Høringssvar fra Fusa kommune

Forslag til nytt inntektssystem for kommunane frå 2017 - høyringsuttale.

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad

Fusa kommunestyre har 18.02.16 i sak nr 16/16 samrøystes vedteke følgjande uttale:

Strukturkriteriet:

Fusa kommune er positiv til at faktiske tilhøve, som ferjer, og lågaste geografiske eining (grunnkrets) vert lagt til grunn. Fusa kommune tilrår at grenseverdien på strukturkriteriet vert sett til 16,5 kilometer.

Kostnadsnøklane:

Det er postitivt at kostnadsnøklane vert oppdatert jamleg, gjerne oftare enn kvart fjerde år.

Fusa kommune støttar ikkje framlegg om:

  • Å nedvekta innbyggjarar over 90 år og psykisk utviklingshemma frå og med 16 år i utgiftsutjamninga. Det er venta sterk vekst i dei eldre aldersgruppene, som vil gje markant auke i etterspurnaden etter omsorgstenester (høyringsnotatet s 11, 2. avsnitt). Det synest då paradoksalt at ein vil vekta ned innbyggjarar over 90 år. Ein vesentleg del av mottakarane av ressurskrevjande tenester er psykisk utviklingshemma, og enkeltkommunar kan ha særs høge utgifter knytt til denne brukargruppa. For å oppretthalda prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper er det viktig at budsjetta for toppfinansiering for ressurskrevjande tenester vert styrka, slik at tenestetilbodet til desse brukarane ikkje vert redusert.                                                                                               
  • Å utelata kommunale vegar frå utgiftsutjamninga. Dei kommunale vegane er ein viktig del av infrastrukturen i landet og opne vegar året rundt er viktig for å sikra velferdstenester, livskvalitet og tryggleiken til innbyggjarane. Kommunane kan i liten grad velja å privatisera vegar utan å påføra innbyggjarane store kostnadar. Samtidig opplever kommunar at stat og fylkeskommune omklassifiserer sine vegar til kommunale vegar. Kommunale vegar er ei allmenn velferdsteneste med særs variable utgifter mellom kommunane pga. klimatiske og geografiske tilhøve som kommunane ikkje rår over.

 Skatt:

Høyringsframlegget gjev ikkje nok opplysningar om endringane på skatteområdet til at Fusa kommune har grunnlag for å uttala seg. Det er imidlertid uheldig at endringane her ikkje kjem tydeleg fram, då skatteinntektene utgjer ein vesentleg del av det samla inntektsgrunnlaget for kommunane.