Høringssvar fra Høyanger kommune

Høyring - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad
  • Høyanger kommune vil at omsyn til lokalt sjølvstyre og lokal forankring av inntekter er eit avgjerande og grunnleggande prinsipp for vidare finansiering av kommunesektoren. Inntektsordningane må gje kommunar som avstår verdifulle naturressursar til storsamfunnet eit legitimt krav på ein del av den verdiskapninga som skjer.

  •   Høyanger kommune vil at skatte- og avgiftsordningar som i dag vert halde utanfor inntektsutjamninga, til dømes eigedomsskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft, også må haldast utanfor i framtida.

  •   Høyanger kommune støttar ønskje om å styrke den lokale retten til skattlegging, men vil at forslaget om ny modell for selskapsskatt også må omfatte auka verksemd innan naturressursbaserte næringar. Dette kan gjerast ved å verdisikre naturressursskatten, som har stått uendra på 1,1 øre/kWh sidan innføringa i 1997.

  •    Høyanger kommune vil at før ein endrar dagens system, bør det føreligge betre kunnskap om samanhengen mellom selskapsskatt og kommunane si tilrettelegging for næringsutvikling.

  •    Høyanger kommune meiner utforminga av nytt inntektssystem må gjerast nøytralt utan direkte tilknytning til kommunereforma og debatten om kommunesamanslåingar.

  •   Høyanger kommune er samde i at delkostnadsnøklane for barnehagar vert basert på tal heiltidstilsette og at barnehagegruppa vert utvida til 1-5 åringar.

  •   Høyanger kommune vil at ei omlegging av inntektssystemet må innrettast med strukturkriterier og kostnadsnøklar som gjer til at distriktsfylket Sogn og Fjordane samla sett kjem ut minst like godt som i dag.

 

 Vedteke i Høyanger kommunestyre 25.02.2016 i sak 013/16.

 Høyanger kommunestyre vil påpeike at høyringsfristen er for kort.