Høringssvar fra Bø kommune

Høyringssvar frå Bø kommune

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad
  1. Det vert vist til rådmannens saksutgreiing som er ein del av høyringsuttala frå Bø kommune.
  2. Bø kommune legg til grunn at framlegg til nye kostnadsnøklar fangar opp dei forholda som forklarar dei ufrivillige kostnadsskilnadane i kommunane knytt til levering av velferdstenester.
  3. Bø kommune prioriterar å legge til rette for næringsutvikling og vekst, fordi dette har stor betydning for velferden til innbyggarane. Innføring av selskapsskatt som ein kommunal inntekt frå 1.1.2017 bør ikkje gjennomførast, da den favoriserar dei skattesterke kommunane for mye og forsterkar skilnadene mellom kommunane.
  4. Bruk av utdanningsnivå i kostnadsnøkkelen for barnehage bør framleis nyttast, da denne er mest treffsikker.
  5. Det bør arbeidast vidare med strukturkriteriet slik at det ikkje gjev utilsikta verknadar i samband med kommunesamanslåing.
  6. Det er store omfordelingar der særleg dei mellomstore kommunane (10-20 000 innbyggarar) kommer dårleg ut.

Vedlegg