Høringssvar fra Luster kommune

Høyring - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad

Uttale frå Luster kommunestyre;

Utforminga av nytt inntektssystem må gjerast nøytralt utan direkte tilknytning til kommunereforma og debatten om kommunesamanslåingar.

Dei tilrådde endringane i kostnadsnøklane kompenserer ikkje distriktsutfordringar og strukturkostnader like godt som i dag og må rettast opp.

Vekting av sone og nabokriterie må minst oppretthaldast på nivå med tidlegare.

Vekting av dei eldste eldre og psykisk utviklingshemma blir for låg i kommunar med lågt folketal og relativt høg andel eldre og psykisk utviklingshemma.

Delkostnadsnøklane for barnehagar kan med fordel baserast på tal heiltidstilsette og utvida barnehagegruppe 1-5 åringar.

Km kommunal veg bør innarbeidast i kriteriesettet.

Kommunestyret støttar ikkje framlegget om å differensiere basistilskotet etter avstandskriterium. Om det likevel vert innført bør reiselengd for å oppnå fullt basistilskot vera mindre enn 25,4 km.

 

Kommunestyre støttar ei omlegging av dei distriktspolitiske tilskota gitt ein reelt vektar opp dei distriktspolitiske utfordringane. Ein må nytta kriterier som synleggjer ekstra kostnader knytt til avstandar, spreidd busetnad, kommunestorleik og distriktspolitiske utfordringar.

 

Skatteandelen av kommunane sine inntekter må ikkje aukast.

Skatte- og avgiftsordningar som i dag vert haldne utanfor inntektsutjamninga, til dømes

eigedomsskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft, må også haldast utanfor i framtida.

Dersom det skal gjennomførast endringar i selskapsskatten, må det føreligga betre kunnskap om samanhengen mellom selskapsskatt og kommunane si tilrettelegging for næringsutvikling.

Tilrådd modell vil m.a. grunna konjunktursvingingar gi store variasjonar og uføreseielege råmevilkår. Ein alternativ modell for selskapsskatt bør også omfatte auka verksemd innan naturressursbaserte næringar. Dette kan gjerast ved å verdisikre naturressursskatten, som har stått uendra på 1,1 øre/kWh sidan innføringa i 1997.

 

I sum er det endringar i inntektssystemet som favoriserer større kommunar og der innbyggartalet tel meir og struktur mindre.

Dei kompenserande ordningane, for smådriftsulemper, desentralisert busetnadsstruktur og avstandar vert dårlegare og med dette og grunnlaget for å oppretthalde det tenestetilbodet som kommunar som Luster har valt.

Dette er svært negativt og må rettast opp.