Høringssvar fra Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Forslag om endringer i forskrift 27. april 1998 nr. 455 - høyringssvar frå Helse Bergen
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er samd i at det gjeld å ha tilstrekkeleg kapasitet i helsetenesta til å vaksinere befolkninga mot covid-19 så snart som mogleg, og at fleire typar helsepersonell må kunne bidra med å rekvirere og setje vaksiner, og registrere i pasientjournal og i SYSVAK.
Helse Bergen støtta forslaget om å gi sjukepleiarar midlertidig rekvireringsrett for vaksiner mot covid-19 i høyringssaka med frist 28. desember 2020, sjå Høring - forslag om endringer i forskrift 27. april 1998 nr. 455 om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek - regjeringen.no, og støttar no framlegget om gi farmasøytar i kommunar og apotek midlertidig rett til å rekvirere vaksiner mot covid-19 som ledd i vaksinasjonsprogram mot covid-19. Vi støttar og at rekvireringsretten skal gjelde frå snarast for farmasøytar i kommunar, og seinare, etter ei konkret vurdering av behovet, for farmasøytar i apotek.
Helse Bergen meiner ordninga med midlertidig rekvireringsrett for sjukepleiarar og farmasøytar bør evaluerast når (den fyrste runden av) vaksinering mot covid-19 i befolkninga er gjennomført.
Marta Ebbing, fagdirektør, FoU-avdelinga
Marion Iren Neteland, rådgjevar, FoU-avdelinga