Høringssvar fra Kvam herad

Høyringssvar frå Kvam herad vedkomande "Høyring- Forslag til nytt inntektssystem for kommunane"

Dato: 15.02.2016

Svartype: Med merknad

Det vert vist til høyringsbrev frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet med forslag til nytt inntektssystem for kommunane. Kvam heradsstyre meiner at inntektssystemet for kommunane i hovudsak er eit fornuftig og rettvist system for å fordela inntektene til kommunane. Inntektssystemet byggjer på grunnleggjande prinsipp om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper, ikkje å vera eit refusjonssystem og ikkje vera eit insentivsystem. Kvam heradsstyre ber regjeringa sørgja for at kommunane sine økonomiske rammevilkår vert fordelt på ein slik måte at innbyggjarane i heile landet kan få tilbod om likeverdige velferdstenester.

På nokre punkt meiner Kvam heradsstyre at forslaget bryt med desse prinsippa og me vil koma med fylgjande merknadar:

 

Kostnadsnøklar

  • Det er viktig med føreseielege rammer for kommunane. Ei oppdatering av kostnadsnøklane kvart fjerde år fører til store omfordelingar mellom kommunane kvar gong nøklane vert oppdatert. Kostnadsnøklane bør av den grunn oppdaterast minst annakvart år, og vektinga mellom sektorane bør skje kvart år. For å unngå at nokon effektar vert overvurdert enkelte år og for å redusera svingingar bør det nyttast gjennomsnitt av siste 4 år.
  • Kommunane har dei seinare åra opplevd ei sterk auke i utgifter til spesialundervisning, barnevern, sosialhjelp og ressurskrevjande brukarar i pleie og omsorg. Graden av vekst varierer mellom kommunane. Departementet har i lita grad funne forklaringsfaktorar bak denne veksten. For å oppnå eit inntektssystem med full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper må departementet prioritera å identifisera statistisk utsagnskraftige forklaringsfaktorar for alle kostnadsnøklane.
  • Kvam heradsstyre er ueinig i departementet sin argumentasjon for å utelata kommunale vegar frå utgiftsutjamninga. Dei kommunale vegane er ein viktig del av infrastrukturen i landet og opne vegar året rundt er viktig for å sikra velferdstenester, livskvalitet og tryggleiken til innbyggjarane. Kommunane kan i liten grad velja å privatisera vegar utan å påføra innbyggjarane store private kostnadar, samstundes opplever kommunar at stat og fylkeskommune omklassifiserer sine vegar til kommunale vegar. Kommunale vegar er ei nasjonal velferdsteneste med særs variable utgifter mellom kommunane på grunn av ufrivillige klimatiske og geografiske forhold. Kvam heradsstyre ber departementet om å revurdera avgjerda si og innlemma kommunale vegar som ein eigen delkostnadsnøkkel for å sikra kommunane full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper.
  • Ein vesentleg del av mottakarane av ressurskrevjande tenester er psykisk utviklingshemma, og enkeltkommunar kan ha særs høge utgifter knytt til personar med psykisk utviklingshemming. I departementet sitt framlegg til delkostnadsnøkkel for pleie og omsorg er dette kriteriet vekta betydeleg ned. For å oppretthalda prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper er det viktig at budsjetta for toppfinansieringa for ressurskrevjande tenester vert styrka slik at tenestetilbodet til desse brukarane ikkje vert redusert.
  • Departementet føreslår at kommunane fortsatt skal få full kompensasjon for smådriftsulemper på tenestenivå. Samstundes vert kriteria for busetjingsmønster, sone og nabo, vekta ned i framlegget. Kvam heradsstyre meiner at dette er feil då reknemodellane ikkje klarar å ta omsyn til naturlege barrierar for sentralisering som til dømes rasfarlege vegar.
  • Kvam heradsstyre meiner begge forslag til delkostnadsnøkkel for barnehagar har for låg forklaringskraft på kommunenivå. Kommunar med høg del tilsette innan jordbruk, fiske, og servicenæringar kjem dårleg ut av begge modellane, tilsynelatande utan korrelasjon med reell dekningsgrad i kommunane.
  • Kvam heradsstyre synes det er uheldig at kommunar med mindre enn 20 000 innbyggjarar, og at kommunar frå Hordaland og nordover gjennomgåande kjem dårleg ut av endringane i kostnadsnøklane. Kostnadsnøklane bør vera politisk nøytrale, og ikkje insentivskapande og skal byggja på prinsippet om full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper.

    Strukturkriteriet
  • Det er bykommunar med meir enn 30000 innbyggjarar og dei aller minste kommunane med lange reiseavstandar som tener på innføringa av dette kriteriet. Kvam heradstyre meiner dette får uheldige konsekvensar for framtidig busetjing i landet.
  • Kommunar som i tråd med statleg politikk har fortetta i sentrum vert straffa i det nye systemet. Slike kommunar kan få ein låg reiseavstand på strukturkriteriet utan at det seier noko om reiseavstand til nabokommunar. Kommunar blir såleis klassifisert som frivillig små fordi folk bur tett i eigen kommune. Dersom departementet går vidare med å bruka den føreslegne modellen til å berekna om kommunar er frivillig eller ufrivillig små må det utviklast eit system som fangar opp reiseavstandar til nærkommunar, ikkje internt i eigen kommune slik det er lagt opp til i forslaget.
  • Regionsentra tapar gjennomgåande på endringane i strukturkriteriet og små kommunar som kjem godt/betre ut vil neppe slå seg saman med sitt senter. Bortfallet av inntekter i regionsenterkommunar vil bli dekka inn ved reduksjon i velferdstenester og bryt med prinsippet om likeverdige tenester til innbyggjarane.
  • Berekningar viser at modellen som er skissert i høyringsframlegget vil føra til store omfordelingar mellom kommunane. Samstundes med omlegginga av inntektssystemet skjer det store endringar i sektoren i samband med kommunereforma. I ein periode med to store endringsprosessar samstundes vil det vera vanskeleg å oppretthalda prinsippet om likeverdige tenester for innbyggjarane. Det vil vera uansvarleg av regjeringa å innføra denne modellen samstundes som mykje er uavklara i kommunereforma. Det bør setjast ned eit utval som i lys av resultatet av kommunereforma utviklar modellen vidare. Utvalet sitt mandat må vera å sikra full kompensasjon for smådriftsulemper til tenester, medan smådriftsulemper på kommunenivå som er frivillige ikkje blir kompensert fullt ut. Ein slik modell kan få verknad frå 1.1.2020.

Distriktstilskota 

  • Kvam heradsstyre støttar framlegget om ei forsiktig dreiing av politikken frå størrelse på kommunen til reelle distriktsutfordringar. I eit slikt system er det viktig med tillit til den statistiske modellen som bereknar dei reelle distriktsutfordringane. Fylkesmannen si ramma for skjønnsmidlar bør styrkast for å ta høgd for skjønnsmessige vurderingar som fell utanfor modellen.

Skatteelementa

  • Kvam heradsstyre er einig i prinsippet om at kommunane bør ha ei viss grad av økonomisk sjølvstende og moglegheit for å behalda ein del av inntekter og verdiar som vert skapt i eige lokalsamfunn, men Kvam heradsstyre støttar ikkje framlegget til ny modell for selskapsskatt då den byggjer på forklaringsfaktorar for vekst der kommunane berre rår over ein særs liten del. Dersom selskapsskatten skal inngå i kommunane sine skatteinntekter, må det utarbeidast ei ordning som tar omsyn til kor den faktiske verdiskapinga skjer, ikkje hovudkontorplasseringa. Ein ser at mange av elementa i skattesystemet er sensitive for svingingar og dette kan føra til store variasjonar i inntektene i ein kommune frå år til år, eller mellom kommunar. Dette set vilkåret om likeverdige tenester til innbyggjarane på prøve. Kvam heradsstyre ser det som viktig å oppretthalda minimum den skatteutjamninga me har i dag.