Høringssvar fra Språkrådet
Høyringssvar til forslag til nasjonalt program for offisiell statistikk for perioden 2024–2027
Språkrådet viser til høyringsbrevet frå Finansdepartementet (datert 03.11.2022) om forslag til nasjonalt program for offisiell statistikk for perioden 2024–2027. Hovudpunkta i merknadene frå Språkrådet er følgjande:
- Punktet om vidareutvikling av språkstatistikk i perioden bør vere meir forpliktande.
- Det trengst grunnleggjande statistikk om språka i Noreg.
- Det trengst statistikk om bokmål og nynorsk i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.
Bakgrunn for merknadene
Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp språkpolitikken som er fastlagd i Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova).
Lova gjev det offentlege ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk (bokmål og nynorsk) og dei samiske språka. For norsk fastset lova eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Språklova gjev også det offentlege eit ansvar for å verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Det inneber at det offentlege skal setje i verk tiltak for å auke bruken av desse språka og verne dei mot negative sanksjonar.
Merknader frå Språkrådet
Overordna merknad
Språksituasjonen i Noreg er i endring. Med internasjonaliseringa av samfunnet speler engelsk ei stadig større rolle i Noreg. Samstundes har innvandring ført til eit større mangfald av språk i Noreg enn nokon gong tidlegare. Dette er vektige samfunnsendringar som må dokumenterast gjennom offisiell statistikk. Statistikk om språk vil kunne gje samfunnet viktig kunnskap om endringar i språksituasjonen i landet og leggje grunnlaget for samfunnsdebatt, forsking og politikkutforming, jf. statistikklova § 1.
Etter språklovproposisjonen skal Kulturdepartementet på jamleg basis rapportere til Stortinget om språksituasjonen i Noreg, jamfør side 23 i proposisjonen:
Rapporteringa skal gje eit bilete av korleis språksituasjonen i Noreg utviklar seg. I tillegg vil rapporteringa gje ein peikepinn på korleis ein lukkast med å gjennomføre det sektorovergripande prinsippet i språkpolitikken. Rapporteringa skal gjerast på grunnlag av sentrale indikatorar for språkstatusen i Noreg, som igjen byggjer på dei sentrale føresegnene i språklova.
For å kunne gjennomføre denne rapporteringa treng Språkrådet og Kulturdepartementet kvalitetssikra statistikk om språksituasjonen i Noreg. Mellom anna derfor bør språkstatistikk bli teke inn i det nasjonale statistikkprogrammet.
Statistisk sentralbyrå (SSB) skriv i forslaget til nasjonalt statistikkprogram for 2024–2027 at det «vil bli arbeidet med videreutvikling av språkstatistikk basert på utredning gjennomført i programperioden 2021-2023». Språkrådet ser positivt på dette, men meiner samstundes at det endelege programmet bør innehalde meir forpliktande formuleringar, særleg sidan programperioden no blir fire år. Som statens forvaltningsorgan for språk stiller vi gjerne kompetansen vår til rådvelde dersom SSB kan ha interesse av det i arbeidet med ei slik utgreiing.
Merknad til 6.3 Befolkning
Minoritetsspråk
Eit språk er truga når det ikkje blir overført mellom generasjonar. I Noreg er dette stoda for fleire samiske språk, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Noreg har gjennom språklova og internasjonale konvensjonar ei plikt til å verne om desse språka. Språkstatistikk vil kunne seie noko eksakt om kor truga kvart språk er, alt etter kor mange talarar kvart språk har, korleis talarane er fordelte på aldersgrupper, fordeling på kommunar og andre geografiske einingar og så vidare.
Dei siste femti åra har dessutan mange nye språk kome til Noreg. Desse språka refererer vi til som nyare minoritetsspråk, til skilnad frå dei samiske urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka. Vi veit ikkje eksakt kva for nyare minoritetsspråk som blir talte i Noreg, eller kor mange talarar dei einskilde språka har. Mangelen på oversyn over språka og språkbrukarane gjer det mellom anna vanskeleg å byggje opp eit tilstrekkeleg tolketilbod.
Når ein manglar oversyn over brukarar av gamle og nyare minoritetsspråk, kan det hindre trygg kommunikasjon mellom dei aktuelle språkbrukarane og det norske rettssystemet, helsevesenet og offentlege etatar som til dømes Nav og UDI. Det påverkar såleis rettstryggleiken og skaper også problem på andre felt, til dømes for tilbodet om morsmålsopplæring for innvandrarborn og tilbodet om undervisning i til dømes samisk, norsk teiknspråk og kvensk. Mangelen på data kan dessutan påverke kommunikasjonen mellom det offentlege og innbyggjarane i krisesituasjonar.
Det trengst offentleg statistikk over urfolksspråk, nasjonale minoritetsspråk, norsk teiknspråk og nyare minoritetsspråk i Noreg, med vekt på tre punkt:
- Kva språk er i bruk i Noreg?
- Kor i landet blir dei brukte?
- Kor mange brukarar har kvart språk?
For å lage gode og målretta tiltak er det naudsynt med statistikk over heile skalaen av språkbrukarar. For urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka er det derfor særleg relevant med statistikk som seier noko om kva dugleik brukarane har i språka – frå kor mange som er flytande språkbrukarar, til kor mange som berre har ei viss tilknyting til språka.
For å lage gode og målretta tiltak er det naudsynt med statistikk over heile skalaen av språkbrukarar. For urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka er det derfor særleg relevant med statistikk som seier noko om kva dugleik brukarane har i språka – frå kor mange som er flytande språkbrukarar, til kor mange som berre har ei viss tilknyting til språka.
Det kan vere gode grunnar til å halde fram praksisen med å ikkje føre statistikk om etnisitet i Noreg. Språkrådet vil understreke at det er naudsynt å utarbeide statistikk om minoritetsspråk i samarbeid med minoritetane sjølve. Like fullt trengst det tal på språkbrukarane og oversyn over språka. Språkrådet ønskjer å diskutere med SSB korleis det kan la seg gjere å hente fram gode tal for praktisk språkbruk. Språkrådet vil også peike på at Kulturdepartementet har nemnt opp eit utval som skal levere ein NOU om situasjonen for norsk teiknspråk og teiknspråkbrukarar innan 1. juni 2023. Det er mogeleg denne NOU-en vil peike på område der det manglar statistikk om norsk teiknspråk.
Norskkunnskap blant arbeidsinnvandrar frå EØS og tredjeland
Arbeidsinnvandrarar frå EØS-området og frå tredjeland har ingen rett på norskopplæring etter introduksjonslova. Dei må sjølve syte for norskopplæring, eventuelt få eit tilbod gjennom arbeidsgjevaren.
Det er eit sentralt språkpolitisk mål at alle som bur i Noreg, skal kunne lære og bruke norsk språk. Norskkunnskapar er avgjerande for demokratisk deltaking, tryggleik på arbeidsplassen, sosial og yrkesmessig mobilitet for den einskilde og tilknyting til samfunnet elles. Eit utval nedsett av Arbeids- og inkluderingsdepartementet (Arbeidsinnvandrarutvalet) leverte nyleg ein NOU (2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon. Arbeidsinnvandreres integrering i norsk arbeids- og samfunnsliv), der det blir foreslått at opplæringstilbodet i norsk til arbeidsinnvandrar må styrkjast.
Det er vanskeleg å seie noko om måloppnåing på dette feltet så lenge vi har lite eller dårleg oversyn over norskkunnskapane blant arbeidsinnvandrarar i Noreg. Derfor trengst det offentleg statistikk om norskkunnskap blant arbeidsinnvandrarar frå EØS-området og tredjeland. Ein slik statistikk bør innehalde informasjon om eventuelt gjennomført norskopplæring og – dersom det er praktisk mogeleg – ei objektiv vurdering av norskkompetansen. Dette er eit tema som òg er teke opp av Arbeidsinnvandrarutvalet i NOU 2022: 18.
Merknad til 6.9 Kultur og fritid
Tilbodet av digitalt kultur- og medieinnhald på engelsk har auka kraftig dei siste åra. Derfor trengst det offentleg statistikk om bruken av engelskspråkleg kultur- og medieinnhald i Noreg.
SSB skriv at dei «planlegger å utvikle et eget mediebarometer for barn og unge». Språkutviklinga skjer i barndommen, og særleg i dei første åra er det viktig at born har god tilgang på språklege førebilete gjennom mellom anna media. Språkrådet meiner derfor det er særleg viktig med offentleg statistikk om kva språk kultur- og medieinnhaldet born og unge bruker tid på, har.
Mediebarometeret bør innehalde informasjon om kor mykje tid innbyggjarane bruker på engelskspråkleg innhald, til dømes i litteratur, dataspel og strøymetenester og på nett. Statistikk over utlån av engelskspråklege bøker frå biblioteka og statistikk over kinobesøk etter språket til filmane vil òg vere relevant. Dette gjeld eit mediebarometer for born og unge, men også det eksisterande mediebarometeret som undersøkjer tidsbruken hos vaksne.
Merknad til 6.17 Utdanning
Grunnopplæringa
I § 1 i språklova heiter det at det offentlege har «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». Endringar i bruken av nynorsk og bokmål, mellom anna gjennom vedtak om skulemål og val av hovudmål, er viktige indikatorar på kor godt det offentlege lukkast med språkpolitikken. Derfor trengst det statistikk som syner språkutviklinga og fordelinga mellom bokmål og nynorsk i skulen. Grunnskolens informasjonssystem (GSI) er ei viktig kjelde som bør inn i statistikkprogrammet.
I dag har nokre grupper av elevar rett til opplæring i og på norsk teiknspråk og i kvensk (i faget «kvensk eller finsk som andrespråk»). For at truga språk skal overleve, er det særs viktig at flest mogeleg born lærer språka dei har tilknyting til. Samstundes er det mangel på ressursar (inkludert undervisarar) for desse truga språka. For å følgje opp språkpolitikken for desse språka i utdanningssektoren trengst det grunnleggjande statistikk om tal på elevar og ressursar til opplæring.
Skulemål
Det finst i dag ingen offisiell statistikk eller historiske oversyn over folkerøystingar og vedtak om skulemål. Kommunar skal etter § 2-5 i opplæringslova levere forskrift om endring av skulemål, men ikkje alle gjer dette. Fylkeskommunar leverer ikkje forskrift om skulemål på dei vidaregåande skulane. Dei fleste vidaregåande skulane har likevel truleg eit føretrekt opplæringsspråk. Det trengst også statistikk over kva opplæringsspråk dei vidaregåande skulane bruker.
Val og byte av hovudmål
Vi veit at mange elevar skifter hovudmål frå nynorsk til bokmål i skuleløpet eller i samband med høgare utdanning. Det bør derfor bli ført statistikk over val av hovudmål både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det vil også vere nyttig i denne samanhengen med tal på kva for språk studentar nyttar i høgare utdanning.
Vi veit òg at elevar som ønskjer opplæring i og på nynorsk ved bokmålsskular, sjeldan får det, og at opplæringa ofte ikkje er jamgod med den bokmålselevar får. For å kunne observere og vurdere kva gruppeformer som best legg til rette for å sikre rettane til nynorskelevar i skulen, trengst det tal på kven som faktisk får opplæring på nynorsk, og også tal over eigne nynorskklasser og språkdelte klasser.
Læremiddel
Opplæringslova krev at alle læremiddel skal liggje føre på bokmål og nynorsk samstundes og til same pris, men denne føresegna i lova har truleg over tid hatt svak etterleving. Derfor bør talet på læremiddel som berre finst på eitt av skriftspråka, og talet på elevar som står utan læremiddel på rett skriftspråk ved skulestart, vere med i statistikkprogrammet.
Lærarkompetanse
For å vite kva norskkompetanse som finst i grunnskulen, treng vi statistikk over norskkompetansen til grunnskulelærarane – til dømes kor mange lærarar som har norsk i fagkrinsen, både i grunnskulen og på vidaregåande.
Norsk teiknspråk
Skulen er ein sentral arena for at teiknspråklege skal lære språket sitt. Mange teiknspråklege har ikkje tilgang på eit teiknspråkleg miljø heime (t.d. døve born med høyrande foreldre), og skulen blir dermed ein svært viktig arena for overføring av språket.
Det manglar i dag grunnleggjande statistikk for norsk teiknspråk. For å få tilstrekkeleg kunnskap til å utvikle språkpolitikken for teiknspråk trengst det statistikk over kor mange elevar som har rett på opplæring i og på teiknspråk etter §§ 2-6 og 3-9 i opplæringslova, og det trengst statistikk over teiknspråkkompetansen hos lærarar og bruken av læremiddel.
Nasjonale minoritetsspråk
I dag er det berre grunnskuleelevar i Troms og Finnmark som har rett på opplæring i kvensk etter opplæringslova (§ 2-7). Statistikkprogrammet bør føre statistikk over kor mange som får opplæring i kvensk, kor mange som krev opplæring, men ikkje får retten oppfylt, og kvenskkompetansen hos lærarar. Romani og romanes er i dag ikkje opplæringsspråk i skulen, men styresmaktene treng likevel statistikk over talet på elevar som kan trenge opplæring i dei språka.
Universitets- og høgskuleutdanning
Internasjonaliseringa av høgare utdanning har ført til raske endringar i språksituasjonen i høgare utdanning med stadig meir bruk av engelsk. Ulike aktørar offentleggjer statistikk om høgare utdanning i Noreg (til dømes Sikt – kunnskapssektorens tenesteleverandør og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i den årlege Tilstandsrapport for høyere utdanning). Skal vi få eit nokolunde samla oversyn over dette feltet, bør slik statistikk bli ein del av Noregs offisielle statistikk.
Framandspråklege emne
Tilstandsrapportane for høgare utdanning frå HK-dir inneheld eit oversyn over framandspråklege emne ved universiteta og høgskulane, både prosentvis og i tal. I ein offisiell statistikk bør desse tala også brytast ned på bachelor- og mastergradsemne og fordelast på fagområde. Ein kan då følgje med på utviklinga innanfor dei einskilde fagområda og fordelinga mellom norsk- og engelskspråklege emne innanfor bachelor- og masterstudia.
Vitskapleg publisering og formidling
Innføringa av publiseringsindikatoren (også kalla teljekantsystemet) i 2006 har ført til at stadig meir blir publisert på engelsk innan alle fagområde. Etter den gjeldande universitets- og høgskulelova har universitet og høgskular ansvar for «vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk» (§ 1-7). Dette ansvaret blir ført vidare i forslaget til ny universitets- og høgskulelov lagt fram i NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler, også i det siste framlegget til ordlyd i § 1-7 lagt fram i 2022. For å kunne følgje med på korleis utdanningsinstitusjonane følgjer opp det ansvaret dei har etter lova, treng vi offisiell statistikk som syner kva språk som blir brukte i publisering og formidling.
Sikt fører i dag statistikk over vitskapleg publisering, mellom anna artiklar og monografiar, men statistikken seier ikkje noko om kva språk som er brukte i publikasjonane. I Cristin (Current Research Information System in Norway) må vitskapleg tilsette ved universitet og høgskular registrere både vitskapleg publisering og formidlingsbidrag. Det trengst offisiell statistikk som syner kva språk som er brukte i publiseringa og den skriftlege, kvalitetssikra formidlinga. Slik statistikk bør også brytast ned etter fagområde og institusjon.
Doktorgradar
Norsk senter for forskingsdata AS (NSD) fører også statistikk over gjennomførte doktorgradar. Det trengst offisiell statistikk over språkbruken i doktoravhandlingar, helst for kvart einskilt fagområde.