Høringssvar fra Gloppen kommune

Høyringsuttale frå Gloppen kommune

Dato: 24.02.2016

Svartype: Med merknad

Dette er ein uttale frå Eid og Gloppen kommunar som er i forhandlingar om kommunesamanslåing. Dersom dette skjer, vil vi gå frå eit folketal på ca 6.000 og 5.700 innbyggjarar i kvar kommune til knapt 12.000 i ein ny.

Generelt
Regjeringa si målsetting er eit inntektssystem som gjev eit likeverdig kommunalt tenestetilbod over heile landet. Sidan det nye inntektssystemet blir lagt fram i samanheng med kommunereforma, er det også grunn til å forvente at inntektssystemet skal bygge opp om målsettinga med denne reforma om «større, mer robuste kommuner med økt makt og myndighet».

Stimulansen for å få til større og meir robuste kommunar er i hovudsak endringane som gjeld inndelingstilskotet og dei distriktspolitiske verkemidla. KS sine utrekningar av korleis verknadene blir med regjeringa sitt framlegg til strukturkriteriet viser ei massiv overføring av midlar til dei største kommunane. Dette viser kort og godt at framlegget til strukturkriteriet er eit bomskot, som ikkje på nokon måte oppmuntrar kommunar som det ville vere naturleg å slå saman, til å gjere dette. Samstundes får kommunar som ikkje har behov for å slå seg saman, t.d. Oslo, kraftig auke i overføringane knytt til struktur. Eit system som fører til slike endringar, når grunngjevinga er å oppmuntre til samanslåing av små og mellomstore kommunar, er feilslått.

I dagens inntektssystem (2016) får Gloppen og Eid til saman kr 26,4 mill. i basistilskot. Etter kommunesamanslåing av desse to kommunane, vil den nye kommunen få kr 6,3 mill. i basistilskot ved innføring av strukturkriteriet med grenseverdi på 25,4 km. I tillegg vil den nye kommunen få det eine basistilskotet på kr 13,2 mill. som inndelingstilskot i 15 år, med deretter nedtrapping på 5 år. Det 21. året vil då tapet vere om lag kr 20,1 mill. (26,4 mill. – 6,3 mill.).

Vår vurdering er at tapet frå dagens ordning blir for stort for små og mellomstore kommunar, medan store kommunar som ikkje slår seg saman med nokon, vil tene mykje fordi dei får overta store deler av det dei mindre tapar i basistilskot og strukturkriteriet. Vi meiner altså at framlegget til strukturkriteriet ikkje heng i hop med målsettinga, og meiner regjeringa må kome tilbake med eit framlegg som gir den effekten regjeringa er ute etter.

Kva er effektivt?
KOSTRA-tala viser klart at kommunar på vår storleik, altså med 5.000 til 10.000 innbyggarar, er effektive når det gjeld administrasjon og kostnader til administrativ og politisk leiing. Likevel er det med regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem desse kommunane som får inndrege mest midlar i den omfordelinga det no blir gjort framlegg om. Dette viser også at regjeringa sitt framlegg til strukturkriteriet verken stimulerer til samanslåingar eller effektivisering.

Eid og Gloppen er i dag to veldrivne kommunar kvar for seg, men som likevel kan bli ein endå betre kommune i lag. Dessverre må vi konstatere at regjeringa sitt framlegg til inntektssystem ikkje på nokon måte oppmuntrar oss til samanslåing. Det einaste «positive» i framlegget er at vi ved eit raskt vedtak om samanslåing sikrar oss ei overgangsordning som gjev oss betre tid til å redusere drifta. Slik er det med svært mange kommunar som av ulike årsaker kunne vore slegne saman.

Vi meiner eit nytt inntektssystem må gje klare økonomiske fordelar med kommunesamanslåing. Det er eit dårleg utgangspunkt for ei varig og vellukka samanslåing at denne er gjort fordi vi «ikkje hadde råd til å la vere», i staden for at dette vil gje ein betre kommune for innbyggarane våre.

Vi arbeider for tida med å leggje fram ein intensjonsavtale om samanslåing der innbyggjarane skal få gi sitt syn på dette i ei rådgjevande folkerøysting i mai. Vi veit enno ikkje om vi lukkast med dette. Dersom vi ikkje lukkast, og dersom strukturkriteriet vert innført, vil dette ta «knekken» på mellomstore kommunar som har kort avstand til 5.000 innbyggjarar (under 13,3 km), og som av ulike årsakar ikkje får slått seg saman med andre kommunar. Til dømes Eid kommune vil kome i ein håplaus situasjon dersom kommunen står «åleine» etter 1. juli 2016 og strukturkriteriet vert innført frå 2017.

Alternativ til innføring av strukturkriteriet
Den nye kommunen må få garanti på å behalde 1 stk. basistilskot etter dagens ordning (kr 13,2 mill.), og strukturkriteriet vert ikkje innført. Då vil tapet etter år 20 vere 1 stk. basistilskot etter dagens ordning, kr 13,2 mill. Slik er det reglane har vore tidlegare for dei som slår seg saman.

Når den nye kommunen då samtidig beheld eit ekstra inndelingstilskot på kr 13,2 mill., har den nye kommunen fått ein garanti på å behalde inntekta som i dag i 15 år framover! Undervegs i desse 15 åra kan vi jobbe både politisk og administrativt for å påverke at nedtrappinga etter 15 år ikkje blir så stor som det er førespegla.

Konklusjon
Vi meiner framlegget til nytt inntektssystem ikkje på nokon måte oppmuntrar til fornuftige og nødvendige endringar i kommunestrukturen. Tvert imot vil systemet slik det er presentert føre til at kommunar slår seg saman fordi dei ikkje «har råd til å la vere». I tillegg vil ei slik omfordeling av inntekter i favør av store kommunar som framlegget legg opp til føre med seg ei nedbygging av kommunale tenester over store deler av landet. Slik sett vil ikkje det nye inntektssystemet bidra til å oppfylle regjeringa si målsetting om eit likeverdig kommunalt tenestetilbod. Vi meiner regjeringa må arbeide fram eit inntektssystem som gir ei rettferdig inntektsfordeling med eit likeveldig tenestetilbod uavhengig av kommunestorleik.

---

Uttalen vart vedteken av eit samrøystes kommunestyre den 22. februar 2016.

Vedlegg