Høringssvar fra KS Sogn og Fjordane

Fylkesmøte i KS Sogn og Fjordane 09.02.2016 - høyringssvar i høve framlegg til nytt inntektssystem

Dato: 11.02.2016

Svartype: Med merknad

Samrøystes vedtak i KS Sogn og Fjordane sitt Fylkesmøte 09.02.2016:

"KS Sogn og Fjordane meiner ei omlegging av inntektssystemet må innrettast med strukturkriterier og kostnadsnøklar som gjer til at distriktsfylket Sogn og Fjordane samla sett kjem ut minst like godt som i dag.

Me støttar ei omlegging av småkommunetilskotet som i større grad vektar opp dei distriktspolitiske utfordringane. KS Sogn og Fjordane meiner det er viktig at ein søkjer å finne kriterier som synleggjer ekstra kostnader knytt til avstandar og distriktspolitiske utfordringar, men slik framlegget ligg føre no, vil det få store konsekvensar for dei fleste kommunane i fylket.

Inntektsutjamninga må vidareførast, og skatteandelen av kommunane sine inntekter må ikkje aukast.

Dersom det skal gjennomførast endringar i selskapsskatten, må det føreligga betre kunnskap om samanhengen mellom selskapsskatt og kommunane si tilrettelegging for næringsutvikling. Me er skeptiske til eit system som lønnar kommunar som har privat næringsliv som går bra eller har høg lønnsvekst til fordel for andre kommunar. Dette skapar lett uføreseielege råmevilkår, særskilt for kommunar som er sterkt utsett for konjunktursvingningar i konkurranseutsett næringsliv.

Me er samde i at kostnadsnøklane for barnehagar vert basert på tal heiltidstilsette og at barnehagegruppa vert utvida til 1-5 åringar.