Høringssvar fra Hjelmeland kommune

HJELMELAND KOMMUNE - HØYRINGSUTTALE TIL NYTT INNTEKTSSYSTEM

Dato: 01.03.2016

Svartype: Med merknad

 

  • Hjelmeland kommune vil avvisa omlegging av inntektssystem som vert brukt som pressmiddel for å vedta kommunesamanslåingar.

 

 

  • Hjelmeland kommune går imot at det vert sett ein sluttdato for inndelingstilskotet.

 

 

  • Hjelmeland kommune meiner at føreslegne omleggingar fører til sentraliseringseffekt. Då er det lite frivillighet att for mange kommunar i samanslåingsdebatten og med det lite reelt lokaldemokrati.

 

 

  • Hjelmeland kommune meiner kommunar som avstår verdfulle naturressursar til storsamfunnet skal behalde sin del av denne verdiskapinga. Skatte- og avgiftsordningar som i dag vert haldne utafor inntektsutjamninga må framleis haldast utafor.

 

 

  • Det er unaturleg at det ikkje er same skatteinntektsgrensa for regionalpolitiske tilskot over inntektssystemet. Me oppfattar det ikkje som aktuell politikk å senke grensa for utløysing av veksttilskot, og ser det difor som aktuelt og naturleg at skatteinntektsgrensa for distriktstilskotet for Sør-Noreg (inkl. for småkommunetillegget for dei med færre enn 3.200 innbyggjarar) vert heva til 140 %.

 

 

Vedlegg