Høringssvar fra Nissedal Kommune

Høyringssvar - Nytt inntektssystem - Nissedal kommune

Dato: 22.02.2016

Svartype: Med merknad

Vedtak

Nissedal kommune meiner forslag til oppdateringa av kostnadsnøklane i for sterk grad er sentraliserande og legg opp til å tvinge fram strukturendring av kommunegrensene. Slike endringar bør skje på bakgrunn av lokalpolitiske prosessar, og ikkje på grunn av Stortinget si innblanding i lokaldemokratiet. På denne bakgrunn støtter ikkje Nissedal kommune departementet sitt forslag til justeringar.

 

Me finn det urimeleg at nytt inntektssystem vil flytte pengar frå små og mellomstore kommuner til dei største. Utrekningar viser at dei 15 største kommunane vil tjene 865 millioner kroner på ei slik omlegging. Forslaget bryt med faglege råd ved å legge mindre vekt på spredtbygde strok og reiseavstander i fordeling av penger til blant anna skule og eldreomsorg.

 

Kommunen ser positivt på at det er foreslått ett element som ivaretar kommunar med lang reiseavstandar, både i kommunen og til næraste byer og større tettstadar.

Nissedal kommune meiner derimot at dei forslaga som er lagt ut på høyring vil auke forskjellane i Kommune-Norge. Tidligare har inntektssystemet blitt brukt for å gje folk flest like velferdstjenester uavhengig kvar du bur i landet. I sitt forslag går regjeringa motsatt veg. Nissedal kommune er derfor ikkje positiv til eit nytt strukturkriterium, då me meiner det er opp til den enkelte kommune å finne ut korleis dei best kan organisere seg sjølv og sine tenester. Nissedal kommune vil åtvare mot kutt i småkommunetillegget, og er sterkt kritiske til at små kommunar og skal miste basistilskot som fylgje av at dei vil fortsette som ein liten kommune. Dei kommunar som har ufrivillig smådriftsulemper skal få kompensasjon for dette, medan dei som tar på seg frivillig smådriftsulemper skal ikkje bli straffa økonomisk av staten for dette.

 

Skatteandel og grad av inntektsutjamning er viktig for Nissedal kommune. Det er viktig med skatteutjamning for å sikre eit jamnstelt og godt tenestetilbod i alle kommunar – uavhengig av både geografi, demografi og innbyggertal. Det er viktig at skatteandelen ikkje vert auka.

 

Kommunen stiller seg sterkt kritisk til at det nok ein gang er plassert eit større ansvar for finansiering av tenestetilbodet til ressurskrevende brukarar til kommunane. Den reviderte kostnadsnøkkelen for pleie- og omsorg vekter ned kriteriet antall PU over 16 år frå 13,97 % til 9,72 %. Nissedal kommune forutset at det forhøga innslagspunktet i ordninga for ressurskrevande brukarar nedjusterast tilsvarande.

 

Nissedal kommune ber departementet klargjere korleis mogleg bortfall av inntekter som konsekvens av endringar i inntektssystemet skal kompenserast i ein overgangsordning.

 

Sjølv om inndelingstilskotet ikkje er ein del av høyringsdokumentet vil Nissedal kommune understreke at det er viktig at finansieringa av dette kjem i tillegg til rammene for sektoren. Me vil derfor avvise at det skal vere ein sluttdato for dette tilskotet.

 Selskapsskatt bør ikkje inngå som eit element i inntektssystemet.

 

Vedlegg