Høringssvar fra Fyresdal kommune

Høyringsuttale - nytt inntektssystem for kommunane

Dato: 24.02.2016

Svartype: Med merknad

 

 

 Formannskapet i Fyresdal kommune har handsama høyring om nytt inntektssytem for kommunane, sak 11/16, og gjort følgjande vedtak:

 

Regjeringas framlegg kan delast i fire:

  • Skatteutjamning og del av totale inntekter – her er vi opptatt av at skatteutjamning må skje i stor grad og minst på same nivå som i dag. Meir skatt til dei skattesvake kommunane og mindre til dei rike bør vektleggjast.

 

 

  • Regionalpolitiske tilskot – Endring i småkommunetilskotet retta meir mot talet på innbyggjarar og mindre vekt pr. kommune som i dag er eit framlegg frå regjeringa som vi er i mot. Her bør det gjevast eit likt beløp pr. kommune som i dag.

 

 

  • Oppdatering av kostnadsnøklane – Dette er greitt og bør gjerast kvart år.

 

 

  • Innføring av strukturkriterium – Innføring av eit slikt kriterium er i realiteten bruk av tvang for å få kommunane til å slå seg saman. Dette er vi i mot og eit slikt kriterium bør ikkje innførast.