunereformen og regionreformen – forslag til endringer i friluftsloven og forslag til forskrift om fylkeskommunenes oppgaver på friluftslivsområdet mv

Vi er overraska over å oppdaga at friluftslova er under høyring utan at mellom anna desse er oppført som høyringsinstansar:

Norsk hestesenter,
Norges rytterforbund,
Hest og helse,
Inn på tunet,
Hest i turistnæring,
Faggruppen for ridefysioterapeuter i Norsk FysioterapeutforbundNorsk islandshestforening,
Norsk fjordhestlag,
Landslaget for Nordlandshest/lyngshest,
Landslaget for dølahest,

Vi ber derfor om utsetting av frist og at departementet informerer desse organisasjonane og tek dei inn som høyringsinstansar.

I høyringsnotatet står det foreslått mellom anna:

Etter § 2 kan kommunen forby ferdsel med ride- eller kløvhest, kjelke, tråsykkel eller liknende på veg eller sti i utmark og over alt i utmark på fjellet, på nærmere angitte strekninger.

Etter det vi kan sjå er dette ein stor innskrenking av dagens lov der det står:

2.(Ferdsel i utmark.)

I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.

Det samme gjelder ferdsel med ride- eller kløvhest, kjelke, tråsykkel eller liknende på veg eller sti i utmark og over alt i utmark på fjellet, såfremt ikke kommunen med samtykke av eieren eller brukeren har forbudt slik ferdsel på nærmere angitte strekninger. Kommunens vedtak må stadfestes av fylkesmannen.

Vi oppfattar at kommunens vedtak må stadfestast av fylkesmannen for at kommunar ikkje utan vidare skal forby riding. Vi tenker at det trengest at ein overordna instans følgjer med på dette ettersom ryttarar og dei som bruker hest er eit lite mindretal av dei som bruker allemannsretten. Dersom fylkesmannens oppgåve vert overført til kommunen er vi bekymra for at det vert for enkelt at kommunar forbyr riding. Til trass for dagens lovverk ser vi at kommunar som til dømes Stavanger har forbydt riding fleire stader utan at dette er stadfesta av Fylkesmannen. Denne manlande praktiseringa av lovverket har vart i svært mange år. Etter det vi kan forstå har ikkje Stavanger fylgt dagens lovverk på lang tid. Ein meir lokal rett til å bestemma som høyringsnotatet legg opp til kan svekka allemannsretten ytterlegare.

Vi minner om:

1.(Lovens formål)

Formålet med denne loven er å verne friluftslivets naturgrunnlag og sikre almenhetens rett til ferdsel, opphold m.v. i naturen, slik at muligheten til å utøve friluftsliv som en helsefremmende, trivselskapende og miljøvennlig fritidsaktivitet bevares og fremmes.

Hesten er viktig for mellom anna mange av dei svakaste i vårt samfunn, og vi håper at ei lovendring kan ta vektlegga desse.


Frå
Fossanmoen islandshestsenter v Torstein og Perly Anett Fossan
Storhaug rideklubb v Anniken Kranstad og Kristian Tjomsland
Baklia Islandshestar v Jofrid Åsland og Sven Håvard Seldal
Tryggvi islandshestgård v Karen Fosså Handeland, Audun Handeland og Grete Fosså Thorkildsen

Til toppen