Høringssvar fra Sula kommune
Høyringssvar frå Sula kommune
Svartype:
Med merknad
Sula kommunestyre har i møte 11.02.16 vedtatt slik uttale til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt høyringsforslag til nytt inntektssystem:
Generelt:
- Sula kommune er ein lavinntektskommune. Forslaget, slik det er lagt fram, vil medføre ei betydeleg nedgang i inntekter for kommunen, og utgjer ei svekking av kommunen sine føresetnader for å yte gode og naudsynte tenester til innbyggjarane. Forslaget får store konsekvensar for kommunen sin framtidige drift, om vi i framtida ynskjer å bestå som eiga kommune.
- Tidspunkt for høyringsforslaget og den økonomiske virkninga vil sterkt påvirke frivilligheita i forhold til kommunereforma og kan ikkje seiast å vere nøytral i val av framtidig kommunestruktur.
Til delkostnadsnøklane:
- Nedvekting av alderskriteriet “Innbyggere 90 år og over” i forslaget til ny delkostnadsnøkkel for pleie og omsorg fører til ein reduksjon i inntekter til denne gruppa i Sula kommune. Sula kommunestyre stiller seg undrande til denne prioriteringa, gitt forventa vekst i denne aldersgruppa (eldrebølgen).