Høringssvar fra Gulen kommune

Samrøystes vedtak i Gulen kommunestyre, sak 6/16 på møte 25.02.16

Dato: 29.02.2016

Svartype: Med merknad
  1. Gulen kommune meiner kriteria som skal kompensere for meirutgifter ved lange reiseavstander og stort areal er vekta altfor lågt i det nye inntektssystemet.
  2.  Det er viktig at ein søkjer å finne kriterier som synleggjer ekstra kostnader knytt til avstandar og distriktspolitiske utfordringar, men slik framlegget ligg føre no, vil det få for store konsekvensar for Gulen kommune. Gulen kommune er ein av dei mest spreiddbygde kommunane i landet. Vi har ein desentralisert struktur på tenestene, organisert i små einingar. Likevel opplever vi at nokre av skuleborna våre må reise 1 time kvar veg for å komme til skulen. Det vert vanskelegare for kommunar som Gulen å sikre gode og tenlege vegar, offentlege tenestetilbod som oppfyller krav i lov og føresegner i rimeleg nærleik og likeverdig tilgang på basistenester elles med mindre tilgang på økonomiske ressursar. 
  3. At tilgang på ressursar til eit likeverdig barnehagetilbod over heile landet skal fremjast gjennom å fordele ressursar utifrå utdanningsnivået i kommunen er framleis vanskeleg å forstå. 
  4. Gulen kommune er nøgd med at det nye inntektssystemet skil mellom frivillig og ufrivillig «liten» gjennom det nye strukturkriteriet, og at det er ein viss forståing for at det er ein «startkostnad» for ein kommune i høve til å ha ein bemanning, administrative system, IKT-system, folkevalde styringsfunksjonar og anna som sikrar at kommunen greier å fylle rolla som del av det offentlege systemet i landet. Som ufrivillig «liten» opplever vi likevel at vi vert straffa ved at kostnadsnøklar som sone og nabo vert vekta ned.
  5. Uavhengig av kva kommunar som slår seg saman, inneber det nye inntektssystemet ei massiv omfordeling frå distrikta, til sentrale strok, i hovudsak hovudstadsområdet. Dette er ei utvikling vi er svært kritiske til.

 

Vedlegg