Høringssvar fra Tysnes kommune

Forslag til nytt inntekstssystem for kommunane - samla saksframstilling

Dato: 15.02.2016

Svartype: Med merknad

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Tysnes kommune

 

 

 

Arkivsak  :

Arkivkode:

16/14

104

Sakshandsamar:   Steinar Dalland/Rolf Johan Lunde

 

Handsamingar:

Utvalsaknr.                       Utval                                                    Møtedato

PS  5/16                             FORMANNSKAPET                          20.01.2016

PS  9/16                             FORMANNSKAPET                          02.02.2016

PS  24/16                           KOMMUNESTYRET                         02.02.2016

 

FORSLAG TIL NYTT INNTEKTSSYSTEM FOR KOMMUNANE - HØYRING

 

Vedlegg:

1. Høyringsnotat til nytt inntektssystem for kommunane

 

SAKSUTGREIING 20.01.16:

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i notat av 16.12.2015 skissert ein del end­ringar i inntektssystemet for kommunane. Høyringsfrist er satt til 01.03.2016.

 

Endringane gjeld i hovudsak for:

 

  • Basistilskotet
  • Småkommune- og distriktstilskot (inkl. Nord-Noreg- og Namdalstilskot)
  • Korrigering av kostnadsnøklar for tenesteyting
  • Skatt

 

Departementet vil kome attende med nærare berekningar i kommuneproposisjonen våren 2016.

 

Generelt om skisserte endringar:

 

I notatet frå departementet vert det gjennomgåande skilt mellom kommunar som er friviljug små og dei som er ufriviljuge små. I denne samanheng vert det med små kommunar meint kommunar med innbyggjartal mindre enn 5000. Forslag til endring i inntektssystemet må sjåast i samanheng med den pågåande kommunereforma.

 

Årsaka til at det vert nytta eit innbyggjartal på 5000 for å skilje mellom små og større kom­munar er at det i notatet vert synt til forsking som seier at potensielle stordriftsfordeler har ein grenseverdi på dette innbyggjartalet. Dette inneber at ein kommune på 5000 vil vere like ef­fektiv å drive som ein kommune med fleire innbyggjarar. Kommunar med innbyggjartal mindre enn 5000 vil ha ein smådriftsulempe i høve til kommunar med 5000 eller fleire inn­byggjarar.

 

I notatet går det fram at departementet ikkje ynskjer å kompensere friviljuge små kommunar for den kostnadsulempen dei har som fylgje av størrelse. Det vert skilt mellom ulemper på kommunenivå (les administrasjon) og ulemper på tenestenivå («den spisse enden» slik som skule og omsorg). Smådriftsulemper på tenestenivå skal framleis verte kompensert, med grunngjeving mellom anna ut i frå demografi og geografiske avstandar i kommunen.

 

Nærare om endringane:

 

Basistilskotet: Alle kommunar får i dag eit basistilskot (ca. 13,2 mill. kr. i 2016). I forslaget skal dette tilskotet differensierast for dei små kommunane. I notatet er det innført eit omgrep kalla «strukturkriteriet» som fortel noko om folketettleik og avstandar for innbyggjarane. Strukturkriteret skal også gje svar på korvidt ein kommune kan kallast friviljug- eller ufriviljug liten. Metoden for kome fram til dette kriteriet er å sjå på kor langt innbyggjarane må reise for å treffe 5000 menneske. I modellen vert lågaste geografiske nivå i SSB nytta (grunnkrins). Det vert teke omsyn til spesielle tilhøve, som t.d. bruk av ferje.

 

På bakgrunn av reknestykke får kvar kommune ein verdi på strukturkriteriet. Jo høgare verdi ein får, til meir ufriviljug liten er ein som kommune. Med lav verdi vert ein karakterisert som friviljug liten.

 

Det vert foreslått ein gradering av basistilskotet ut i frå verdi på strukturkriteriet. Denne gra­deringa vil departementet kome attende til i kommuneproposisjonen, men det er i notatet skis­sert eit par alternative inndelingar der ein ser på kor høg indeks ein må ha for at kommunen ikkje skal få redusert basistilskot.

 

Tysnes har fått ein verdi på strukturkriteriet på 23,7. Med dei døma som ligg til grunn i notatet vil effekten slå slik ut:

 

Grenseverdi

Prosent av fullt basistilskot

 Reduksjon i basistilskotet

A : 25,4 (høg)

93,3%

883.000

B:  16,5 (middels)

100%

0

C:  13,3 (lav)

100%

0

 

Ved det stramaste opplegget i dette dømet vil Tysnes få eit inntrekk på 883.000 kr. i basistil­skotet, mens i det midtre alternativet samt det «lausaste» opplegget vil me ikkje få inntrekk.

 

Det er heilt klart at Tysnes ut i frå denne modellen kan kallast ufriviljug liten. Dette synes å vere fornuftig ut i frå at me er ein øykommune der vegen både sør mot resten av Sunnhordland og nord mot Bergen i realiteten er stengt når ferjene slutter å gå om kvelden. Riktignok har me bruforbindelse over Lukksund mot Fusa, men dette gjev lange avstander for å kome til større sentra.

 

Fylgjande graf syner verdiane på strukturkriteriet for kommunane rundt oss :

 

 

Fitjar får til dømes ein verdi på 12,0 og vil såleis få kraftig inntrekk på basistilskotet dersom ein av dei to høgaste grenseverdiane vert vald. Elles kan me merkja oss at øykommunen Aus­tevoll får ein verdi på 18,1.

 

Departementet lister opp fylgjande endringar i kompensasjon for smådriftsulemper:

 

  1. «Smådriftsulemper til tenester vil framleis verte kompensert fullt ut».

Ut i frå variasjonar både i geografi og demografi meiner rådmannen at dette er fornuftig.

 

 

  1. «Smådriftsulemper på kommunenivå vil ikkje lenger verte sett på som ein fullt ut friviljug kostnad, og vert dermed ikkje kompensert fullt ut for alle kommunar».

Rådmannen meiner at departementet i si tilnærming har gjort ein grundig jobb med å rekne på strukturkriteriet. Det er positivt at faktiske tilhøve, slik som avhengigheit av ferjer, vert teke med i reknestykket. Det er også positivt at lågaste geografiske eining i SSB (grunn­krinsar) vert nytta. Me meiner at tilhøva for Tysnes vert belyst på ein god måte. Konklu­sjonen er at Tysnes i denne samanheng vert rekna som ufriviljug liten. Ut i frå andre kom­munar sine faktiske tilhøve, slik som Austevoll, er det ikkje naturleg at den høgaste gren­severdien vert vald. I døme i notatet kan Austevoll verte trekt 3,8 mill. kr. dersom høgaste grenseverdi vert vald (riktignok har Austevoll like i overkant av 5000 innbyggjarar). Dette synes å vere unaturleg for ein kommune der ein er heilt avhengig av ferje for å kome til fastlandet.

 

  1. «Strukturkriteriet vert nytta for å skilje mellom friviljuge og ufriviljuge smådriftsulemper, og graden av friviljuge».

Stukturkriteriet synes å vere eit parameter som gjev eit godt bilete av dei faktiske tilhøva. Rådmannen meiner at dersom endringa vert innført må den høgaste grenseverdien i dømet forkastast.

 

  1. «Ved hjelp av strukturkriteriet vert kompensering for smådriftsulemper differensiert i utgiftsutjevninga for kommunane.»

Som over må det takast omsyn til faktiske tilhøve, slik at den høgste satsen i dømet vert forkasta.

 

Småkommune- og distriktstilskot (inkl. Nord-Noreg- og Namdalstilskot)

 

I høyringsnotatet legg departementet opp til å slå saman dei regionalpolitiske tilskota, slik at ein får eitt tilskot Sør-Noreg og eitt tilskot Nord-Noreg.

 

Veksttilskotet og storbytilskotet vert ikkje føreslått endra i denne omgang.

 

Distriktstilskot Sør-Noreg vil omfatta småkommunetilskotet (ca. 5,4 mill. kr.) og distriktstil­skotet. I dag er det slik at ein ikkje får distriktstilskot dersom ein får småkommunetilskot.

 

Det vert i notatet lagt opp til at det nye tilskotet skal graderast, i motsetnad til slik som små­kommunetilskotet verkar i dag. Det vert peika på at distriktsindeksen, som vert nytta i sam­band med dagens distriktstilskot, kan vere ein metode å fordele dette tilskotet på. I dag får kommunar (unnateke dei som får småkommunetilskot) eit distriktstilskot dersom dei har ein distriktsindeks mellom 0 og 46. Det er fem kategoriar (0-35, 36-38, 39-41, 42-44, 45-46) der lågaste verdi på indeksen gjev høgast tilskot. Tysnes har i 2014 ein verdi på 38 og ville såleis gått inn i gruppa som får nest høgaste tilskot.

 

Departementet føreslår vidare endringar :

 

  1. «Nord-Noreg- og Namdalstilskotet vert vidareført, og vert slått saman med småkommunetilskotet for desse kommunane til eit nytt Nord-Noreg tilskot».

Rådmannen har ingen spesielle kommentarar til dette.

 

  1. «Distriktstilskot Sør-Noreg og småkommunetilskotet for kommunane i Sør-Norge vert slått saman til eit nytt Sør-Noreg tilskot.»

Rådmannen har ingen spesielle kommentarar til dette.

 

  1. «Småkommunetilskotet vert vidareført som eit eige småkommunetilskot innanfor dei to tilskota ; Nord-Noreg tilskotet og Sør-Noreg tilskotet.»

Rådmannen har ingen spesielle kommentarar til dette.

 

  1. «Satsane på småkommunetilskotet vert differensiert i forhold til kommunen sin verdi på distriktsindeksen, slik at tilskotet vert gradert etter denne på same måte som satsane in­nanfor dagens Distriktstilskot Sør-Noreg.»

I notatet står det at strukturkriteret har vore vurdert nytta også til det nye Sør-Noreg tilsko­tet. Rådmannen meiner at stukturkriteriet gjev eit godt bilete av dei faktiske tilhøva, og såleis burde denne indeksen også verte nytta på dette tilskotet. Det er i notatet ikkje rekna ut korleis kommunane vil kome ut med det nye forslaget ; dette må departementet gje svar på. Ut over dette er det viktig å ta inn over seg at Tysnes, på bakgrunn av folketettleik og geografi, er kvalifisert til redusert sats på arbeidsgjevaravgift. Det er viktig at dei faktiske tilhøva vert teke opp i fordelingsnøkkelen.

 

  1. «Det vil verte gjort justeringar i tilskota slik at meir enn i dag vert fordelt pr. innbyggjar.»

Rådmannen meiner det kan vere fornuft i dette. I dag er det slik at småkommunetilskotet ramlar bort når innbyggjar nr. 3.200 er på plass.

 

Korrigering av kostnadsnøklar for tenesteyting

I notatet frå departementet vert det skissert nokre endringar i kostnadsnøklane for tenesteyting. Det er tidlegare slått fast at omgrepet friviljug eller ufriviljug liten ikkje skal få konsekvensar for kompensering på tenestenivå. Ut i frå at kostnadsbiletet endrar seg over tid meiner rådma­nen at det er naturleg å korrigere kostnadsnøklane med jamne mellomrom. I notatet vert det lagt opp til ein frekvens på 4 år.

 

Skatt

Det er i notatet frå departementet vist til kommuneproposisjonen for 2017 når det gjeld end­ring i skatteinntekter. Det er varsla ein endring der kommunane skal få tilbake delar av sel­skapsskatten i nytt inntektssystem. Mellom anna skal kommunar med vekst i lokal verdiska­ping (vekst i samla privat løn) over ein 4-års periode motta ein del av den nye selskapsskatten.

 

SAKSUTGREIING 02.02.16:

 

Med bakgrunn i formannskapet si handsaming i møte 20. januar d.å. legg rådmannen fram slikt framlegg til uttale:

 

INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN 02.02.16:

 

Tysnes kommune merkjer seg høyringsnotat om nytt inntektssystem, i vår uttale tek me i første rekkje opp følgjande:

 

  • Bruk av strukturkriterium
  • Kostnadsnøkkel i inntektsutjamninga
  • Regionalpolitiske tilskot
  • Skatt

 

Strukturkriterium:

Ein varsla endring i inntektssystemet er at det skal leggja opp til å stimulera til den pågåande prosessen med kommunereform og at det vert skilt mellom kommunar som er frivillig og ufri­villige små. 

 

Tysnes kommune meiner at departementet i si tilnærming har gjort ein grundig jobb med å rekne på strukturkriteriet. Det er positivt at faktiske tilhøve, slik som avhengigheit av ferjer, vert teke med i reknestykket. Det er også positivt at lågaste geografiske eining i SSB (grunnkrinsar) vert nytta. Me meiner at tilhøva for Tysnes vert belyst på ein god måte. Konklusjonen er at Tysnes i denne saman­heng vert rekna som ufriviljug liten.

 

Tysnes kommune hadde helst sett at modellen som vart nytta vart vedlagt høyringa. Me er likevel positive til innretninga i strukturkriteriet og meiner at det bør leggjast til grunn grense­verdi B. Denne grenseverdien gjev eit godt insentiv til kommunar om å slå seg saman om kommunikasjonar ligg til rette for det.

 

Tysnes kommune meiner at det «inndregne» basistilskotet i større grad bør nyttast til å styrka utjamninga i dagens inntektssystem, enn det som er lagt opp til i framlegget. Dette hadde verka til å understøtta målet om likeverdige tenester i alle delar av landet.

 

Kostnadsnøkkel i inntektsutjamninga:

Gjennom utgiftsutjamninga får kommunane full kompensasjon for ufrivillige kostnads­forskjellar. Grunnlaget for denne omfordelinga er kostnadsnøkkelen i utgiftsutjamninga. Det er berre dei ufrivillige kostnadsforskjellane som skal utjamnast gjennom utgiftsutjamninga. Der­for blir utgiftsutjamninga basert på eit utrekna utgiftsbehov for den einskilde kommunen, og ikkje dei faktiske utgiftene til kommunane.

I dag inngår sektorane grunnskule, barnehage, pleia og omsorg, helsetenester, barnevern, sosi­alhjelp, samt administrasjon/landbruk/miljø i utgiftsutjamninga.  Departementet har gjort opp­daterte analysar av alle kostnadsnøklane og det blir foreslått endringar i alle nøklane.

 

Tysnes kommune merkjer seg at me kjem dårleg ut av det nye utjamningssystemet, me vil her ha eit tap opp mot dagens system tilsvarande kr. 701 per innbyggjar når me held utanom strukturkriteriet. Tysnes kommune meiner at det i seg sjølv ikkje treng å vera eit problem så lenge kostnadsnøklane fangar opp behova på ein tilstrekkeleg måte. Tysnes kommune meiner i denne samanheng at endringa av kriteria i Pleie og omsorg ikkje fangar opp dei objektive kostnadsbehova, me ber om at departementet på nytt vurderer nedvektinga av innbyggjarar over 90 år og psykisk utviklingshemma over 16 år. Nedvekting av sistnemnde gruppe vil også påverka toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester.  Tysnes kommune meiner at oppvekting av innbyggjarar 0-66 år og nedjustering av grupper der det er semje om at desse inneber vesentlege meirkostnader fører til ei alvorleg skeivdeling mellom dei største kommu­nane og dei mindre og mellomstore. Så lenge kommunane er den viktigaste leverandøren av velferdstenester meiner me at departementet her gjennom endringar i økonomiske råmer gjev kommunar vesentleg ulike føresetnader for å løysa sine oppgåver. Når dette slår systematisk ut meiner me at departementet ikkje i stor nok grad har teke høgde for likeverdige tenester i alle delar av landet.  Me vil her særskilt merkja at denne effekten også vil gjelda om fleire små og mellomstore kommunar slår seg saman.

 

Tysnes kommune er positiv til at fordelings- og utjamningsnøklar vert revidert på jamnleg basis.

 

Regionalpolitiske tilskot:

Tysnes kommune er positive til at departementet legg opp til å vurdera differensiering av små­kommunetilskotet, større del at tilskota skal delast per innbyggjar enn i dag. Me opplever at dagens småkommunetilskot har ei ulogisk innretning. 

 

At småkommunetilskot vert vurdert samla med distriktstilskot for Sør-Noreg vurderer me også som positivt, men meiner at innretninga her må klargjerast meir før det vert teke stilling til det. Det synes i dag uklart korleis innretninga vert, me vil også etterlysa bruk av verknadstabellar der dei talmessige storleikane av ulike moglege val vert avklara.

 

Tysnes kommune meiner at fordelingsnøkkelen for regionalpolitiske tilskot kan knyttast opp til det nye strukturinndelingskriteriet, eller subsidiært distriktsindeksen.

 

Skatt:

Det vert frå departementet varsla ei endring i skatteinntekter ved at kommunane skal få tilbake deler av selskapsskatten i nytt inntektssystem. Tysnes kommune meiner at høyringsframlegget ikkje skildrar opplegget her på ein tilstrekkeleg måte til at me har grunnlag for å uttala oss her.

 

Sluttkommentar:

Tysnes kommune ser at omlegginga av inntektssystemet som er føreslege inneber ei omfor­deling mellom små- og mellomstore kommunar til store kommunar. Me finn det underleg at ikkje også storbytilskotet vert teke opp til vurdering når me ser dei økonomiske effektane av at dei samla endringane i inntektssystemet.  Tysnes kommune vurderer framlegget som eit brot opp mo målsetjing om å utjamne økonomiske føresetnader slik at tilhøva vert lagt til rette for eit likeverdig tenestetilbod over heile landet.  Tysnes kommune meiner at framlegget i for lita grad kompenserer for tilhøve som ligg utanfor kommunen sin kontroll og har von om at dette vert retta opp før departementet presenterer eit heilskapleg forslag til nytt inntektssystem for kommunane i kommuneproposisjonen 2017, med verknad frå 1.1. 2017.

 

HANDSAMING I FORMANNSKAPET 20.01.2016:

 

  • konomisjefen gjekk under handsaming gjennom framlegg til nytt inntektssystem.

 

Ordføraren sette fram framlegg om at saka vert utsett og teke opp til ny handsaming der råd­mannen gjev innstilling til uttale.

 

Formannskapet slutta seg til utsetjingsframlegget.

 

VEDTAK I FORMANNSKAPET 20.01.2016:

 

Saka vert utsett.

 

HANDSAMING I FORMANNSKAPET 02.02.2016:

 

Ordføraren sette fram slikt framleggg til tillegg til uttalen:

 

« Tysnes kommune ber elles at Borge utvalet sine metodar vert lagt til grunn i utrekning av inntektsutjamninga (NOU 2005:18)»

 

Formannskapet slutta seg til endringa. Det ligg då føre slikt samla framlegg til uttale frå for­mannskapet:

 

FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.02.2016:

 

Tysnes kommune merkjer seg høyringsnotat om nytt inntektssystem, i vår uttale tek me i første rekkje opp følgjande:

 

  • Bruk av strukturkriterium
  • Kostnadsnøkkel i inntektsutjamninga
  • Regionalpolitiske tilskot
  • Skatt

Strukturkriterium:

Ein varsla endring i inntektssystemet er at det skal leggja opp til å stimulera til den pågåande prosessen med kommunereform og at det vert skilt mellom kommunar som er frivillig og ufri­villige små. 

 

Tysnes kommune meiner at departementet i si tilnærming har gjort ein grundig jobb med å rekne på strukturkriteriet. Det er positivt at faktiske tilhøve, slik som avhengigheit av ferjer, vert teke med i reknestykket. Det er også positivt at lågaste geografiske eining i SSB (grunnkrinsar) vert nytta. Me meiner at tilhøva for Tysnes vert belyst på ein god måte. Konklusjonen er at Tysnes i denne saman­heng vert rekna som ufriviljug liten.

 

Tysnes kommune hadde helst sett at modellen som vart nytta vart vedlagt høyringa. Me er li­kevel positive til innretninga i strukturkriteriet og meiner at det bør leggjast til grunn grense­verdi B. Denne grenseverdien gjev eit godt insentiv til kommunar om å slå seg saman om kommunikasjonar ligg til rette for det.

 

Tysnes kommune meiner at det «inndregne» basistilskotet i større grad bør nyttast til å styrka utjamninga i dagens inntektssystem, enn det som er lagt opp til i framlegget. Dette hadde verka til å understøtta målet om likeverdige tenester i alle delar av landet.

 

Kostnadsnøkkel i inntektsutjamninga:

Gjennom utgiftsutjamninga får kommunane full kompensasjon for ufrivillige kostnads­forskjellar. Grunnlaget for denne omfordelinga er kostnadsnøkkelen i utgiftsutjamninga. Det er berre dei ufrivillige kostnadsforskjellane som skal utjamnast gjennom utgiftsutjamninga. Der­for blir utgiftsutjamninga basert på eit utrekna utgiftsbehov for den einskilde kommunen, og ikkje dei faktiske utgiftene til kommunane.

I dag inngår sektorane grunnskule, barnehage, pleia og omsorg, helsetenester, barnevern, sosi­alhjelp, samt administrasjon/landbruk/miljø i utgiftsutjamninga.  Departementet har gjort opp­daterte analysar av alle kostnadsnøklane og det blir foreslått endringar i alle nøklane.

 

Tysnes kommune merkjer seg at me kjem dårleg ut av det nye utjamningssystemet, me vil her ha eit tap opp mot dagens system tilsvarande kr. 701 per innbyggjar når me held utanom strukturkriteriet. Tysnes kommune meiner at det i seg sjølv ikkje treng å vera eit problem så lenge kostnadsnøklane fangar opp behova på ein tilstrekkeleg måte. Tysnes kommune meiner i denne samanheng at endringa av kriteria i Pleie og omsorg ikkje fangar opp dei objektive kostnadsbehova, me ber om at departementet på nytt vurderer nedvektinga av innbyggjarar over 90 år og psykisk utviklingshemma over 16 år. Nedvekting av sistnemnde gruppe vil også påverka toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester.  Tysnes kommune meiner at oppvekting av innbyggjarar 0-66 år og nedjustering av grupper der det er semje om at desse inneber vesentlege meirkostnader fører til ei alvorleg skeivdeling mellom dei største kommu­nane og dei mindre og mellomstore. Så lenge kommunane er den viktigaste leverandøren av velferdstenester meiner me at departementet her gjennom endringar i økonomiske råmer gjev kommunar vesentleg ulike føresetnader for å løysa sine oppgåver. Når dette slår systematisk ut meiner me at departementet ikkje i stor nok grad har teke høgde for likeverdige tenester i alle delar av landet.  Me vil her særskilt merkja at denne effekten også vil gjelda om fleire små og mellomstore kommunar slår seg saman.

 

Tysnes kommune er positiv til at fordelings- og utjamningsnøklar vert revidert på jamnleg basis.

 

Tysnes kommune ber elles at Borge utvalet sine metodar vert lagt til grunn i utrekning av inn­tektsutjamninga (NOU 2005:18)

                                                                                                             

Regionalpolitiske tilskot:

Tysnes kommune er positive til at departementet legg opp til å vurdera differensiering av små­kommunetilskotet, større del at tilskota skal delast per innbyggjar enn i dag. Me opplever at dagens småkommunetilskot har ei ulogisk innretning. 

 

At småkommunetilskot vert vurdert samla med distriktstilskot for Sør-Noreg vurderer me også som positivt, men meiner at innretninga her må klargjerast meir før det vert teke stilling til det. Det synes i dag uklart korleis innretninga vert, me vil også etterlysa bruk av verknadstabellar der dei talmessige storleikane av ulike moglege val vert avklara.

 

Tysnes kommune meiner at fordelingsnøkkelen for regionalpolitiske tilskot kan knyttast opp til det nye strukturinndelingskriteriet, eller subsidiært distriktsindeksen.

 

Skatt:

Det vert frå departementet varsla ei endring i skatteinntekter ved at kommunane skal få tilbake deler av selskapsskatten i nytt inntektssystem. Tysnes kommune meiner at høyringsframlegget ikkje skildrar opplegget her på ein tilstrekkeleg måte til at me har grunnlag for å uttala oss her.

 

Sluttkommentar:

Tysnes kommune ser at omlegginga av inntektssystemet som er føreslege inneber ei omfor­deling mellom små- og mellomstore kommunar til store kommunar. Me finn det underleg at ikkje også storbytilskotet vert teke opp til vurdering når me ser dei økonomiske effektane av at dei samla endringane i inntektssystemet.  Tysnes kommune vurderer framlegget som eit brot opp mo målsetjing om å utjamne økonomiske føresetnader slik at tilhøva vert lagt til rette for eit likeverdig tenestetilbod over heile landet.  Tysnes kommune meiner at framlegget i for lita grad kompenserer for tilhøve som ligg utanfor kommunen sin kontroll og har von om at dette vert retta opp før departementet presenterer eit heilskapleg forslag til nytt inntektssystem for kommunane i kommuneproposisjonen 2017, med verknad frå 1.1. 2017.

 

HANDSAMING I KOMMUNESTYRET 02.02.2016:

 

Ordføraren orienterte om formannskapet si tilråding.

 

Representanten Anne Merethe Fjeldsad sette på vegner av Ap fram slikt framlegg om tillegg til Tysnes kommune si høyringsuttale:

 

«Tysnes kommune vil peika på at det er underleg og uheldig at diskusjonen om nytt inn­tektssystem for kommunane kjem opp parallellt med prosessane rundt Kommunere­forma, og vil oppmoda Stortinget om å utsetja saka. Gong på gong dei siste åra har det blitt presisert at Kommunereforma skal tuftast på kommunanes frie vilje. Sidan den nye inntektsmodellen ser ut til å systematisk ta frå dei små og gi til dei store, blir Kommune­reforma i paksis ei storstilt tvansssamanslåing av små kommunar som kjem økonomisk uheldig ut i den nye modellen.»

 

Ved avrøysting vart det røysta over tilråding frå formannskapet opp mot tilråding frå formann­skapet med tilleggsframlegg frå Ap. Ved avrøysting fekk formanskapet si tilråding 8 røyster (H,Frp, V) tilleggsframlegget frå Ap fekk 13 røyster (Ap, Krf, Sp).

 

Etter avrøysting ligg det då føre slik samla uttale:

 

VEDTAK I KOMMUNESTYRET 02.02.2016:

 

Tysnes kommune merkjer seg høyringsnotat om nytt inntektssystem, i vår uttale tek me i første rekkje opp følgjande:

 

  • Bruk av strukturkriterium
  • Kostnadsnøkkel i inntektsutjamninga
  • Regionalpolitiske tilskot
  • Skatt

 

Strukturkriterium:

Ein varsla endring i inntektssystemet er at det skal leggja opp til å stimulera til den pågåande prosessen med kommunereform og at det vert skilt mellom kommunar som er frivillig og ufri­villige små. 

 

Tysnes kommune meiner at departementet i si tilnærming har gjort ein grundig jobb med å rekne på strukturkriteriet. Det er positivt at faktiske tilhøve, slik som avhengigheit av ferjer, vert teke med i reknestykket. Det er også positivt at lågaste geografiske eining i SSB (grunnkrinsar) vert nytta. Me meiner at tilhøva for Tysnes vert belyst på ein god måte. Konklusjonen er at Tysnes i denne saman­heng vert rekna som ufriviljug liten.

 

Tysnes kommune hadde helst sett at modellen som vart nytta vart vedlagt høyringa. Me er li­kevel positive til innretninga i strukturkriteriet og meiner at det bør leggjast til grunn grense­verdi B. Denne grenseverdien gjev eit godt insentiv til kommunar om å slå seg saman om kommunikasjonar ligg til rette for det.

 

Tysnes kommune meiner at det «inndregne» basistilskotet i større grad bør nyttast til å styrka utjamninga i dagens inntektssystem, enn det som er lagt opp til i framlegget. Dette hadde verka til å understøtta målet om likeverdige tenester i alle delar av landet.

 

Kostnadsnøkkel i inntektsutjamninga:

Gjennom utgiftsutjamninga får kommunane full kompensasjon for ufrivillige kostnads­forskjellar. Grunnlaget for denne omfordelinga er kostnadsnøkkelen i utgiftsutjamninga. Det er berre dei ufrivillige kostnadsforskjellane som skal utjamnast gjennom utgiftsutjamninga. Der­for blir utgiftsutjamninga basert på eit utrekna utgiftsbehov for den einskilde kommunen, og ikkje dei faktiske utgiftene til kommunane.

I dag inngår sektorane grunnskule, barnehage, pleia og omsorg, helsetenester, barnevern, sosi­alhjelp, samt administrasjon/landbruk/miljø i utgiftsutjamninga.  Departementet har gjort opp­daterte analysar av alle kostnadsnøklane og det blir foreslått endringar i alle nøklane.

 

Tysnes kommune merkjer seg at me kjem dårleg ut av det nye utjamningssystemet, me vil her ha eit tap opp mot dagens system tilsvarande kr. 701 per innbyggjar når me held utanom strukturkriteriet. Tysnes kommune meiner at det i seg sjølv ikkje treng å vera eit problem så lenge kostnadsnøklane fangar opp behova på ein tilstrekkeleg måte. Tysnes kommune meiner i denne samanheng at endringa av kriteria i Pleie og omsorg ikkje fangar opp dei objektive kostnadsbehova, me ber om at departementet på nytt vurderer nedvektinga av innbyggjarar over 90 år og psykisk utviklingshemma over 16 år. Nedvekting av sistnemnde gruppe vil også påverka toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester.  Tysnes kommune meiner at oppvekting av innbyggjarar 0-66 år og nedjustering av grupper der det er semje om at desse inneber vesentlege meirkostnader fører til ei alvorleg skeivdeling mellom dei største kommu­nane og dei mindre og mellomstore. Så lenge kommunane er den viktigaste leverandøren av velferdstenester meiner me at departementet her gjennom endringar i økonomiske råmer gjev kommunar vesentleg ulike føresetnader for å løysa sine oppgåver. Når dette slår systematisk ut meiner me at departementet ikkje i stor nok grad har teke høgde for likeverdige tenester i alle delar av landet.  Me vil her særskilt merkja at denne effekten også vil gjelda om fleire små og mellomstore kommunar slår seg saman.

 

Tysnes kommune er positiv til at fordelings- og utjamningsnøklar vert revidert på jamnleg basis.

 

Tysnes kommune ber elles at Borge utvalet sine metodar vert lagt til grunn i utrekning av inn­tektsutjamninga (NOU 2005:18)

                                                                                                             

Regionalpolitiske tilskot:

Tysnes kommune er positive til at departementet legg opp til å vurdera differensiering av små­kommunetilskotet, større del at tilskota skal delast per innbyggjar enn i dag. Me opplever at dagens småkommunetilskot har ei ulogisk innretning. 

 

At småkommunetilskot vert vurdert samla med distriktstilskot for Sør-Noreg vurderer me også som positivt, men meiner at innretninga her må klargjerast meir før det vert teke stilling til det. Det synes i dag uklart korleis innretninga vert, me vil også etterlysa bruk av verknadstabellar der dei talmessige storleikane av ulike moglege val vert avklara.

 

Tysnes kommune meiner at fordelingsnøkkelen for regionalpolitiske tilskot kan knyttast opp til det nye strukturinndelingskriteriet, eller subsidiært distriktsindeksen.

 

Skatt:

Det vert frå departementet varsla ei endring i skatteinntekter ved at kommunane skal få tilbake deler av selskapsskatten i nytt inntektssystem. Tysnes kommune meiner at høyringsframlegget ikkje skildrar opplegget her på ein tilstrekkeleg måte til at me har grunnlag for å uttala oss her.

 

Sluttkommentar:

Tysnes kommune ser at omlegginga av inntektssystemet som er føreslege inneber ei omfor­deling mellom små- og mellomstore kommunar til store kommunar. Me finn det underleg at ikkje også storbytilskotet vert teke opp til vurdering når me ser dei økonomiske effektane av at dei samla endringane i inntektssystemet.  Tysnes kommune vurderer framlegget som eit brot opp mo målsetjing om å utjamne økonomiske føresetnader slik at tilhøva vert lagt til rette for eit likeverdig tenestetilbod over heile landet.  Tysnes kommune meiner at framlegget i for lita grad kompenserer for tilhøve som ligg utanfor kommunen sin kontroll og har von om at dette vert retta opp før departementet presenterer eit heilskapleg forslag til nytt inntektssystem for kommunane i kommuneproposisjonen 2017, med verknad frå 1.1. 2017.

 

Tysnes kommune vil peika på at det er underleg og uheldig at diskusjonen om nytt inntekts­system for kommunane kjem opp parallellt med prosessane rundt Kommunereforma, og vil oppmoda Stortinget om å utsetja saka. Gong på gong dei siste åra har det blitt presisert at Kommunereforma skal tuftast på kommunanes frie vilje. Sidan den nye inntektsmodellen ser ut til å systematisk ta frå dei små og gi til dei store, blir Kommunereforma i paksis ei storstilt tvansssamanslåing av små kommunar som kjem økonomisk uheldig ut i den nye modellen.