Høringssvar fra Vang kommune

Vang Kommunes kommentarar til nytt inntektssystem

Dato: 22.02.2016

Svartype: Med merknad

Vang kommune støttar departementets forslag til justeringar av kostnadsnøklane, men føreset at innslagspunktet i ordninga for ressurskrevjande brukarar nedjusterast tilsvarande den reduserte vektinga av PU over 16 år.

Det er positivt at ein opnar for at det finst kommunar som har utfordringar med ufrivillige smådriftsulemper, og at staten ser det som viktig å kompensere for dette. Men me vil påpeike sentraliseringseffekten av dei føreslegne omleggingane.

Det må ikkje settast ein sluttdato for inndelingstilskotet.

Me godtek ikkje at omlegginga av inntektssystemet no blir brukt som pressmiddel for vedtak om kommunesamanslåingar.