Høyringssvar frå Statsforvaltaren i Vestland
- Forslag om unnatak for utlysing ved overgang frå mellombels til fast stilling.
Forslaget vil i tillegg til å forenkle tilsettingsprosessar, kunne bidra til at embetet får behalde tilsette som alt har fått ei opplæring i verksemda. Ei slik endring vil og auke attraktiviteten til mellombels stillingar og truleg føra til fleire søkjarar. Tilsetjing er ein prosess som krev mykje ressursar og alt som kan forenkla, frigjer ressursar .
Statsforvaltaren meiner forslaget i tillegg til å vere eit kostnadseffektivt tiltak, vil medverke til å behalde kompetent arbeidskraft og støttar difor opp om denne forskriftsendringa.
- Forslag om unntak frå utlysing ved tilsetting med lønstilskot
Som høyringsnotatet gjer greie for, er inkluderingsdugnaden eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i jobb. Føreslått endring ved tilsetting i mellombels stilling i inntil to år, gjere det enklare å tilsette med lønstilskot og Statsforvaltaren i Vestland ynskjer å støtte opp om retningslinjer som kan medverke til ein inkluderande rekrutteringspraksis