Høringssvar fra Fitjar kommune

Høyring - nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 26.02.2016

Svartype: Med merknad

Fitjar kommune meiner dagens inntektssystem for kommunane i hovudsak er eit fornuftig og rettvist system for å fordela inntektene til kommunane.

Fitjar kommune kjem med fylgjande merknadar:

Omlegginga av inntektssystemet

Det føreliggjande forslaget til endringa av inntektssystemet har store verknader for einskildkommunar, utan at dette er grunngjeve i tilsvarande endringar i driftsføresetnader, kostnader eller inntekter. Derimot er grunngjevinga at nytt inntektssystem ikkje skal dekka friviljuge småkommuneulemper, og at dette kan løysast ved å slå saman kommunar.

Fitjar kommune vil peika på at det er prinsipielt uheldig at det blir så store endringar i inntektssystemet for einskildkommunar at det skal anten få verknad på framtida som eigen kommune, eller få vesentlege verknader på inntekta. Drøfting av kommunestruktur burde gått med eit kjent inntektssystem utan så store endringar at realiteten blir tvang.

Kostnadsnøklar

Det er viktig med føreseielege rammer for kommunane. Ei oppdatering av kostnadsnøklane kvart fjerde år fører til store omfordelingar mellom kommunane kvar gong nøklane vert oppdatert. Kostnadsnøklane bør av den grunn oppdaterast minst annakvart år, og vektinga mellom sektorane bør skje kvart år. For å unngå at nokon effektar vert overvurdert enkelte år og for å redusera svingingar bør det nyttast gjennomsnitt av siste 4 år.

Kommunane har dei seinare åra opplevd ei sterk auke i utgifter til spesialundervisning, barnevern, sosialhjelp og ressurskrevjande brukarar i pleie og omsorg. Graden av vekst varierer mellom kommunane. Departementet har i lita grad funne forklaringsfaktorar bak denne veksten. For å oppnå eit inntektssystem med full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper må departementet prioritera å identifisera statistisk utsagnskraftige forklaringsfaktorar for alle kostnadsnøklane. Det bør i tillegg vurderast å innføra toppfinansering for barnevernskostnadar.

PU og ressurskrevjande brukarar

Det er varsla redusert vekt av PU-tilskotet. Dette medfører ein reduksjon i inntekter for kommunar som har mange brukarar. Det er føresett at innslagspunktet for toppfinansieringa vil bli tilpassa nytt nivå. For å oppretthalda prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper er det viktig at toppfinansieringa for ressurskrevjande tenester vert styrka slik at tenestetilbodet til desse brukarane ikkje vert redusert.

Toppfinansieringa for ressurskrevjande brukarar har i dag ein høg eigendel, og dekker berre 80 % av det overskytande. Det er og ei aldersgrense for at brukaren skal få tilskot. Toppfinansieringa fylgjer ikkje det generelle prinsippet for utgiftskompensasjon, at den som har høge kostnader, skal få dekt den forholdsmessige meirkostnaden. I dag medfører dette ei skeivdeling, når talet på ressurskrevjande brukarane er ulikt fordelt mellom kommunane. Nokre kommunar har tal brukarar som er over gjennomsnitt, dvs. dei får mange eigendeler, andre har høge kostnader per brukar, der 20 % tel mykje, og nokre kommunar har begge deler.

Fitjar kommune er ein liten kommune, men har i dag dobbelt så mange brukarar som landsgjennomsnittet, med dobbelt så høge kostnader som snittet, og brukarar som har falt for aldersgrensa, med betydelege kostnadar.

Når ein no reduserer vekta av PU-tilskotet bør ein samstundes redusera eigendelen monaleg, slik at dei som har mange brukarar kan få ein redusert belastning, eventuelt redusera tal eigendeler per kommune til eit landsgjennomsnitt. Samstundes bør aldersgrensa fjernast, då ho ikkje er knytt opp til at rettane for klienten fell bort.

Barnehagar

Den største utfordringa med finansiering av barnehagar er kommunane si plikt til å finansiere born utan rett til barnehageplass. Dette er ikkje løyst i framlegget. Med teljetidspunkt 1. juli blir heller ikkje dei store endringane som skjer ved start av nytt barnehageår frå 1. august, teke omsyn til.

Fitjar kommune støttar forslaget til delkostnadsnøkkel, men oppmodar til å endra teljetidspunkt for «Barn 1 år utan kontantstøtte».

Ved å nytte t.d. teljetidspunkt 1. september, vil ein kunne løyse utfordringane.

Landbruk

Areal av dyrka mark har vore nokolunde stabilt over mange år, medan det har vore ein reduksjon i driftseiningar. Små ulikskapar i driftsform kan gje utslag i talet på driftseiningar, utan at dette reflekterer store ulikskapar i kommunane sine kostnadar. Dei strukturelle endringane i næringa ser ut til å gje fleire samdrifter og færre driftseiningar innan dyrehald, som er konsentrert på Vestlandet, og færre innan kornproduksjon, som er konsentrert på Austlandet. Dette kan føra til ei vriding av landbruksmidlar frå områda som får store endringar til område der behovet for endringar er mindre. Fitjar kommune vil difor be om at noverande ordning blir vidareført.

Flyktningar

Kommunane er oppmoda om å ta imot fleire flyktningar, og mange kommunar har svart positivt til dette. Fitjar kommune har vedteke å ta imot flyktningar årleg dei neste åra. Erfaringa er at mottak av flyktningar ikkje fordelar seg jamt gjennom året. Utgifter til barnehage og skule er ikkje kompensert gjennom introduksjonstilskot eller andre direkte tilskot, og må dekkjast gjennom rammetilskot. Teljetidspunktet for innbyggjarar i kommunane for utrekning av rammetilskot er 1. juli. For flyktningar som kjem i andre halvdel av eit år, får ikkje kommunane dekt utgifter til barnehage og skule korkje det året dei kjem eller året etter. I ei tid då kommunane vert oppmoda til å ta imot fleire flyktningar, blir dette ein viktig faktor i kommunebudsjetta. Fitjar kommune meiner at dette må kompenserast særskilt i inntektssystemet.

Strukturkriteriet

Fitjar kommune meiner at ein må halda på eit basistilskot i alle kommunar i framtida, og går imot modellen med strukturkriteriet som grunnlag for berekning av basistilskotet.

Det er bykommunar med meir enn 30 000 innbyggjarar og dei aller minste kommunane med lange reiseavstandar som tener på innføringa av dette kriteriet, og Fitjar kommune meiner endringane får uheldige konsekvensar for framtidig busetjing i landet.

Frivillige smådriftsulemper er ofte knytt til funksjon 100 – politisk styring, 110 – kontroll og revisjon samt 120 – administrasjon. Desse utgjer ein mindre del av det opphavelege basistilskotet. Forslaget med størst reduksjon vil kunna ha så store verknader for inntektsgrunnlaget for nokre kommunar at ein må redusera tenestenivået, sjølv om ein tek vekk all administrasjon, eller slår seg saman med andre kommunar. Dette fordi trekket blir større enn kostnadane kommunen har til «frivillige smådriftsulemper». Verknaden står i motstrid til departementet sin vurdering av at ufrivillige smådriftsulemper blir kompensert i det nye systemet.

Berekningar viser at modellen som er skissert i høyringsframlegget vil føra til store omfordelingar mellom kommunane, med effekt frå 2017. Samstundes med omlegginga av inntektssystemet skjer det store endringar i sektoren i samband med kommunereforma. I ein periode med to store endringsprosessar samstundes vil det vera vanskeleg å oppretthalda prinsippet om likeverdige tenester for innbyggjarane. Endringar i kommunegrensene vil tidlegast få effekt frå 1. januar 2019. Sjølv kommunar som slår seg saman vil bli «straffa» av endringane i inntektssystemet i mellomperioden. Dersom ein vel å gjennomføra endringar i strukturkriteriet, bør det tidlegast få effekt frå 2020.

Småkommunetilskot

Småkommunetillegget er viktig for spreidd busetnad og lokal politisk medverknad. Tilskotet er eit resultat av Stortinget sitt ønske om sterke lokalsamfunn i heile landet.

Fitjar kommune går imot framlegget om ei dreiing av politikken frå fokus på kommunestorleik, til utelukkande å leggja vekt på distriktsutfordringar.

Dersom ein vel å gjennomføra endringa, må fylkesmannen si ramme for skjønnsmidlar styrkast for å ta høgd for skjønnsmessige vurderingar som fell utanfor modellen.

Skatteelementa

Fitjar kommune er einig i prinsippet om at kommunane bør ha ei viss grad av økonomisk sjølvstende og moglegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar som vert skapt i eige lokalsamfunn. Likevel ser ein at mange av elementa i skattesystemet er sensitive for svingingar og dette kan føra til store variasjonar i inntektene i ein kommune frå år til år, eller mellom kommunar. Dette set vilkåret om likeverdige tenester til innbyggjarane på prøve. Fitjar kommune ser det som viktig å oppretthalda minimum den skatteutjamninga me har i dag.

Selskapsskatten

Det er foreslått endringar i selskapsskatten. Den skal erstatta deler av skatteinntekta i dei frie inntektene.

I deler av landet er det ei utfordrande tid for næringslivet, særleg i oljerelaterte og maritime næringar på Sør- og Vestlandet. Det er manglande kontraktar, eller nye kontraktar til lavare pris. Tap av kontraktar medfører sjølvsagt dårlegare resultat for bedriftene, det same gjer nye kontraktar, som normalt vil vera til lavare pris.

Inntektsgrunnlaget for næringslivet, og dermed selskapsskatten vil gå ned i dei same områda.

Reduksjon i aktivitetet som medfører oppseiingar eller permitteringar medfører sjølvsagt nedgang i talet på arbeidsplassar. Auke i tal arbeidsplassar er eit hovudkriterie i vurdering av fordeling av selskapsskatten mellom kommunane.

Dei to effektane er sjølvforsterkande. Reduserte inntekter medfører redusert selskapsskatt, og redusert tal arbeidsplassar medfører reduksjon i grunnlaget for fordeling, og dermed tapt inntekt for kommunane.

I tillegg kjem verknader for personskatteinntektsnivået i dei same kommunane, som går ned, og forsterkar inntektstapet for kommunane.

Dette tilseier at det ikkje bør gjennomførast endringar i selskapsskatten i denne omlegginga.

Fitjar kommune støttar ikkje framlegget til ny modell for selskapsskatt, då den byggjer på forklaringsfaktorar for vekst der kommunane berre rår over ein særs liten del.

Fordeling av endringar over tid

Dersom ein vel å gjera endringar i inntektssystemet som endrar dei økonomiske føresetnadane for kommunane vesentleg, må kommunane få tid til å tilpassa drifta til endringane. Ein bør difor styrka INGAR eller ei liknande ordning for å utsetje verknaden for kommunane av store endringar i dei økonomiske føresetnadane.

Vedlegg