Høyringssvar frå Høgskolen i Østfold

Dato: 09.11.2021

Høyringssvar frå Høgskolen i Østfold

Høgskolen i Østfold (HiØ)har motteke høyring -forslag om unntak frå kravet om offentleg utlysing av ledige stillingar i staten.

Det er send ut to forslag om endringar i forskrift til lov om statens ansatte mv. Begge forslaga gjeld unntak frå kravet i lov om statens ansatte mv. (statstilsettelova) om offentleg utlysing av ledige stillingar i staten.

HiØ stiller seg positive til begge forslaga om unntak frå kravet om offentleg utlysing.

Forslag om unntak frå utlysing ved overgang frå mellombels til fast tilsetting

HiØ legg vekt på at ei forutsetning for endringa må vere at den tilsette må ha konkurrert om stillinga i ein ordinær rekrutteringsprosess, og at det i utlysingsteksten er gjort kjend at stillinga kan gjerast om til fast. Denne endringa vil ha positive verknader for arbeidsgivar med tanke på at ein ved utlysinga må ha eit både kortsiktig og langsiktig perspektiv i rekrutteringa. Det vil i tillegg verke tidssparande framfor å måtte lyse ut stillinga på nytt etter kort tid.

Forslag om unntak frå utlysing ved tilsetting med lønstilskot

Forslaget om mellombels tilsetting av personar som definerast innan målgruppene for inkluderingsdugnaden er positivt. HiØ ønsker å bidra til at fleir kan kome ut i arbeid, men ser at ordninga vil krevje nærare samarbeid med NAV i slike saker. HiØ har teke kravet om å redusere andelen mellombelse tilsette på alvor. Det vert difor viktig at denne type mellombelse tilsettingar definerast (vert synlege) i rapporteringa til departementet.